Dag og Tid nr. 2, 13. januar 2000
Helgheim:
Menneskeleg svikt
Då 21 menneske omkom i ei eksplosjonsulukke i Kings Bay-gruvene på Svalbard i 1962 måtte regjeringa Gerhardsen gå året etter. Tunga på vektskåla var SF-representantane Asbjørn Holm og Finn Gustavsen, som med å felle Gerhardsen også skapte eit politisk traume andsynes sosialdemokratiet som SF og seinare SV har slite med sidan. Sidan den gongen har regjeringar ikkje blitt kasta på liknande saker. Bratteli vart kasta av folket, Willoch stilte kabinettspørsmål på ei fillesak, Syse gjekk etter smårot i eit burettslag, mens Thorbjørn Jagland gjorde eit lite bondeoffer i Furre-saka, ein skandale Gro Harlem Brundtland kom seg unna ved så genialt å gå av før saka eksploderte. At Stortinget i dag skulle gå inn for å kaste regjeringa på togulukka i Østerdalen, er utenkjeleg.
Kings Bay hadde kosta menneskeliv i 1952 (9) og 53 (19). Drifta vart innstilt, men Arbeidarpartiet gjekk i spissen for å starte opp att. Stortinget vedtok det i 1960, under føresetnad av at dei det var gjennomført naudsynte tryggingstiltak. Tønseth-kommisjonen som vart nedsett etter 62-ulukka viste at så ikkje var tilfelle. Då gjekk industriminister Kjell Holler av, Stortinget vedtok same kveld å utsetje si eiga oppløysing for sommaren, og etter fire dagars ordskifte frå 20. til 24. august 1963 måtte regjeringa Gerhardsen gå, etter at heile nasjonen hadde halde pusten under Finn Gustavsens dramatiske og fellande sluttinnlegg. Som norsk politisk drama er det utan sidestykke i etterkrigstida, og vi som sat klistra til radioen før fjernsynet hadde nådd oss i vest, gløymer det ikkje.
Sidan messa alle Ap-politikarar at regjeringa vart felt på ei arbeidsulukke. Men den statlege gruvedrifta og industrireisinga var på denne tida sosialdemokratiets politiske baby, og Finn Gustavsen - som heldt tidenes stortingsinnlegg denne augustkvelden - var krystallklår i konklusjonen om at den som har makta også må ta det politiske ansvaret.
I dag er Norges Statsbaner alle og ingen sin baby, eit permanent politisk, journalistisk og underhaldningsmessig mobbeobjekt. For tre år sidan vart verksemda omorganisert i NSB BA og Jernbaneverket, med kvar sine ansvarsområde. I tillegg har vi Jernbanetilsynet, og alle tre er underlagt same departement. Om omorganiseringa har vore vellukka forretningsmessig sett, har det svekt det offentlege innsynet. Etter Åstad-ulukka har det blitt avdekt groteske kranglar etatane imellom om ansvaret for å utbetre tryggjingsmanglar av den typen som sende 19 passasjerar i døden. Mens vi ventar på den endelege granskingsrapporten, har Jernbaneverket forsert fram ein eigen hasterapport der ein frikjenner seg sjølv og det tekniske anlegget, og legg skulda på ein lokomotivførar som køyrde mot raudt - ein påstand teknisk ekspertise alt stiller store spørsmål ved. Menneskeleg svikt er enno ein gong det uhyrlege
omgrepet dei ansvarlege for ein systemsvikt dekkjer seg bak.
Eg sluttar meg til alle som seier at det ikkje er tida for å slå politisk mynt på saka, og at verken politikarar eller andre amatørar må prøve å agere ekspertar i jernbanefaget. Men då må vi i alle fall vente på ekspertisen. Menneskeleg svikt er uansett eit grotesk omgrep. Er det ikkje den slags svikt vi skal ha eit system i bakhand til å fange opp, det systemet som så tydeleg ikkje fungerte denne gongen? På oljefeltet i Nordsjøen snakkar dei ikkje om menneskelege svikt, men om systemsvikt og organisasjonssvikt.
Etter slike katastrofar skriv avisene på leiarplass om ulukka som ikkje skulle skje. Nei, det er difor vi kallar dei ulukker, at dei ikkje skal skje. Kynisk rekna kan ein påvise at det døyr fleire på landevegen enn på toget, men det er fleire vegar enn jernbanespor, og to tog på same spor er ein eintydig tilstand vår tids teknologi skulle kunne rå med. Likevel kjem altså ulukker framleis til å skje, og prisen pr. ulukke blir større - og ikkje mindre - når utviklinga og kravet til innteningsevne set stadig større fart på krengetoga. Samstundes har skiljet mellom rike og fattige togruter auka. Om det er noko som har lyst i neonskrift frå første dag, er det at denne ulukka også er rasjonaliseringas blodige pris.
I dette kappløpet blir tesen om menneskeleg svikt meir ubrukeleg og avskyeleg enn nokosinne. Det er med på å pulverisere det system-ansvaret politikarane og direktørane alt har gjort sitt beste for å manøvrere seg bort frå. Og når Jernbaneverket no attpåtil stiller seg tvilande til kravet om nye alarmsystem med at dei ikkje er sikre på om tryggleiken blir større av det, står det berre att å sitere Dusteforbundet og Darwin P. Erlandsens eviggyldige tese: Man kan formode, man kan anta, man kan holde for sannsynlig, men sikker - kan man aldri være.
Roald Helgheim
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|