Dag og Tid nr. 2, 13. januar 2000
Nicaragua
Grått nyttår
President Arnoldo Aleman har rana 50 milliardar kroner frå statskassa, og pønskar på korleis han kan ta valet frå veljarane. For å greia det treng gammalsomozisten støtte frå den revolusjonerte Daniel Ortega. Dei to held og fell saman.
JOHAN BROX
Etter eit nytt annus horribilis nicaraguensis, med flaumkatastrofe, vulkanutbrot, atthaldne bistandpengar, to statsbankar konkurs, grensetvist, masseutvandring - berre for å nemna noko - må me ønskja nicaraguanarane godt nyttår. Men lite tyder på at det er det dei får.
Tvistemålet om territorial-farvatna mellom Nicaragua, Honduras og Colombia har sidan november i fjor trekt den internasjonale merksemda bort frå dei grunnleggjande problema i Nicaragua. Det var vel også meininga. No er det opp til den Internasjonale domstolen i Haag å løysa dette tvistemålet. Dei grimme kvardagsvanskane som nicaraguanarane slit med, må dei ordna opp i sjølve.
I verste fall må folket gjø det korrupte styret til Arnoldo Aleman i endå ein periode. Det avgjer eks-president, eks-revolusjonær og noverande opposisjonsparti-eigar Daniel Ortega.
Til saman kontrollerer Sandinistfronten for nasjonal frigjering (FSLN), og regjeringspartiet PLC 90 prosent av røystene i nasjonalforsamlinga.
Så lenge dei historiske fiendane dreg i lag, kan dei endra grunnlova så sterkt at presidentvalet i år 2001 vil måtta avlysast. Opponentane frå førre presidentval er samde om korleis ikkje mindre enn 17 punkt bør endrast i konstitusjonen. I praksis vil det seia å skriva ei ny grunnlov for landet.
Somoza-metode
Metoden med å lansera ein Constituyente i staden for eit normalt presidentval, blei prøvd ut av diktator Anastasio Somoza i 1971. Ved å la ei grunnlovgjevande forsamling avløysa den valde nasjonalforsamlinga i ein overgangsperiode, kan presidenten bli verande som setjepresident.
I anna fall, det vil seia om det blir val, varslar prognosane alt no at dei stadig meir upopulære frontfigurane Aleman og Ortega blir ribba for politisk makt og mynde. Dermed misser dei òg pengane som på ulikt vis har det med å hamna i hendene på folkevalde nicaraguanarar. Æra har dei to tapt for lenge sidan, meiner stadig fleire.
Med undring og uro ser folk at dei historiske fiendane i somozist- og sandinistpartiet har bunde seg til kvarandre med ein såkalla styringsavtale som maktstel alle andre politiske parti i landet.
Kupp
Eit anna namn på det reformatoriske krumspringet som Aleman lanserer på tampen av regjeringstida si, er statkupp. Går ideen (som Aleman hevdar er hans eigen og ikkje har vore drøfta i eige parti og langt mindre med opposisjonspartiet FSLN) igjennom med to tredels fleirtal i nasjonalforsamlinga, kan ikkje berre valet i 2001 på president, visepresident og nasjonalforsamling suspenderast. Det fyrste, reine lokalvalet i nicaraguansk historie, som etter planen skal haldast i dette året, kan òg bli utsett på uviss tid.
President Aleman forsvarer reformene med at den gjeldande grunnlova har gått ut på dato, og at dei tilrådde endringane gjer landet meir demokratisk. Og, isolert sett, kan han ha rett i det. At den sitjande presidenten likevel ikkje er overtydande i rolla som demokratibyggjar, heng saman med tidlegare merittar:
Kleptokratiet
Då riksrevisor Agustín Jarquín Anaya byrja gå presidenten etter i saumane i kjølvatet av ein serie godt grunngjevne skuldingar om korrupsjon, var det riksrevisoren som hamna i fengsel. Det var dropen som fekk det til å flyta over for vestlege bistandgjevarar, med Sveits i spissen, men Noreg, Sverige og andre hengde seg på. At riksrevisoren i Nicaragua sat bak lås og slå, svekte ikkje mistanken om at presidenten og venene hans hadde hendene djupt ned i honningkrukka. Tvert om.
Resten av utviklings- og naudhjelpa, som ikkje minst blei raust lova etter Mitch-herjingane i Mellom-Amerika, er halden attende frå Nicaragua. Og det merkjest, ikkje minst av den akademiske eliten i landet, som stort sett berre beitar på bistand.
Om ikkje det er nok, har gjevarlanda òg markert mistillit med å utelata Nicaragua frå lista Høgt forgjelda fattige land (HIPS), som kunne gjort det aktuelt å sletta opptil 80 prosent av utanlandsgjelda. Etter folketalet har Nicaragua meir av det slaget enn dei fleste land i verda - svimlande 6,5 milliardar dollar, eller kring 50 milliardar kroner, er Nicaragua skuldig.
Til all lukke er dei fleste nicaraguanarar sysselsette i uformell sektor, med ymse tuskhandling, smugling, barnearbeid og naturalhushald, attåt sesongarbeidet i Costa Rica. Dei er vande med å leva og døy med lite.
Utviste legar
Truleg var det difor eit større slag mot nicaraguanske fattigfolk at dei siste, cubanske legebrigadane blei utviste. Cubanarane, mellom dei mange medisinske spesialistar, arbeidde i dei hardast råka og mest utilgjengelege delane av landet - utan at det kosta pasientane eller Nicaragua ein dollar.
Men dei cubanske legane kunne ha blitt dyre for presidenten personleg. Eit rykte fortel at velståande eksilcubanarar i Miami, som i alle år har samarbeidd med Somoza, Contras og den til kvar tid sitjande presidenten i USA i kampen mot verdskommunismen, truga med å trekka den økonomiske støtta til Aleman-regimet, om cubanarane fekk lov å bli. Så no har cubanarane reist - til katastrofeområda i Venezuela. Medan fattige nicaraguanarar langs Río Coco og Río San Juan døyr av mangel på elementær legehjelp, eser presidenten og kontoane hans ut.
Helseminister i Nicaragua, Sandra McCoy, forsikrar rett nok om at dei cubanske legane vil erstattast med nicaraguanske. Men alle veit at dei få legane som er i Nicaragua, er for fisefine til å gje seg ut i øydemarka. Helseministeren baud dei 600 dollar i månaden, men ingen har skrive seg på lista, kunne dr. Alvaro Ramíres fortelja avisa El Nuevo Diario før helga.
Barrikadert
Kva har dei tidlegare revolusjonsheltane å seia til forsvar for styringsavtalen med ein slik mann? Ingenting. Dei kjem rett og slett ikkje lenger til orde. Dag og Tid fann ikkje avisa Barricada på nettet. Før 1991 var Barricada talerøyret til sandinistane, og rakk nett å bli ei kvalitetsavis som også sette sine eigne på plass, før Daniel Ortega og Tomas Borge i 1993 tok redigeringa i eigne hender. Det einaste som ligg att etter Barricada på nettet no, er ei melding frå i fjor om at avisa er konkurs. Og denne veka miste dei siste ortodokse sandinistane òg kontrollen med Radio Ya, og dermed si aller siste røyst i ålmenta. Det hende midt under landsmøtet i partiet. Blir det val under slike omstende, er det over og ut for FSLN.
Lys i mørkret
Lyspunktet i eit elles grått nyttår for Nicaragua er at alle dei små partia som ved siste val fall mellom stolane til ortegistane og alemennene, har vore nøydde til å snakka saman. Ikkje berre det: Førre veke blei dei samde om å slå seg saman til eit pytt-i-panne-parti for demokratar, uavhengige liberalistar, konservative, kristne samlingspartistar, nasjonalprosjektistar og utbrytarane frå den gamle sandinistpartiet under namnet Nye Nicaragua. Dei ønskjer å føra landet inn på den tredje vegen, som dei meiner må gå ein stad mellom Ortega og Aleman, mellom Sandino og Zomoza.
Fyrste oppgåva for Nye Nicaragua er å sjå til at grunnlovsendringane som PLC og FSLN har blitt samde om på kammerset, blir prøvde i ei folkerøysting. Vallovene i landet seier at styresmaktene må etterkoma kravet om folkerøysting dersom det får 50.000 godkjende underskrifter.
Innsamlinga tok til måndag i denne veka, og den første som sette seg på lista, var Violeta Barrios de Chamorro, den moderlege overgangspresidenten som uventa slo knock out på Daniel Ortega ved valet i 1990. Med hennar støtte står utfordraralliansen sterkt. Ikkje av di ho gjekk inn i historia som nokon lysande politisk tenkjar, snarare tvert om. Men kan hende nettopp difor. Politikarar har Nicaragua hatt meir enn nok av. |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|