Dag og Tid nr. 2, 13. januar 2000
Leiar:
Politistas med Stasi
Røyndommen er ikkje lenger så grei for Politiets overvakingsteneste (POT). Dei gamle, gode fiendane, kommunist-regima i Austblokka, er borte, og det er lenge sia den norske venstresida har vore det ho ein gong var. Den politiske utviklinga har rett og slett tynna kraftig ut blant dei suspekte individa som var interessante for dei ivrige overvakarane. Men det verkar ikkje som om det har gått så hardt ut over iveren, for POT arbeider stødig vidare i kampen for det norske demokratiet, mot dei som undergrev det. Og når ein ikkje finn fiendane i dagens samfunn, må ein leite etter dei i fortida.
Lanze heiter den store skurken som POT prøver å fange i nettet sitt i desse dagar - ei jakt som er utløyst av ei enda større spionjakt i Danmark. Og for POT speler det inga rolle at den staten som Lanze skulle ha spionert for, ettertrykkeleg vart ført ut av samtida og inn i historia for ti år sia.
Og da kan ein vel spørja kva vitsen er? Heile spionjakta botnar i at to tyske telefonteknikarar julaftan i 1997 (ja, slik står det i avisene) greidde å knekkje koden i magnetband som visstnok skal innehalde opplysningar om tusenvis av Stasi-agentar. Minst sju nordmenn skal ha tent makthavarane i Aust-Tyskland fram til det aust-tyske regimet braut saman i 1989, og Lanze skal ha vore den viktigaste av desse agentane.
Elles kan Aftenposten informere oss om at Lanze truleg har vore knytt til Utanriksdepartementet eller Statsministerens kontor; mens Verdens Gang med like sikre kjelder fortel oss at agenten truleg dekte seg bak fasaden som journalist, og at rapportane hans frå viktige møte i Nato ikkje berre vart sende heim til redaksjonen. Dei vart også leverte til Stasi-offiseren hans i Normannenstrasse i Berlin.
Tor Hallingstad, kontraspionsjef i Overvakingspolitiet, leier etterforskinga av Lanze. Han har gøymt etterforskarane under tjukke teppe og vil ikkje seia noko til nokon. Og det hastar for POT, for om kort tid er desse spionsakene forelda. Truleg føler POT sjølv at dei treng ei god spionsak for å legitimere verksemda si etter det ti-året da dei mista det meste av det som fanst av ære og respekt.
Men kvifor må dei grava seg ned i fortida og saker som ikkje har noko som helst å seia for den politiske røyndommen i dag? Har dei ikkje viktigare ting å drive på med, kan dei i grunnen berre la vera å drive på.
Audun Skjervøy |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|