Dag og Tid nr. 2, 13. januar 2000

Klok på bok 449:
Klok på leiting
Denne gongen har me fått så uhorveleg mange svar at ho Paula på posta har vore innom nokre kveldar for å assistera med lesinga. Det er no triveleg at ho kjem innom. Alle tre, altså Paula, Barabass og eg har falle for eit svar som kom denne veka.
“Jeg har, tro det eller ei, løst nok en oppgave! Selv om oppgave nr 447 ikke var av de verste, lar jeg likevel lykkerusen stjele flere minutter av min kostbare tid på lesesalen. Alle tanker om Vekttall, Studieprogresjon og Statens Ågerkasse for Utarming forlater for en tid mitt hode til fordel for mantraet 'Fattig ynskje' - Tor Johnsson - 'Ei dagbok for mitt hjarte' - 1951 - 'Fattig ynskje' - Tor Johnsson - osv osv.  Men nå er jeg meg selv igjen. Dessverre. Stå på, og gi a'Paula en klem!”

Det er Jon-Arild Johansen i Trondheim som skriv dette, og me kan ikkje anna enn å senda premien til han.

Denne oppgåva løyste dei kloke i romjula. Barabass og eg ville ikkje at de skulle verta overarbeidde. Me lyt ta vanskelegare oppgåver no på nyåret, seier Barabass.

Elen Maria Todal tykte det var snilt av oss å vera så “julemilde”.

“Det er gildt å få sleppa inn i det gode selskap ein gong i blant,”
skriv Bergljot Selvåg i Stavanger som visste svaret. “Etter å ha lese den gode biografien som kom i haust, forstår eg i grunnen godt at han ikkje fann den kjærleiken han lengta etter. Til det må han ha vore for sjølvsentrert og bitter,” legg ho til.

Ein annan som har lese biografien om Tor Jonsson er Inge Staldvik. Han siterer: “Ingar Sletten Kolloen avsluttar biografien om Tor Jonsson slik: 'To dikt fortel meir enn alle andre om kvifor det gjekk som det gjekk med sonen til legdungen, slusken, jorddrøymaren og den til slutt bortdrivne Johannes Johnsen. Det eine diktet, 'Eg åtte ikkje kjærleik', handlar om hatet og kva det gjorde med han. Det andre diktet, 'Fattig ynskje', handlar om kjærleikskrafta, og er den naturlege utgangen i denne boka om Tor Jonsson.' Kanskje er diktet òg den naturlege utgangen for 1999...?” spør Inge Staldvik.

Olav Molven sender løysinga denne veka på eit kort frå Rørvik. “Sender løysinga på veg mot Kirkenes via nyttårsfeiring ombord i 'Richard With'.” Er det mogleg at å vera på sjøen gjer ein ekstra klok på bok, spør Barabass.

“'Var eg ein Gud...'. DEN var enkel! Som gudbrandsdøl nesten latterleg enkelt. Men eg er likevel ikkje overtydd om at diktet nøkternt sett er verkeleg godt. Det uttrykkjer eit naivt håp, men opnar ingen himmel. Berre tilsynelatande er det eit vakkert dikt. Når ein kjenner livslagnaden til Tor Jonsson og hans praksis med omsyn til kjærleik og død, blir det også eit dikt som det er vanskeleg å forhalde seg ope til. Eg følgjer godt med i spalta, sjølv om ho etter kvart har vorte vel intern,” skriv Geir Beitrusten på Lillehammer.

Dette lyt me ta inn over oss, seier Barabass. Paula fekk eit bekymra uttrykk i andletet då ho las dette.

Jon Aasen i Steinkjer er òg blant dei som visste råd denne veka. Han skriv: “Som meisla i stein står det og talar til oss”.

Margrethe Leine i Holmestrand tykte som mange andre at oppgåva var lett. “Med hovudet såvidt over dynesnippen etter juleinfluensaen les eg: Tor Jonsson! Dette må då alle kjenne att, tenkjer eg, som for første gong sender inn svar på 'Klok på bok'.” Leine har òg lese biografien og held fram: “Dale-Oskar og Barabass: Dersom ikkje boka var under treet den store kvelden med Paula, så skund dykk og skaff biografien, slik i tilfelle det skulle bli nokre ledige stunder framover. Eg håpar elles at julekvelden var fin!”

Ja, finare julekveld har eg aldri hatt, seier ho Paula at me skal skriva.

“Eg mistenkjer Dale-Oskar og Barabass for meir å ha leita etter eit dikt som kan stå som eit ønskje for det neste året, enn å tenkje på at det skulle vere lett,”
skriv Arne Apold i Bergen. Dei kloke er så mange denne veka at det er langt frå plass til alle namna. Men her er nokre: Nanna Liset i Bruvik, Brynhild Utne i Bergen, Målfrid Nordvik i Kvammen, Tore Aschim i Askim, Odd Engløk i Svelvik, Målfrid Slettan i Søgne, Sigmund Aldra i Sandnessjøen, Målfrid Utne på Lofthus, Jorunn Valdresbråten på Jessheim, Eva på Suldal folkebibliotek, Randi Sortland i Florø....

Klok på bok 449

Du så et stjerneskudd falle
Og de voksne sa:
Det falt ned i haven!
Og du lette og lette

Men din sjels stjerneskudd
av angst og dyp
faller i nattens have
der ingen leter etter det

Kva heiter diktsamlinga og kva heiter forfattaren? Tips: billettluke på kino, Edith Södergran ein forgjengar, Nelly Sachs ein medlidar. Veit du svaret, sender du det til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 19. januar. Lukke til!
Dale-Oskar og Barabass

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |