Dag og Tid nr. 49, 9. desember 1999

Robert Bly:
Gleda ved å vera åleine

I Morgondikt får lesaren møte ein aldrande Robert Bly. Dei nye dikta viser at den amerikanske diktaren har vorte personleg på ein måte som gjev uttrykket hans ny kraft; det alvorlege og det humoristiske har fått spelerom på ein høgst vellukka måte.

Endeleg ligg nye dikt av Bly føre i norsk omsetjing, for første gong sidan 1972. La det aller først vere sagt at det er altfor lenge sidan: Bly er ein av dei sentrale amerikanske etterkrigspoetane. Helge Torvund har i samlinga Morgondikt (Samlaget) hovudsakleg gripe tak i diktaren sin produksjon frå nittitalet. Det vil seie dikt frå bøkene Meditations on the Insatiable Soul og Morning Poems, samt prosadikt i utval frå samlinga What Have I Ever Lost by Dying.

Å styre unna antologi-løysinga som skal omfatte eit heilt forfattarskap, og å konsentrere seg om dei siste åra har vore eit heldig val. For det er ein spennande og vital Bly vi møter i desse dikta.

Som Torvund påpeikar i det fine og innsiktsfulle etterordet, er nittitalspoesien til Bly prega av ei meir personleg stemme enn tidlegare, “eit meir tydeleg eg”. Det gjer seg utslag på ulike vis. Einsemda som har vore så synleg i heile forfattarskapen får nye tydingar, og vi ser liner frå den tidlege diktinga til den nyare. Bly si tilbaketrekking slik vi ser ho i dei tidlege dikta, ber preg av flukt, diktaren søkjer bort frå noko. I dei nye dikta er det tydeleg at denne tilbaketrekkinga kan vere ei positiv rørsle, og inga flukt. I einsemda har diktaren funne ei kjelde til kraft og sjølvinnsikt.

Ut av stova, til markene

Om vi oppheld oss for lenge i einsemd i tjueåra, er vi i fare, har Bly sagt. Han tenkte då på ein isolasjon som gjer avstanden til det menneskelege i oss sjølve og til andre menneske større. Silence in The Snowy Fields (1962), den første diktsamlinga han fekk publisert, er prega av einsemd, og det er lite å finne om mellommenneskelege forhold. I eit av dei seinare dikta sine skriv Bly om korleis det er å lese dei tidlege dikta alle desse åra etterpå: eit av orda han saknar i dikta er “du”. I ei livleg opplesing som er tilgjengeleg på kassetten An Evening With Robert Bly, fortel Bly om farens alkoholisme:

- Det er som å ha ein elefant i stova utan at nokon kommenterer det, seier han mellom to dikt.

Einsemda og tilbaketrekkinga resulterte i eit sakn etter menneskeleg kontakt, men kontakt med noko anna oppstod.

- Eg måtte ut av huset frå far min, som berre drakk, har Bly fortalt, - og hadde det ikkje vore for dette, ville eg ikkje ha kome meg ut på markene, der eg fann gjæsene.

“Ein tredje plass”

Kva var det Bly fann i møtet med gjæsene ute på markene? Det har diktaren sett ord på tallause gongar i intervju og essay:

- Vi kan i einskilde stunder, særleg i einsame stunder, falle inn i djupna i vårt eige sinn, og i denne augneblinken kan vi finne oss sjølve igjen i eit tre eller i ein åskam, som når drøymaren reiser til ein stad langt borte og finn at han kjem nærare sjela si snarare enn lenger bort frå ho. Då vaknar ein med ei søt kjensle av venskap frå andre verder, har han forklart.

Det vanskelege forholdet med faren er ikkje omtala i den første diktsamlinga, men ein anar det i dikta like fullt. Bly gjekk ut i vinterlandskapet og søkte einsemda, og gjorde ho til tema i dikta sine. Såleis er fråværet av faren tydeleg i dei tidlege dikta. Samstundes kjenner lesaren eit nærvær av noko anna, noko uutgrundeleg som er større enn mennesket. Dette nærværet gjer det mogleg å kome i kontakt med noko nytt i seg sjølv:

Det finst ei einsemd som svart søle!
Eg sit i mørkret og syng,
eg veit ikkje om denne gleda
kjem frå kroppen, eller sjela eller ein tredje plass.
(Frå “Sitting Alone” (1973), sitert frå Torvunds etterord i Morgondikt)

I Bly si nittitalsdikting merkar vi at denne kjelda til kraft og undring som Bly søkte i si tidlege skriving, er noko den aldrande diktaren kan finne att gong etter gong:

Eg går berrføtt om lag ein tomme over marka, og kjenner ein lengt etter å leggja meg på kne, setja knea ned mot jorda. Noko i meg flyg ut over vatnet som bitar av eit lyn, eller ei stråle broten opp i glødande punkt.
(Frå “Morgon ved innsjøen”)

Einsemda er no noko diktaren oppsøkjer, ikkje noko han vert kasta ut i. Og det er altså denne einsemda som har gjeve diktaren kraft til å gå inn i huset att, frå markene, og setje seg ved faren etter alle desse åra, noko som resulterer i eit av Bly sine sterkaste dikt:

- Alt
eg veit om trubadurane
har eg med til denne senga.
Eg vil ikkje
og treng ikkje skjemmast
av han lenger.
(Frå “Far, fem og åtti år”)

Noko oppstod i einsemda Bly oppsøkte i sine unge år, og seinare i livet har poeten kraft til å konfrontere det han flykta frå. Torvunds nye omsetjingar gjer desse samanhengane tydelege, for her er det rom for ein brei presentasjon av Bly slik han diktar i dag.

Einsemda opnar dører

Kontakten med naturen og alt det som lever rundt den menneskelege sivilisasjonen, opna dører for Bly, som menneske så vel som poet. Isolasjonen i unge år gjorde Bly til ein alvorstung ung mann, og om stemningane i Morgondikt er ulike dei frå den tidlege diktinga, er ikkje dette minst synleg i ei rekkje humoristiske dikt han har skrive dei siste åra, som er lette og lite sjølvhøgtidelege i tonen. Fleire dikt har fått form som “samtalar”, og mellom desse finn ein ikkje berre ein samtale med sjela - han har pågått gjennom heile forfattarskapet - men òg eit underfundig lite dikt som gjev oss poetens samtale med ei søvnig mus. Dette kjem side om side med ærleg og direkte poesi der ingen kan sakne at diktet vender seg til andre menneske; eit “du” er sterkt til stades. Bly skriv ikkje berre om far sin, men og til kona si, i eit dikt fullt av respekt for styrken av årgammal kjærleik. Einsemda har gjennom eit langt diktarliv gjort det mogleg for Bly å konfrontere det mellommenneskelege skarpt og tydeleg i den seinare forfattarskapen. Og som lesarar kan vi glede oss over denne utviklinga som er så synleg i Morgondikt.

Einsemd, men ikkje apati

Tyder så denne gleda over einsemd at Bly trekkjer seg tilbake frå menneska, at han samlar krefter til diktinga si utanfor all menneskeleg aktivitet? Torvund, som var ute og kommenterte den norske krigsdeltakinga i media tidlegare i år, har signert etterordet “Ogna, krigsvåren 1999”.

Her heime fekk debatten om diktaren og samfunnet eit lite oppbluss i vår oversiktlege norske litterære offentlegheit, og romanforfattarar krangla i Aftenposten og andre stader om si rolle som stemmeberande instans. Skal diktaren delta i det politiske liv?

I Morgondikt er mange av dikta lune. Så var også dikta som er henta frå Morning Poems skrivne om morgonen, i senga med kaffikoppen like ved, og skildrar trygt den aldrande poetens heimlege rom, eit rom for refleksjonar. Ofte er dikta små episodar, tankerekkjer, betraktningar av poetisk eller personleg art. Bly vert ikkje privat, den balansegangen meistrar han. Hovudinntrykket er at diktaren har funne ei djup ro, og at han kan nærme seg lengslar han har møtt i livet på ein ny måte i diktinga si. Dei krasse, politiske dikta ser vi lite til her.

I eit stykke om Bly i Bokklubbens Lyrikkmagasin skriv Torvund om mottakinga av Blys andre diktsamling, The Light Around the Body, som var svært politisk, og ein kontrast til den meditative tilbaketrekte debutboka: “Det var (...) problematisk og overraskande for dei meir konservativt orienterte kritikarane som såg på livet som oppdelt i ulike sfærar; religiøse, politiske og estetiske, som ein ikkje skulle blande saman (...) Dei opplevde det som om Bly med desse dikta svikta dei politiske ideala dei såg i Silence.” For Bly var det ikkje slik. Hans diktariske univers omfattar all mogleg menneskeleg verksemd”. Trass i vektlegginga av einsemda som kreativt stimulerande ville ei tilbaketrekking som resulterte i apati for Bly, vere å gå mot det han står for: Dikta skal handle om det menneskelege. Då Bly i 1968 fekk The National Book Award for poesi, retta han kritikk mot komiteen, universiteta og bokbransjen for manglande engasjement i forhold til Vietnamkrigen i takketalen, og oppmoda til sivil ulydigheit.

- Om eit land er utan ære, kvar hentar det æra si frå når det ærer poetar? spurde han.

- Når vi drep ein kultur i Vietnam vel så fin som vår eigen, har vi rett til å gratulere oss sjølve for kulturelle utmerkingar? Bly gav sjekken sin til motstandsrørsla mot Vietnamkrigen, og oppmoda unge menn til å halde seg langt borte frå den amerikanske hæren.

Meir enn morgondikt

Dette berre til opplysning for dei som saknar skarpe kantar og det krasse mellom alt det personlege og lune i Morgondikt. Etterordet i boka minner oss om at vi les dikta av ein aldrande Bly. Slik vert lesaren oppmoda til å lese meir utan å få alt mellom to permar med det same. Det fortener Bly. Han diktar like mykje om menneska som om einsemda. At han i dei seinare åra har skrive om mannsrolla med mytopoetisk vinkling, at han engasjerer seg og uttaler seg om krigsspørsmål, og at ord som “regjering” finn veg inn i dikt, saman med “skodde”, “gras”, “sjel” og “mus”, vitnar om ein diktar som skriv om alt som vedkjem det å vere menneske.

Kritikken hans av humanismens overfokusering på tanken - at Descartes fekk menneska til å tenkje om naturen som omgav dei at “dei tenkjer ikkje, altså er dei ikkje” - vitnar også om eit ønske om at mennesket skal vere audmjukt i forhold til sin eigen plass i verda.

Bly formulerer i dag ei sjeldan poetisk kraft frå diktarstova si. Det er jamn og høg kvalitet over dikta, og handverket vitnar om livslang erfaring med dikting. At det umiddelbare har ei slik kraft i dei nye dikta, viser ikkje minst at Bly veit å la kvardagsbileta sine angå lesaren, ikkje så ulikt vår eigen Olav H. Hauge.

Bly på nynorsk

Bly har vore i Noreg mange gonger, mellom anna i eitt år på femtitalet der han lærte norsk og omsette Hamsun. Han var ein god ven av nett Olav H. Hauge, og dei to har omsett kvarandre si dikting. Bly sine forfedrar var norske, frå Bleie i Hardanger. Då dei utvandra til USA, tvinga innvandringsoffiserane på Ellis Island dei til å amerikanisere namnet. “Du kan ikkje krangle med den slags folk”, sa Bly i NRK sitt portrettprogram.

Bly har vore svært medviten det norske opphavet sitt. Og det er som om Bly på eit eller anna vis eignar seg for det nynorske uttrykket, noko Torvund sine nye gjendiktingar også viser. Så har også Bly (som Torvund seier i etterordet) ei kjensle av at det er noko norsk over dikta om faren, noko som kunne skuldast at faren var svært “norsk”. Kanskje er det nærværet av naturen, av krefter større enn oss sjølve, i den nynorske poesien slik vi kjenner han som gjer at vi merkar at dette stemmer? Tenk på våre eigne: Kristofer Uppdal, Olav Nygard, eller Hauge - sjå berre på desse linene frå Bly sitt dikt til han:

Han har levd heile sitt liv på tre hektar
med epletre, hogge ved, vore på
galehuset, kasta tallerkenar i veggen,
omsett, pakka eple, skrive dikt.
(Frå “Vitjing hjå den åttifem år gamle poeten”)

Slike klangbotnar og naturbilete finn vi i Bly sin poesi, og det verkar ikkje framandt å lese han i nynorsk språkdrakt. Snarare tvert om.

Med Morgondikt har norske lesarar som ikkje måtte kjenne Bly, eit godt høve til å verte kjende med ein stor amerikansk poet, ikkje berre gjennom Helge Torvund sine fine omsetjingar, men òg gjennom det grundige og interessante etterordet, der Torvund trekkjer trådar gjennom eit langt og rikt diktarliv, som illustrerer at lesaren er tent med å lese meir enn den aldrande Robert Bly. Og dei nye dikta viser at vi har meir godt i vente.
Øyvind Vågnes

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |