Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999
Leiar:
Fanga i netta
Kanskje får vi ein gong veta kva som stod sentralt da president Bill Clinton og statsminister Kjell Magne Bondevik møttest for samtalar på toppen av høghuset i regjeringskvartalet sist måndag. Dekninga i riksavisene er diverre ikkje til å bli så veldig klok av, der dei druknar referata sine i meiningslause skildringar av ein president i for trong dress, nervøse statsministrar og kvinner som er sjarmerte trill rundt av den polerte presidenten frå USA.
Truleg har Kjell Magne Bondevik i varsame og diffuse ordelag lagt fram eit slags norsk syn på korleis USA praktiserer dødsstraffa. Kanskje prata dei om Midtausten. Det er heller ikkje usannsynleg at Bill Clinton, sånn i forbifarten, nemnde det norske kjøpet av nye jagarfly, der milliarkontrakten står mellom amerikanske og europeiske leverandørar. Truleg vart også Kosovo-krigen nemnd.
Og det er her paradokset ligg: Statsminister Kjell Magne Bondevik, som i sin politiske karriere ikkje har vore ein framståande fredsfremjar i si tilnærming til Midtausten, møter president Bill Clinton, leiaren for eit land som opp gjennom åra har sytt for meir krig enn fred i Midtausten; ein leiar med ei makt som mellom anna kviler på ein pengesterk og mektig jødisk lobby.
Enda meir paradoksalt blir det når møtet blir halde rett etter ein massiv luftkrig som vart sett i verk for å hindre etnisk reinsing i Kosovo. I tiår etter tiår har Israel, med solid støtte frå Vesten, og med avanserte amerikanske våpen, kunna drive si etniske reinsing i Israel. Det har aldri vore snakk om å få Nato-fly på vengene for å hjelpe godt over ein million palestinske flyktningar heim. Eller heim? Mange av heimane er for lengst sprengde i lufta av Israel og erstatta av israelske busetjingar. Israel har fått herje med stillteiande aksept frå Vesten.
Både Bill Clinton og Kjell Magne Bondevik meiner at det okkuperte Jerusalem bør bli hovudstad i Israel, melder Aftenposten etter at presidenten og statsministeren har møttest. Dei er diverre framleis godt fanga i dei religiøse og maktpolitiske netta som er spunne for å hindre ei rettvis løysing av midtaustenkonflikten.
Bondeviks meiningslause bibelske ballast og Clintons trådar til den mektige jødiske lobbyen let oss forstå at palestinarane må lide mykje enno, sjølv om presidenten i USA let fotografane ta bilete av seg saman med presidenten for palestinarane.
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|