Dag og Tid nr. 44, 4. november 1999

Bøker:
Spørsmål om tid
Anders Johansen har skrive ei særeigen og personleg bok om kva det vil seie å vere eit menneske i tida.

Anders Johansen:
Særoppgave, livssyn
Spartacus

På omslaget av Særoppgave, livssyn finn vi eit kart over eit av dei meir ugjestmilde stroka på jorda, Antarktis, der høgda kalla Mygehenget ligg. På baksida finn vi eit bilete av ein av tre brør som var med i ei kommunistisk motstandsgruppe under krigen. To av brørne vart drepne, medan den tredje vart redda av freden to dagar før han skulle avrettast. Dei tre Myge-brørne er det som har gitt namn til ei høgd i den norske delen av Antarktis. Tolv år gamle Aksel Johansen skal skrive ei særoppgåve i faget livssyn om desse brørne til mormora.

Far til Aksel, Anders, hjelper sonen med å skaffe informasjon, men utbytet vert ikkje stort på biblioteket. Når han spør seg for i slekta, får han heller ikkje mange svar. Kvifor er det så vanskeleg å få folk i tale? Johansen spør svigermora om kva den eine av brørne hennar hadde gjort under krigen:

“- Ja, hvorfor ble han tatt? Hva hadde han gjort?

- Hadde gjort? Han hadde vel ikke gjort noe!”.

Kvifor vil ikkje svigermora fortelje om det vi tykkjer er heltedådar?

Fortid og språk

Særoppgave, livssyn spring ut av leitinga etter historiene til brørne Myge, og om korleis dei kommunistiske motstandsfolka og familiane deira opplevde åra under og etter krigen. Desse historiene følgjer oss gjennom heile boka.

Spørsmålet om kvifor svigermora ikkje vil fortelje, vert til spørsmål om korleis dei det gjaldt, opplevde at deira krigsinnsats vart oppfatta som svik, av di dei gjorde han i den kommunistiske motstandsrørsla, spørsmål om korleis den kalde krigen gjorde dei jamgode med nazistane, om korleis dei vart tause. Det vert til spørsmål om forholdet til fortida, menneska i fortida og andre menneske, spørsmål om samanheng. Forfattaren vil forstå dette, og han vil gjere det til språk. Det er eit problematisk prosjekt. Han spør kona:

“- Tror du at jeg tar noe fra dem når jeg prøver å gjøre det leselig?”

Kona svarar:

“- Er det litteratur det skal bli? Du kunne bare våge!”

Nett det å skulle forstå og formidle andre menneske sine djupt personlege opplevingar, gjere dei til ei bok, er eit prosjekt nokon og kvar kan bryta nakken på. Det som vert fortald, er mange stader gripande. Men det kan verta eit problem i eit slikt prosjekt, om det først og fremst pirrar dei kikkardriftene våre som vekepressa profitterer på.

Tid, tale og togn

Særoppgave, livssyn er ei svært mangfaldig bok, ho inneheld ei mengd historier og refleksjonar som ikkje let seg sette på ein enkel formel. Eg vil likevel samanfatte ei viktig side av boka i spørsmålet om kva det inneber å vere eit menneske i tida, eit menneske som står i forhold til andres og eiga fortid. Korleis er ein sjølv i historia, i desse samanhengane som bind oss til andre, og korleis grip ein dei? Dette vert òg eit spørsmål om språk, tale eller skrift: “Virkeligheten henger i samtalens tynne tråd”, skriv Johansen mellom anna. Å stå i desse samanhengane inneber ansvar: Ein kan tale eller teie, ein kan forstå andre på så mange vis, og kva ein gjer, er ikkje utan konsekvensar. Slik vert boka òg historia om korleis ho vart til.

Desse spørsmåla spring ut av eit konkret forsøk på å finne ut av fortida (og notida). Dei spring ut av historiene og menneska som forfattaren møter i forsøket på å finne svar. Om dei skulle rivast laus frå den samanhengen som gjorde dei naudsynte, ville dei ikkje lenger vere dei same.

Forfattaren skriv at han meiner fortida er ei bør som vi må kaste av for å leve fullt ut. Vi må hugse ho for å kunne sette det som fanst der tilbake på plass “som overstått og som uaktuelt”. Men han kjenner trong til å hevde det motsette òg: “Tilværelsen er så sammensatt, synes jeg, at jeg ikke kan forestille meg hvordan det går an å begripe den uten å motsi seg selv.”

Forankringa i historiene til menneska vi møter, gjer at det vert mogeleg å forstå ei slik konflikt. At dette er ei etter mi meining svært vellukka bok, heng saman med at forfattaren har klart å løyse problemet som denne personlege tilnærminga inneber.

Ein samtale i bokform

Vi får lese delar av Aksels særoppgåve, som i eit ukunstla språk fortel om kva som hende dei tre Myge-brørne, vi får referat frå samtalar far hans har hatt med forskjellige menneske, noko direkte gjengitt, noko fletta inn i tankane han gjer seg om desse samtalane. Vi får ta del i Anders Johansens refleksjonar utanfor samtalesituasjonen, og jamvel i korrespondanse med to forleggjarar. Denne mosaikken av historiske fakta, refleksjonar og samtalar gjer at samtalepartnarane sjølve kjem til orde. Dei engasjerer oss ikkje berre kjenslemessig som ferdig tolka bilete, og dei vert heller ikkje til eksempel på meir allmenne tesar, dei har noko å seie. Såleis vert den personlege tilnærminga ein stor styrke.

“Jeg skriver for å komme ordentlig inn i en samtalesammenheng, jeg skriver for å lære meg å høre etter”, skriv Johansen i eit brev til andre forleggjaren sin, og er ikkje sikker på om det vert noka bok. Forfattaren sitt prosjekt er ikkje lenger å forstå og formidle, ikkje i tydinga å gjere til ei tankerekke som kan overleverast. “Jeg er ikke så opptatt av hva det skal bli til med dette manuskriptet som av hvor samtalen vil ende. Kanskje er det mindre viktig at den ender noe sted enn at jeg klarer å holde den ved like.”

Denne samtalen som lesaren får ta del i, spenner ut eit felt der lesaren sjølv lyt delta. Eit felt som gjer det mogleg å gjera refleksjonane og tankane i boka til eigen refleksjon og tanke, om ein tek seg tid til å lytte.

Erlend Ra

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |