Dag og Tid nr. 40, 7. oktober 1999
Roald Helgheim:
Norge i svart, kvitt og brunt
Vi er stolte over å bu i Norge, spørsmålet er: Er Norge stolt av oss? Det spør Kadafi Zaman i boka Norge i svart, hvitt og brunt (Forum/Aschehoug) som kom ut på den tida valkampen starta i sommar. Zaman er fødd i Drammen for 25 år sidan, som barn av den første generasjonen innvandrarar som kom hit då landet låg vidope for billeg, god arbeidskraft på syttitalet. Men Kadafi Zaman kallar seg ikkje andre generasjon innvandrar. Han er førstegenerasjons-nordmann.
Han vart kumulert opp frå 54. til fast 16. plass og valt inn i bystyret i Lier for Arbeidarpartiet, og har vore utsending til partiets landsmøte. Då boka kom, fekk han mest omtale for kritikken av sitt eige parti. Det var bra av Jagland å peike ut Frp som hovudmotstandar i valkampen, men Jagland må først sikte kanonane på Youngstorget inn mot eigne rekkjer, skriv Zaman. Det er det manglande oppgjeret i partiet som gjer Ap usikkert i åtaka på Hagen, for dersom dei ikkje skjønar at sosialdemokratiet står for fridom og solidaritet, kan han ikkje forstå kva dei gjer i organisasjonen. Kall dem halvgermanske hyklere. Tiden er inne til å utfordre denne destruktive råten.
Slik eg les boka, er ho likevel noko mykje meir enn eit oppgjer med haldningar i eige parti. Når Zaman snakkar, snakkar han til likemenn og -kvinner uansett bakgrunn. Som nordmann god som nokon går han laus på alle slags haldningar som er til hinder for eit samfunn der alle blir vurderte på lik fot. Åtaka på den spesifikt framandfiendtlege politikken til Frp er kvass og klår, men Zaman seier det også slik: Tvungen norskopplæring, fjerning av morsmål og kutt i støtte til muslimske foreninger er småsnacks i forhold til at f.eks. dagpenge-ordningen og barnehagestøtte skal fjernes. Faren hans seier at eit Hagen-samfunn er meir til skade for nordmenn enn for han, og blir det for ille, kan han flytte attende. Og så smiler han. Men det gjør ikke jeg. For jeg har ikke noe annet hjemland å dra til. Skal jeg leve skal jeg gjøre det i Norge, og skal jeg dø skal jeg gjøre det i
Norge. Det som er trist, er at verdens beste land å bo i har blitt en forbannet jammerdal der folk flest ikke aner hvor godt de har det!
Dette er ein tråd i boka til Zaman. Han er takksam for at foreldra hans drog til det landet han meiner er eit av dei beste i verda å bu i. Med endå større styrke går han laus på alle fordommar i alle slags leirar. Han er lei det tapar- og problemstemplet som alltid blir klistra til folk med innvandrarbakgrunn, om det er velviljug eller vondsinna meint: Innvandrerforeldrene er psykotiske og vrange, innvandrerbarna er sterkt kulturkolliderte og det norske samfunnet er den reddende engelen. Forfattaren Hege Storhaug, som særleg skriv om kvinner i innvandrarmiljø, er ein av dei som får gjennomgå i klassen av ekspertar som i utgangspunktet er overtydd om at dei fleste innvandrarkulturar er undertrykkjande og diskriminerande, og han kallar boka Hellig tvang et moderne korstog som etter mitt skjønn har bare ett mål, knuse vår identitet og selvrespekt. Samstundes elskar nordmenn
folk som gjer opprør mot sin eigen kulturarv. Jeg er ikke i tvil om at hadde jeg gått rundt og sagt at islam og den pakistanske kulturen er sinnssvak, ville jeg blitt mottatt med halleluja-rop, skriv Zaman, muslimen som også har studert den kristne bibelen meir enn nordmenn flest.
Etter at 400.000 veljarar røysta Frp i 1997, prøvde Zaman å setje seg inn i tenkjemåten til ein gjennomsnitts Frp-veljar. Han skreiv det ned som eit innlegg frå ein av dei, og fekk det på trykk Drammens Tidende. Det var ikkje berre Frp-folk som reagerte på ironien, men like mange frå Høgre, Sp, Krf og Ap. Med dette som utgangspunkt går han inn i den latente framandredsla i oss alle, på ein måte som er til å få forstand av. Kvifor proklamerer vi antirasistiske soner i staden for at den einskilde gjer seg fordomsfri? Kvifor trur dei fleste at gjengungdommar er barn som er vaksne opp i krigsherja land, når faktum er at dei er vaksne opp i ein sosial krig i Norge, spør forfattaren som stiller seg kritisk til parolen Utan innvandrarar stoppar Norge.
Det er ein ny parole for ny import av billeg arbeidskraft til eldreomsorg og andre yrke andre ikkje vil ha. Når seksti prosent er positive til auka innvandring, peikar han på at på 70-talet var prosenten sikkert nærare hundre, men generasjonen etter er dei eit problem. Mennesket er alltid positivt til det som fremjar eins eigen økonomi og velstand, men kva skjer når det blir dårlegare tider att, spør Zaman, som definerer integrering bort frå det Norge har bestemt er bra for å leve i landet. Det er en rett å skille seg ut, å være annerledes er integrering. Å kunne morsmål er integrering. Å gi en som heter Ahmed arbeid er integrering. Integrering er oss, hver og en av oss, enten vi er nordmenn eller innvandrere.
Ettersom valkampen er over, kan vi byrje å diskutere politikk på alvor att. Det er no boka til Kafadi Zaman er aktuell.
Roald Helgheim
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|