Dag og Tid 30, 29. juli 1999
Roald Helgheim:
Vårt eige ferieland
Det var varmare i påska. Då dekka vi til middag ute i sola etter skituren. No ryk det or skorsteins-pipene, og dei som ikkje fyrer i omnen, skrur panelet på. Etter ein sykkeltur mellom regnbyene fraus eg på hendene. I skrivande stund har dei meldt betre ver sør for Stad, og gradestokken kryp forbi 10 pluss. Vi nærmar oss dei kaldaste badetemperaturane i Reiseradioen.
Å klage på veret er eit dårleg teikn. Det er ikkje berre det at veret er dårleg, men at du blir oppteken av det. Det er mykje å ta seg til i dårleg ver. Du kan til dømes lese dei bøkene du kjøpte etter ein tur i Bokbyen i Fjærland, ei veksande gullgruve for alle på jakt etter litterært snadder. Som til dømes dr. Klaus Mehnerts bok om sovjetmennesket, som kom ut på Lutherstiftelsen i 1959. Dr. Mehnert var ein tysk journalist som gjorde 13 reiser i Sovjet i dei avgjerande åra frå 1929 til 1959. Eller eg kan lese T.C. Hanssons 25 år i Midtens rike. Hansson var i kinesisk teneste frå 1894 til 1919, det var også avgjerande år for nasjonen som no blir skaka av den halvreligiøse Falungong-rørsla, som for tre månader sidan sette slik støkk i styresmaktene ved å omringe regjeringskvartalet på eit tidspunkt då Beijing var i høgste beredskap før 4. juni-jubileet. Den unge offiseren T.C. Hansson hamna i teneste for det kinesiske tollvesenet 1894. Korleis han kom dit, blir det eit høve å kome
attende til når eg berre får lese ut boka. Men nett no er vi opptekne av den siste utviklinga ved hotellet, som vart til flyktningmottak.
I fjor framstod dei nye eigarane av Jølster Hotell som eit humant bolverk mot dei som ikkje ville ha det tradisjonsrike hotellet omgjort til flyktningmottak. Stormen la seg då flyktningane kom, og bygdefolket tok vel imot dei. Dei nyinnflytta inviterte til kulturkveld, og sidan har det berre vore vellæte å høyre om eit fleirkulturelt fellesskap og ein trygg heim for menneske på flukt.
Brått seier eigarane opp avtalen. I forma er det ei oppseiing av ein avtale med Hero Mottak og Kompetanse, som driv mottakssenteret, grunna manglande vedlikehald. Ser ein nærare på det som blir sagt, er det manglande forteneste til hotelleigarar som ville sko seg på å ta imot flyktningar. Utlegga skulle gje midlar til seinare restaurering av hotellet. I dette lyset er klagene på manglande vedlikehald komiske. Kroting på nokre av veggene, eit øydelagd dørhandtak, ei knust rute og litt fotballspel innandørs. Dessutan: Det er ikkje kontroll med kven som er der. Alle dører står opne. Eg har sjølv sett folk der som eg ikkje anar kvifor er der. Berre det er nok i seg sjølv, seier eigaren av hotellet. Ingen verkeleg skade har skjedd, anna enn det som er naturleg i alle husvære som kan kallast ein heim.
- Snakk med oss, seier dei som bur der, mange av dei dugande handverkarar.
For sjølv om kritikken blir retta mot dei ansvarlege for mottakssenteret, er det flyktningane som får svi og som endå ein gong må flytte på seg.
Same korleis ein ser på det, det er alltid flest utlendingar i verda. Det var ein forfattar som skreiv det, og eg tenkjer på det kvar gong eg les slike oppslag som i Dagbladet Søndag: Utlendingar rundstjeler Ferie-Norge. Med bakgrunn i nokre aust-europeiske raid lagar avisa eit bevisstlaust oppkok, til erstatning for dei tradisjonelle reportasjane om innbrot i ferietome heimar. Då er det meir substans i eit oppslag i Bergens Tidende. Fire rumenarar i Kvam plukkar bær sju timar om dagen utan løn. Dei har arbeidd gratis i ein månad for å betale bondens utlegg til flybillettane deira. Bonden vedgår at det ikkje er heilt etter boka, men påstår at avtalen med rumenarane er ei privatsak.
- Dei er her på ferie, og gjer meg ei teneste, seier han.
8500 utlendingar er her kvar sommar for å gjere slike jobbar som nesten ingen nordmenn vil ha. Ikkje alle har slike slavekontraktar, men tjuveri tar seg mange slags former. Skal vi ha utlendingar i landet, skal vi i alle fall tene på det. Difor må dei også lære seg ordensreglane.
Roald Helgheim
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|