Dag og Tid 30, 29. juli 1999

Nato:
På kne for USA
Trass tidvis glimrande dekking av krigen mot Serbia, vil Aftenposten, til liks med styresmakter og rikspolitikarar, ikkje ha debatt om kvifor det blei krig. Og kvifor det blir krig.

Dei “ansvarlege” redaktørane og dei “ansvarlege” politikarane vil ikkje lyfta det kritiske blikket frå Balkan og venda det mot USA, som starta krigen. På leiarplass (26/7) hevdar Aftenposten framleis at Nato bomba Jugoslavia “for å avverge at den serbiske lederen uhindret og ustraffet skulle fortsette med å massakrere mennesker som ikke er serbere”.

Det er ein måte å sjå det på.

Folkerøysting om Nato

Men der er òg andre måtar: Aftenposten-leiaren polemiserer mot ein kronikk av professor Gunnar Skirbekk (24.7), der Skirbekk mellom anna drøftar parallellane mellom Nato-åtaket og dei historiske krosstoga, dei såkalla “heilage krigane” som også var moralsk motiverte.

Denne gongen var det vestlege moralistar og teknologioptimistar som innvigde det nye Nato-konseptet ved å slå seg saman mot Serbia. Samfunnsvitarane, konstitusjonalistane og dei fagmilitære blei i liten grad lytta til. Difor avslørte Nato alt i sitt fyrste åtak ein fatal rasjonalitets-svikt, meiner Skirbekk. Professoren oppmodar oss difor om å spørja kva me vil med Nato, og gjer konkret framlegg om ei folkerøysting om det nye strategiske konseptet.

Folkerøystinga blir ikkje kommentert av leiarskribenten i Aftenposten, like lite som det vil bli kommentert av politikarane på Stortinget eller av medlemene i ei kvar norsk regjering. Aftenposten har betre enn noka anna avis fått fram serviliteten, naiviteten, manipulasjonen og det udemokratiske fråværet av informasjon, refleksjon og debatt som rådde då Den utvida utanrikskomiteen på Stortinget gav stønad til Nato-åtaket på Serbia. Men ikkje på leiarplass.

Clintondoktrinen

Same dag som Skirbekk-kronikken blei trykt i Aftenposten (24.7), skriv historikar Kåre Lunden i Dagsavisen at det ikkje er nok å granska tilhøva på Balkan for å forstå Kosovo-krigen, sidan det var Nato som starta han. Av di Nato er dominert av USA, kjem me lengst med å studera politikken som USA fører.

Lunden nyttar “Clintondoktrinen”, slik han blei formulert av tryggleiksrådgjevar Anthony Lake i 1993, som døme: “Under den kalde krigen demde me opp for eit globalt trugsmål mot marknadsdemokratia. No er oppgåva å utvida dei”.

USA har vald Nato som reiskap av di den økonomisk-politiske ekspansjonen i siste instans berre kan gjennomførast ved militær overmakt, meiner Lunden.

Han viser til at USA alltid skubbar dei frie marknadsprinsippa til side når det tener interessene til eliten i USA. USA set òg, av same grunn, demokrati og menneskerettar til side når det høver eliten i USA best. Kjernen i Clintondoktrinen er difor: Fritt tilgjenge for USA-kapital og USA-personell. “Marknadsdemokratia” som Lake talar om, er i klartekst “regime alliert med USA, anten dei praktiserer marknadsøkonomi og demokrati eller ikkje”.

Lunden trur ikkje som Aftenposten at den harde undertrykkjingspolitikken Milosevic førde mot kosovo-albanarane var einaste grunnen til at USA og Nato intervenerte med våpenmakt. For då heng det ikkje på greip å samstundes støtta Israel, Tyrkia, Indonesia (som okkuperte Aust-Timor) og ymse diktatorar i Latin-Amerika.

USA valde Serbia, skriv Lunden, av di dei overgrepa som faktisk gjekk føre seg der gjorde det mogleg å legitimera åtaket, og til og med få støtte frå andre Nato-land til å bryta FN-charteret. Internasjonale studiar er bra. Men det er ikkje nok å studera Madagaskar eller Sierra Leone: “Det er den globale motoren, USA, vi må forstå. Det er svært uheldig at universitetet og media ikkje syter meir for det”, skriv historikar Kåre Lunden.

Problemet USA

Professor Johan Galtung er, som folk flest i verda, både mot etnisk reinsing og Nato-bombing, og dei som hevdar at det eine utelukkar det andre, pratar tull, meiner han.

I eit foredrag (www.transnational.org) legg han fram eit 10-punkts framlegg til ein fredsprosess for Kosovo. Men det andre problemet, Nato-bombinga, er meir skremmande og langt verre å løysa, er professoren redd.

- Bombarane hadde eit godt spørsmål, men gale svar. Spørsmålet er: Kva me skal gjera når doktrinen for nasjonalt sjølvstende gjev ly til statar som bryt menneskerettane til sitt eige folk?

- Svaret kan ikkje vera å bryta menneskerettane endå meir.

Tvert om. Me bør i staden ta lærdom av USA, som har eit føderalt (overstatleg) politikorps utplassert i alle dei sameinte statane. Slik kunne FN-soldatar utplasserast for å verna individuelle menneskerettar mot overgrep frå eigne styresmakter til dømes i Kosovo.

- Me er på veg mot ein konfrontasjon mellom 19 Nato-land på den eine sida - og stort sett alle andre på hi. Kven står for tur på bombe-lista?

Verda har eit stort problem, meiner han.

- Problemet har eit namn. Namnet er ikkje Milosevic, han er ein bygdetulling. Problemet heiter United States of America. Som hevar seg over andre nasjonar, og over lovene, med direkte samband til Gud, som “skapte Amerika for å halda orden i verda” (Colin Powell). Og veike nasjonar flokkar seg i kring for å spegla lyset frå Den eine, store, for ikkje å nemna varmen som svir dei vantru - ein gammal tradisjon i Vesten.

- Lat oss no vona at valdsrusen legg seg etter at serbarane er torturerte til kapitulasjon, og at han blir etterfølgd av meir edruskap, tidsnok til å hindra ein tredje verdskrig, vonar Galtung.

Demokrati mot hegemoni

At tankar som dei Skirbekk, Lunden og Galtung legg fram når vidare enn Aftenposten, viser ein artikkel av Samir Amin i Al-Ahram, ein egyptisk publikasjon. Amin minnest ein informativ artikkel han las i New York Times 28. mars i år - fire dagar etter at bombinga av Serbia tok til. Artikkelen omhandla den politiske strategien til USA - oppsummert av ein heilsides illustrasjon: Ein boksehanske i fargane til “The Star Spangled Banner”, flagget til USA, under tittelen: “Kva verda treng i dag - skal globaliseringa verka, må Amerika ikkje vera redd for å handla som den allmektige supermakta nasjonen er”.

Denne slåande illustrasjonen hadde følgjande tekst, legg Amin til: “Den løynde marknads-handa kan ikkje verka utan ein løynd knyttneve. MacDonald's vil ikkje veksa utan McDonnell Douglas, som skapte F-15-flyet. Den løynde knyttneven som tryggjar verda for Silicon Valley-teknologien heiter US Army, Navy og Marine Corps”.

Militær marknadsstyring

Den egyptiske kommentatoren minner om at forfattaren av desse orda ikkje er kva som helst provoserande skøyar, men ingen andre enn Thomas Friedman - rådgjevar for Madelaine Albright, utanriksminister i USA. Mote-økonomane som seier at ein sjølv-regulerande marknad er fredsskapande, må takast med ei stor klype salt, meiner han. Den herskande klassa i USA veit at all økonomi er politisk, og at det er styrketilhøvet - også militært - som styrer marknaden.

Det som undrar egyptaren, er at Europa teier og samtykkjer når USA brukar si makt til å styrkja hegemoniet. Utan eit eige prosjekt å forfølgja, kan Europa aldri bli meir enn eit protektorat under USA, meiner Samir Amin, og legg til at kampen for demokrati er nyttelaus om alle bøyer kne for USA. Kampen for demokratiet kan ikkje skiljast frå kampen mot hegemoniet til Washington.

Johan Brox


© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |