Dag og Tid 30, 29. juli 1999

Museum:
Kulturarv rotnar på lager
Verneverdige bygg ligg lagra på musea i tiår. Musea manglar ressursar til å gjenreisa dei. På Rørosmuseet rotnar hus som allereie er sette opp, og det er utenkjeleg å prioritera lagra hus.

Cecilie N. Seiness

Verneverdige bygg ligg demonterte kringom på musea i stablar og ventar på å bli sette opp. Somme ligg under presenning og er utsette for ròte, andre ligg under tak eller i uthus. Mange av husa har lege slik i fleire tiår.

Musea manglar ressursar til å gjenreisa dei verneverdige bygga. Å ta ned eit hus og gjera grundig dokumentasjonsarbeid med tanke på at huset skal setjast opp att, er ressurskrevjande. Vert husa liggjande i stablar, er arbeidet gjort til fånyttes. På Rørosmuseet manglar dei ikkje berre midlar til å setja opp hus som ligg på lager.

- Me manglar midlar til vedlikehald. Roteskader og lekkasje er problem i dei husa som allereie er sette opp, seier konstituert direktør Vegard Lie.

På Rørosmuseet er ikkje dei lagra husa prioriterte. Fleire hus har vore lagra sidan 50-talet og flytta fleire gonger, noko som gjer det stadig vanskelegare å setja opp att husa. Museet arbeider for å redda bygga som allereie finst, og treng kring 800.000 kroner i seks år for å gjera heilt naudsynt restaureringsarbeid.

- Det fyrste året er finansiert, men dei neste fem manglar. Det statlege engasjementet er hovudproblemet. Lageret blir liggjande med æva som perspektiv. Me har meir enn nok med å ta vare på dei bygga som allereie står, seier Vegard Lie.

Rotnar vekk

Svært mange av friluftsmusea har hus på lager som dei gjerne skulle ha sett opp. På Maihaugen på Lillehammer har dei lagra byhus. På 50-, 60- og 70-talet vart rivne hus frå sentrum av Lillehammer gjevne til museet. Framleis ligg ti hus, som etter planen skal gjenreisast i bysamlinga, lagra på Maihaugen.

- Det er ein viss fare i å lagra hus så lenge som 30-50 år, seier Randi Gilberg Hjelm-Hansen, som er administrasjonssjef på Maihaugen.

Museet har søkt Kulturdepartementet om seks millionar kroner i ekstra løyvingar årleg for å finansiere oppsetjinga av husa og dei ekstra stillingane det krev.

Maihaugen er berre eitt av mange museum her i landet som har liggjande hus, men manglar ressursar til å setja dei opp.

Bergens Tidende
melde i vår at viktige delar av den nasjonale bygningsarven ligg oppstabla på vestnorske museum. Somme stader rotnar han vekk. Mellom anna kunne konservator ved Gamle Bergen Museum fortelja at det hjå dei ligg minst ti gamle bygg i stablar. Fleire av dei er så skadde at det ikkje er noko å gjera med dei. Verneverdige hus endar som ved i bakaromnen, fortalde konservatoren.

Nordfjord Folkemuseum på Sandane klaga òg over situasjonen. 20 verneverdige bygningar ligg lagra på museumsområdet, og fleire av bygga har fått varige skader etter lang lagring. Bergens Tidende kom fram til at kring 70 verneverdige bygningar ligg demonterte kringom på dei ulike musea i Hordaland og Sogn og fjordane i påvente av ein uviss lagnad.

Lagring uproblematisk

Ikkje alle er samde i at det er eit problem å lagra hus over lengre periodar. På Sunnfjord Museum i Førde har dei åtte bygg liggjande; bustadhus, stølshus, løer og hus som høyrer til ein husmannsplass.

- Etter mi meining er husa her lagra godt og tørt, og er difor ikkje noko problem. Det skal få ressursar til for å lagra skikkeleg, men presenning er ikkje nok, seier Jon Barlund, som er museumshandverkar.

Husa lid ikkje om dei ligg lagra ei tid, men samstundes ynskjer Sunnfjord Museum svært gjerne å setja opp husa. Museet har ikkje håp om å få midlar til å få husa opp i ein fei. Dei kjem til å setja dei opp litt etter litt.

Som museumshandverkar har Barlund så mange oppgåver i tillegg til å setja opp hus, at det ikkje er mogleg å nytta all tid på gjenreisinga, mellom anna tek vedlikehald mykje tid.

Museet har tre og ei halv stilling. Museumshandverkar er ei av dei.

- Museet har for lite ressursar, slår Barlund fast.

Han har ynske om å få gjort mykje meir med oppsetjing av hus enn det museet har kapasitet til no.

- Dessutan er lagringa av så mange hus eit estetisk problem. Me freistar å lagra bygningane slik at dei ikkje er synlege, seier Barlund.

Nattmannen lagra

Trøndelag Folkemuseum har mellom anna Nattmannshuset i Trondheim på lager. Nattmannen var dotømmar i Trondheim. Han budde heilt i utkanten av byen og var absolutt paria.

- Nattmannen var ein som ingen ville ha noko med å gjera. Han og kona hadde difor mest kontakt med kjeltringar og bandittar. Det ligg mykje sosialhistorie i det huset, og me skulle svært gjerne hatt høve til å setja det opp, seier Elling Alsvik, konservator på Trøndelag Folkemuseum.

På deira museum er mellom ti og 15 hus lagra. Somme ligg i uthus og der er lagringsforholda bra, andre ligg ute og det er “både og” meiner Alsvik. Det har hendt at hus har vore i for dårleg stand til å setjast opp att etter lang tids lagring. Men det gjeld hus som var svært dårlege før dei vart lagra.

Å lagra hus over lengre tid er ikkje berre eit problem på grunn av lagringa. Å ta ned eit hus krev at ein gjer eit grundig dokumentasjonsarbeid. At alt skal verta rett når huset er sett opp att, er mykje lettare å få til dersom det er dei same som tek ned huset og set det opp att. Same kor grundig dokumentasjonen er, er det vanskeleg å få alt til å verta korrekt dersom det er ulike folk som tek ned og set opp att, meiner Alsvik.

- Dessutan vert det meir kostbart å setja opp eit hus som har vore lagra svært lenge. Det vert vanskelegare å finna ut korleis huset var, og dessutan må gjerne meir av materiala skiftast ut, seier Alsvik.

Erik Rudeng, direktør på Norsk Folkemuseum, meiner at tanken om magasinlause museum føreset ein tanke om at musea berre er for publikum og ikkje forsking. Samstundes hadde det stått fleire gjenreiste hus på musea om dei hadde meir midlar.

- Friluftsmusea har ikkje akkurat ridd på ei sterk bølgje. I det siste har til dømes kunstnarheimar og kystkultur fått meir merksemd enn fri-luftsmuseum. Samstundes må museumsfolk læra seg å leva med at dei har mange u-løyste oppgåver, meiner han.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |