Dag og Tid 30, 29. juli 1999
Leiar:
Gagnlaus leiarstrid
Leiarstriden før mållagslandsmøtet i Florø har vore ein av dei meir opprivande dei siste 30 åra i Mållaget. Rett nok har landsmøta i Noregs Mållag tidlegare slåst om leiarvervet, men i år er striden blitt både beiskare og bitrare fordi målpolitiske standpunkt har måtta vike plass for skuldingar om at den sitjande leiaren, Liv Ingebrigtsen, manglar dei personlege eigenskapane som ein leiar i Noregs Mållag må ha.
Sentrale tillitsmenn i ein organisasjon som Noregs Mållag bør tenkje seg om både to og tre gonger før dei set i gang ein leiarstrid som den vi har opplevd i år; først og fremst fordi Mållaget treng truverde for å kunne nå fram med standpunkta sine. Dette er korkje eit forsvar av eller åtak på nokon av dei to leiar-kandidatane i år, men ei åtvaring til dei som sette i gang leiarstriden. Det truverdet dei har vore med på å rive ned med valakrobatikken sin, kan Noregs Mållag trenge meir enn eitt år på å byggje opp - meir enn det eine året Liv Ingebrigtsen kunne tenkje seg å halde fram som leiar.
Vi som held til i den kråa av den nynorske røyndommen der det blir skrive og laga avis på nynorsk, hoppar ikkje av glede over å få ein slik strid i fanget. Her vi sit, ser vi tydeleg kor viktig eit sterkt Noregs Mållag kan vera for å fremje nynorsk, og vi ser kor ufatteleg mykje arbeid som står att før dei to skriftspråka våre er jamstilte, ikkje berre i lovtekstar, men i samfunnet òg.
For oppgåvene står i kø: Lite opplyftande har skjedd i riksmedia dei siste 20 åra; i NRKs rikssendingar er det framleis den språklege Oslo-røyndommen som er dominerande; språkpolitikken i dei store riksavisene blir framleis diktert i styreromma, der økonomisk avkastning tel meir enn redaksjonell fridom og redaksjonelt truverde; i forlagsverda er nynorsken gjord til eit reservat som Det Norske Samlaget må ta seg av aleine; ei ny desentraliseringsbølgje fører til at folk flyttar frå nynorskområde til bokmålsområde - nynorsk skolemål er igjen på veg nedover.
Alle desse saksfelta kan Noregs Mållag gripe fatt i anten leiaren heiter Liv Ingebrigtsen eller Oddmund Hoel. Men ein gagnlaus leiarstrid lammar organisasjonen på alle felt.
Det fremste og edlaste målarbeidet Noregs Mållag kan gjera, er å auke respekten for nynorsk. Med den opprivande leiarstriden i år, har Mållaget oppnådd det stikk motsette: Folk mistar respekt både for nynorsk og for Noregs Mållag.
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|