Dag og Tid 30, 29. juli 1999
Klok på bok 426:
Klok på slått
Denne veka heiter vinnaren Leiv Nedreli og bur på 5111 Nyborg. Han visste svaret: Slik skreiv Olav Aukrust, ein av våre store diktarar som levde frå 1883 til 1929. Diktet står i samlinga 'Solrenning' som kom i 1930
Hipp, hipp, hurra, seier eg i kor med meg sjølv, for Barabass er framleis på fjellet. Han sørgjer over få Klok på bok-svar. Men denne veka er svara mange. No kosar eg meg kvar dag på veg til postkassen.
Ein annan klok denne veka var Jon Bossum i Tønsberg. Eg har i grunnen for lenge sidan gjevi opp trua på at eg er klok nok for bøker Dale-Oskar leitar fram, og har stort sett slutta å sjå over spalta. Men her ute på bakken i sol-sommaren slumpa eg til å sjå første linja i Kpb 424., skriv han og Bossum svarar så rett, så rett. Eg, Dale-Oskar, oppfordrar han til å kikka på fleire oppgåver og senda fleire svar.
Rett svar er Olav Aukrust, frå 'Solrenning' (1930). Jeg håper at jordbær og is smakte godt, ute på tunet! Sjøl har jeg safta rabarbra denne uka, og er ikke helt enig med kona om hvor søt eller sur safta skal være.
Det skriv Morten Haugen, bibliotekar på Ørland folkebibliotek. Nedst på e-posten står det: Visst kan det gå troll i ord, men det kan også gå engler der. Barabass og eg kosa oss slik før han strauk til fjells. Kvar gong me kåra ein vinnar, dekka me eit triveleg bord midt på tunet og kosa oss med jordbær. Men no sit eg her aleine...
Tore Aschim i Askim er ein trufast kar. Denne gongen tok jakta litt mindre tid jamvel om ein som er 'fødd i fjæresteinan' nordpå har litt vanskeleg for å kopla Lom og dikt om segl og hav. Dei to store lyrikarane frå Lom er Olav Aukrust og Tor Jonsson. Dikta til den siste kjenner eg såpass godt at eg kunne eliminere han med ein gong. Fjell-Norig-diktaren Olav Aukrust hadde knapt bakgrunn som sjømann eller skipsreiar, men ei rask gjennomblading av 'Dikt i samling' avslørte at fjelldiktaren nyttar segl og skip som bilete på dikt og tankar han sender ut i verda. Diktet 'Kvite segl på blåe hav' er henta frå den posthume diktsamlinga 'Solrenning' frå 1930, 'storboki mi' som Aukrust kalla samlinga medan han arbeidde med henne. Det er Tore Aschim i Askim som skriv slik. Og det har han heilt rett i. Elen Maria Todal undrar seg òg over samanhengen mellom innland og hav. Etter mange vankloke
veker var det godt å finne ut at han som skreiv om noko så maritimt som kvite segl og blåe hav var gudbrandsdølen Olav Aukrust., skriv ho.
Sherrysøstrene er framleis med i Klok-dansen. Denne veka er den minste sherrysøstera ganske sikker i si sak. Ho skriv slik: Lom er fødestedet til tre store diktere, to av dem skriver nynorsk. Jeg maler kjøkkenet i stedet for å gå på biblioteket. Intuisjonen sier meg at Olav Aukrust er dikteren av 'Kvite segl på blåe hav' - det er liksom for glad eller lys stemning i diktet til å være Tor Jonsson, selv om det synske og sanselige fines hos han også. Dette er barnelærdom for den minste sherrysøstera som har navn fra Lom og snart skal opp på 'dei høge tindar' deromkring.
Den mellomste sherrysøstra, sender òg svar denne veka. Og svaret hennar er òg korrekt.
Torill frå Tittelsnes er klok på Aukrust og har dessutan eit råd til Sherrysøstrene. Les elles at jordbæra og fløyten er komne på bordet! Det er fortreffeleg sommarmat, men det finst ein kombinasjon som smakar endå betre: Jordbær og champagne! Sherry-søstre i Odda, eg rår til at de skiftar ut sherryen med ein einaste gong., rår Torill på Tittelsens.
Kanskje eg skal reisa til byen og kjøpa ei flaske champagne som Barabass og eg kan ha når han kjem attende...
Ranveig Lundquist i Orkanger svarar som vanleg rasande riktig på oppgåva. Det same gjer Gunder Runde, lærar og bjørn, som er på sin tredje ferie for tida. Nils Aksel Danbolt Mjøs sender kort frå Levajok med aldeles korrekt svar. Inger - ei fiskerjente sender svar frå Kristiansand. Gitt at mannen var født i Lom, og me de perfekte verseføttene, måtte det nesten være Olav Aukrust., skriv fiskerjenten.
Andre kloke denne veka er Randi Brenden og Kaare Stegavik som alltid er klok. Han sender stemningsrapport frå 800 meter over havet, der han krydrar reinsdyrssteika både med rosmarin å desslige og han steikar sjampinjongane i fjellsmør. Han vart eg frykteleg misunneleg på...
Klok 426
No ljåen han syng på den
saftige voll,
og alle småblomane slær
han i koll,
og graset av roti han sopar.
Det gjeng seg so lett i den
dogg-mjuke eng;
i skårane svingar seg dreng
etter dreng
og slær so or vegen! det ropar.
Dette er som du skjønar byrjinga på eit dikt. Diktet er skrive av ein av forgrunnsfigurane i norsk åndsliv dei siste tiåra av 1800-talet. Kven har skrive slik? Kva heiter diktet og forfattaren? Send svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo. Faks til 22 41 42 10 eller send e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 4. august. Lukke til!
Dale-Oskar
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|