Dag og Tid 30, 29. juli 1999
Herbjørn Sørebø:
Bustadkrisa krev tiltak
Husprisane rasar oppover, vart det sagt i fjernsynet her ein sommarkveld, og med den språklege fattigdommen sin innleidde ankerkvinna ein reportasje om eit tilhøve som gjer jamvel folk med god inntekt til gjeldsslavar for livet. Bustadprisane brukar å gå ned om sommaren, men det gjer dei ikkje i år, tvert imot, dei aukar. I første halvår var prisauken i hovudstaden på 23 prosent, og det er inga usemje om kva årsaka er. Det er stor mangel på bustadmarknaden. Det forstår vi av at dei få nye bustadene som finst på marknaden, blir omsette så fort det kan setjast nøkkel i døra, og eldre bustader som blir ledige, får ny eigar på timen. Prisnivået må føre til at mange kjøparar får eit liv i forsaking i årevis, og eit økonomisk omslag blir ein tragedie.
Mangelen på bustader og det skyhøge prisnivået går sjølvsagt verst ut over dei unge, dei som er i det vi med eit vakkert ord kallar etableringsfasen. Når dei går ut i arbeidslivet og skal betale tilbake tunge studielån med ei vanleg lønsinntekt, er bustadmarknaden stengd. Dei har ingen annan utveg enn å bli buande heime hos foreldra lenge etter at dei skulle ha hatt sin eigen heim. Dette gjeld ikkje berre hovudstaden, men dei fleste store byane. Oslo er nok verst stilt. Der er det rekna med eit underskot på 20.000 bustader, og så lite som det blir bygd nå, kan det bli eit underskot på 60.000 om 15 år om ikkje blir meir fart i bustadbygginga.
Det kjem mange forklaringar på at vi har hamna i ei så alvorleg bustadkrise, og ingen av forklaringane er gode. Det blir hevda at det er mangel på tomter. Det er ikkje sant. Så blir det sagt at det er for mykje tungrodd byråkrati og sommel som er hinderet. Det er berre delvis sant, men ein kan ikkje godta at det skal ta mange år å få eit byggjeløyve klarert. Det har komme fram at entreprenørane ikkje set i gang å byggje på tomter som ligg klare fordi dei trur at folk berre vil kjøpe bustad inne i bykjernen. Desse entreprenørane bør få eit spark i baken så dei får fart på seg.
Slik gjekk det altså då det vart slutt på den sosiale bustad-bygginga. Det finst berre ein måte å komme ut av denne krisa på. Det er å setje i verk politiske tiltak. Det er så visst ikkje den første bustadkrisa vi opplever. Løysinga har alltid vore å la det gå politikk i det. Venstre gjorde bustadbygginga til fanesak i 1965, hugsar vi. Det vart sett eit mål som ein kanskje kan seie var urealistisk, men så mange av veljarane trudde på det at heile det politiske miljøet tok lærdom av det, og det kom faktisk fart i bygginga med kommunalminister Helge Seip som ei drivande kraft.
Ved kommunevalet nå i haust ventar veljarane at bustadbygginga blir ei toppsak. Det må leggjast til rette for å få bygd oss ut av den akutte krisa så prisen kjem ned på eit nivå som gjer det mogeleg for folk med ei vanleg inntekt å skaffe seg bustad av rimeleg bra standard. Og det gjeld ikkje berre den akutte krisa, det gjeld å hindre at det utviklar seg frå vondt til verre. Når nye bustader og eldre som blir ledige blir omsette så fort og til så dramatisk høg pris som det vi høyrer om nå, tyder ikkje det at alle har råd til å betale. Det tyder at det blir skapt sosiale problem. Det er det dei politiske partia og politikarane har som si fremste oppgåve å løyse.
Nå tek snart skoleåret til, og det er ein skrikande mangel på hyblar. Dei som greier å skaffe seg tak over hovudet, må godta ei husleige som ligg himmelhøgt over det rimelege. Også her har samfunnet svikta.
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|