Dag og Tid 30, 29. juli 1999

Bøker:
Eit bilde som sprengjer alle rammer
I si andre samling kombinerer Anne Karin Fonneland det poetiske med ei undersøking av eit kvardagsleg tema. Resultatet er oppløftande.

Anne Karin Fonneland:
Når dei vakne ser
Samlaget

Anne Karin Fonneland debuterte med Marmormjølk i 1996. Nå er ho ute med si andre diktsamling, Når dei vakne ser. Dei drygt 50 tekstane fordeler seg om lag likeleg mellom dikt og prosalyrikk, i ein praksis der det er eit tydeleg medvit eller subjekt innblanda i det som blir formidla.

Tett og godt

Den første teksten me skal sjå nærmare på, er henta frå den første av bokas fire delar:

Når eg føresteller meg ein
     tilstand av fred, veks det ut
ein lys skog å gå i. Eg stryk
     den lydlause silken.
Ser det mørke som kan vere
     ein innsjø, eller kjenner
blikket ditt som seier at det
     likevel ikkje er her.
Men kanskje før eller etter
.

Slik eg oppfattar det, kjører forståinga i denne teksten så å seia på skjener, fram og attende mellom der ein føresteller seg noko, og der dette førestelte på eit eller anna nivå “er”. I den første setninga går det ei rørsle frå eit “eg” og over i den skogen ho ser føre seg. Så går rørsla attende, idet ho konkret stryk eit klede eller plagg. Deretter følgjer det ei ny rørsle ut i det førestelte, “ein innsjø”, og tilbake til eit “du” som ser på henne. Dette er altså ikkje berre er ei tom rørsle fram og tilbake, men dessutan ei rørsle frå eit “eg” til eit “du”. Og ho skjer gjennom ei utvikling i sansingane, frå “føresteller meg” via “stryk” og “ser” til “kjenner”. På denne måten kan diktet oppfattast som ei form for sansemessig utvikling, fram mot ein tilstand der det er diktets “du” som ser. Diktets “eg” er på dette tidspunktet noko som tek imot sansinga, som “kjenner blikket”, og som i tillegg forstår kva det er blikket “seier”. Og denne merkelege forma for oppleving  som i dette tilfellet vel er vagt erotisert?  står i samband med det Shakespeare-sitatet som står som motto for boka: “Eg ser med kjenslene”.

I det heile meiner eg at dette diktet er både tett og godt. Det skriv fram ei poetisk spenning mellom polar, og det løyser ut denne spenninga i det ein kan kalla ei poetisk innsikt, om det me ikkje har “reine” ord for.

Historie om graviditet

Trass nærværet av eit “du” i den siterte teksten, må ein kunna slå fast at det først og fremst er fokuseringar kring eit “eg” i den første delen av boka, eit “eg” som på ulike vis “ser med kjenslene”: Ho går ut og kjenner regnet, ho får opplevingar av å lesa, ho ser føre seg ein situasjon frå då ho var barn. Og så vidare. I den andre delen blir dette “eg” til eit “vi”. Og dette “vi” er nok dei same “eg” og “du” som i diktet me såg på ovanfor. Men ikkje berre. For i den tredje delen blir det plutseleg nemnt eit lite barn, så det har nok òg vore tale om graviditet. Og herifrå og ut ser boka ut til å handla om det problematiske med å ta opp att livet etter ei slik oppleving, som i boka er “eit bilde som sprenger alle rammer” og “ei kjensle av at noko skal fare bort”. For, om eg forstår Fonneland rett, har dette som ein ser med kjenslene på ein måte blitt materialisert når barnet er født. Det har fått ein materiell eksistens, som trugar med å tvinga opplevinga av det magiske ved tilværet til eit opphøyr. I alle fall mellom mannen og kvinna, sidan det nå er i høve til barnet at alt det fortryllande eksisterer. Slik oppfattar i det minste eg dette diktet, frå bokas fjerde og siste del:

Teen i koppane varmar,
brenn nesten orda vi prøver
     å svelgje,
små ringar breier seg, tynn
     latter over
det som kjem tydelegare fram

alt det tomme vi prøver å fylle

Så skjøre er vi no at eg vil
     gripe di hand

I det heile meiner eg at Fonneland, gjennom oppstillinga av poesiens oppleving av den “andre verda” side om side med barnet som blir født, har skaffa seg eit godt utgangspunkt for å skriva ei fin diktsamling. Og dikt for dikt er dette òg vel gjennomført, sjølv om dei heilt store pang-tekstane kanskje manglar. Oppløftande!

Hadle Oftedal Andersen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |