Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999

Mexico:
Siger til sentrums-
kameratar i delstatsval


Etter 70 år med makta, tapte regjeringspartiet PRI denne veka lokalvalet i den mexicanske delstaten Narayit, der eit improvisert sentrums-alternativ fekk 51,7 av røystene. Dermed veit opposisjonen korleis presidentvalet neste år kan vinnast.
 
JOHAN BROX

Med alle tenkjelege, utenkjelege, lovlege og ulovlege middel har Det institusjonelle, revolusjonære partiet (PRI) sytt for å vinna alle presidentval i Mexico sidan 1920-talet. Og medan regjeringspartiet for fyrste gong tapte i delstaten Narayit natt til tysdag, sytte PRI for å vinna i den viktigare staten Mexico, som omsluttar hovudstaden.

- Men PRI vann i staten Mexico, som med sju millionar røysteføre er den mest folkerike i landet, berre av di opposisjonen der var splitta. Ein opposisjonskandidat fekk 34 prosent av røystene, medan ein annan fekk 21 prosent. Dermed vann den fargelause PRI-kandidaten Arturo Montiel Rojas, som hadde alle regjeringas opne og løynde ressursar til rådvelde, med 40,7 prosent.

Splitt og hersk

I Narayit, derimot, tapte PRI. For der greidde det konservative Nasjonal Aksjon (PAN) og venstre/sentrumspartiet Demokratisk Revolusjon (PRD), som er dei fremste opposisjonspartia i landet, saman med to meir marginale grupper - og i siste liten - å stilla seg bak ein sams kandidat, Antonio Cheverría. Han er ein søkkrik forretningsmann og tidlegare PRI-aktivist, til dess han rauk uklar med partiet.

Cheverría har ingen heilskapleg politikk å tilby, men mykje pengar og eit sterkt ønskje om å auka makta si. Valforbundet han leiar, kallar seg Endringsalliansen, og det åleine var nok for 51,7 prosent av dei få som valde å nytta røysteretten.

Dermed har PRI-trøtte meksikanarar fått demonstrert både kva som verkar og kva som ikkje verkar - i god tid før presidentvalet til neste år: Anten blir det ei sentrumsregjering i Mexico, eller så blir det PRI til evig tid. Det er som med Noreg og Arbeidarpartiet. Om meksikanske opposisjonspolitikarar eignar seg like godt til staurbering som norske, står att å sjå. Dei har ikkje same dugnads-tradisjonen.

Opponentane

Å laga ein allianse på nasjonalt nivå i Mexico, er lettare sagt enn gjort. Ein av leiarane for dei to største opposisjonspartia vil måtta vika. Guvernør Vincente Fox Quesada frå Guanajuato, som representerer PAN, er ikkje innstilt på det. Han talar, ter og kler seg som ein cowboy, og meiningsmålingane fortel at slikt fell i god jord hjå konservative meksikanarar. Andre meiner han er ein omsynslaus demagog.

I Det demokratiske revolusjonspartiet (PRD) vil Cuauhtémoc Cárdenas Solórzano på si side meina at det no er hans tur. I 1997 vann han ordførarvalet i den meksikanske hovudstaden, og mange meiner han òg hadde vunne presidentvalet i 1988, om det ikkje var for valfusk frå PRI. Ingen av dei to vil godvillig hjelpa den andre på plass i presidentstolen. Men dei ønskjer endå mindre at PRI-presidenten blir sitjande.

Demokrati på meksikansk

Under heile valkampen før delstatsvalet, men òg på sjølve valdagen, blei både kjeppen og gulrota flittig brukt til å manipulera veljarane. Eit tropisk høljregn - og den amerikanske fotballcupen på TV - heldt elles annakvar røystefør heime. Røykbomber skremde somme frå å nærma seg urnene, medan andre let seg lokka nettopp dit av såkalla “røystepakkar” frå PRI, med pengesetlar og utfylte røystesetlar. Til og med mat og bygningsmateriell blei utdelte til dei som røysta “rett”.

Slike metodar er langt på veg tillatne etter meksikansk lov, eller rettare sagt, dei er ikkje direkte forbodne. Over heile Latin-Amerika er kjøp og sal av røyster ein del av det demokratiske narrespelet, der rikaste kandidat og parti stort sett alltid vinn. Sanne idealistar og amatørar blir luka ut i dei innleiande rundane.

Siste delstatsvalet i Mexico blei halde i ein slik tradisjon, men valfusket var ikkje så graverande at det påverka utfallet, er val-observatørane samde om. Det var jamt fordelt mellom partia.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |