Dag og Tid nr. 27, 8. juli 1999
Leiar:
Litterær tjuvjakt
Geir Mork og William Nygaard kan gni seg i hendene i tida som kjem. Gjennom ein fiffig strategi som dei har brukt eit tiår på å planleggje, har dei greidd å kvitte seg med ein brysam konkurrent. Og dei har fått til meir: Dei har også sytt for at dei sjølve kan hauste grøda av det som konkurrenten har sådd dei siste åra. Geir Mork og William Nygaard leier kvart sitt forlag Gyldendal og Aschehoug. Konkurrenten som måtte under parteringskniven, er Universitetsforlaget.
Diverre er det vanskeleg å tru dei to forleggjarane når dei gret over å måtte leggje ned eit forlag som i nær framtid kunne byrje å hauste overskot mellom anna frå lærebokverk som hadde funne feste særleg i grunnskolen, men òg i vidaregåande skolar. Desse verka, og mange andre godbitar i Universitetsforlagets portefølje, kan Gyldendal og Aschehoug dele mellom seg.
Vi prøvde, sa dei to forleggjarane før dei la under seg kvar sine delar av Universitetsforlaget. Mange har i det siste undra seg på kva dei eigentleg prøvde på. Heilt sia dei kjøpte seg inn i Universitetsforlaget i 1988 har Mork og Nygaard forsikra alle om at deira ærend har vore å syte for at Universitetsforlaget ikkje skulle komma på utanlandske hender.
I ettertid kan ein godt spørja kva skade det ville ha gjort om deira aksjepostar hamna i utlandet. Utanlandske eigarar ville neppe ha vore i stand til å slakte forlaget grundigare enn det Gyldendal og Aschehoug kan ha gjort. Dessutan ville utanlandske eigarar truleg ha hatt interesse av å styrkje Universitetsforlaget som konkurrent til Aschehoug og Gyldendal. Slik kapitalkarusellen har byrja å spinne i forlagsverda, er det vanskeleg å sjå at Aschehoug og Gyldendal skulle ha dei same interessene av å føre Universitetsforlaget vidare som eige forlag.
Svaret dei to forlaga har gjeve, er så tydeleg at sjølv ein analfabet er i stand til å lesa det.
Det er ei ulukke for det litterære og akademiske Noreg at dei to kulturelle høgborgene som held til på kvar si side av Sehesteds plass i Oslo, har greidd å sleppe så billig unna med tjuvjakta si. Særleg fordi Mork og Nygaard gong på gong har forsikra om at dei aldri skulle dra fram kniven for å partere Universitetsforlaget og dele det mellom seg.
Så kan ein lure på korleis dei to forleggjarane skal kunne vera ein styrke for norske fagbøker; for i deira historie om Universitetsforlaget har ein iallfall kunna lesa mykje som liknar på dikt og forbanna løgn.
Audun Skjervøy
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|