Dag og Tid nr. 16, 22. april 1999
Teater:
Galskap utan indre styrke
Skal ein forstå vondskapen, må ein også forstå kreftene bak, og skal Macbeth tale til oss i dag, er dette regiens fremste oppgåve. Drap og blod kan vi sjå på TV, skriv Asgeir Olden om oppsetjinga av klassikaren på Det Norske Teatret.
Det Norske Teatret:
Macbeth
Regi Stein Winge
Scenografi: Kari Gravklev
Macbeth kan forteljast som ei ytre historie om valdsverk og udåd, eller som ei galskapens historie. Føresetnaden for den versjonen er at du ser drivkreftene til personane, korleis Macbeth og Lady Macbeth kan drive seg sjølve og kvarandre inn i eit mentalt og fysisk blodbad som til slutt berre har ein utgang.
Kamparena
Scenografien til Macbeth på Det Norske Teatret meir enn ymtar om den første løysinga. Scenen er ein valplass, ein kamparena, bygd opp som ein boksering for krig, og med publikum svevande så vidt over dei stridande. Truleg er tanken, både i scenografi og regi, at vi skal oppleve den meiningslause valden som den moderne krigens gru, som eit møte med tilfeldig vald, som ein skrekkvisjon av blodspille og drap på nært hald.
Skal dette lykkast, er det neppe nok at Jan Grønli veltar seg i blod, at han blir valdteken i blod, at folk ramlar som fluger for mordarhand. Sjølv ikkje eit barnemord gjer det inntrykket eit slikt drap skal.
Årsaka er openberr. Bortsett frå maktbegjær og spådommar om kongemakt, er det ingenting som overtyder meg om at dei personane det gjeld har kraft i seg til å gjennomføre sitt forsett. Det hjelper ikkje at Jan Grønli (Macbeth) skrik så blodårene ser ut til å sprengjast, det hjelper ikkje at Anneke von der Lippe (Lady Macbeth) tuslar gjennom søvngjengarscenen, det er ikkje truverdig. Den galskapen eller viljen som krevst, må kome innanfrå, må framstå som ei overtyding, eit prosjekt partane driv kvarandre fram gjennom, eit mål for prosjektet og ei framstilling av dei drivkreftene som gjeld til kvar tid, gjennom kvar fase.
Sviktar
Denne delen av historia er nesten flat, det blir slik fordi det blir slik. Stemningsskifta, frå det kyniske maktønsket til erkjenninga av nederlaget, må kome steg for steg, gjennom gradvise endringar og klare motiv. På det feltet sviktar framsyninga kapitalt.
Skal ein forstå vondskapen, må ein også forstå kreftene bak, og skal Macbeth tale til oss i dag, er dette regiens fremste oppgåve. Drap og blod kan vi sjå på TV.
Stykket er ikkje utan lyspunkt, Lasse Kolsrud og Ståle Bjørnhaug greier å gi sine personar ryggrad og styrke, musikken er faktisk svært god, og bortsett frå ein del billege tivoliscenar, får også heksene bore fram sin bodskap, ein del av kostymane er utruleg flotte, og mange pluss til den som greier å lyssetje ei framsyning med ein såpass krevjande scenografi. Eit stygt minus derimot til at stemmene til dels ber så dårleg at det er vanskeleg å få med seg teksten.
Asgeir Olden |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|