Dag og Tid nr. 16, 22. april 1999
Stortinget:
- Inga skam å snu
Jon Dale (Sp) minner den overveldande majoriteten av stortingskollegaene som støttar bombinga av Serbia om fjellvettsregel nr 8: Vend i tide. Det er inga skam å snu.
JOHAN BROX
Jon Dale har snudd. Difor må han sjå mellom fingrane på fjellvettsregel nr 7: Gå aldri alene. For det er einsamt for dei som stiller spørsmål ved Nato i Stortinget.
Ikkje berre i Sp; til og med i stortingsgruppa til SV blir bombemotstandarane Hallgeir Langeland, Ågot Valle og Rolf Henning Reikvam klubba ned av utanrikskomitemedlemen Erik Solheim, varamedlem Kristin Halvorsen, Øystein Djupedal, Inge Myrvoll, Olav Gunnar Ballo og Karin Andersen.
Tre prosent mot
Slik har SV gjeve frå seg høvet til å målbera effektiv motstand mot Nato-aksjonane, og det skal falla mange fleire bomber over skuldige og sakeslause Jugoslavia før regjeringspartia, Høgre, Ap og Frp vender seg mot Nato og USA.
- Her på Stortinget kan dei aktive motstandarane av Nato-krigen mot Serbia teljast på ei hand, seier Hallgeir Langeland.
Der er fem fingrar på ei hand, og 165 representantar i Stortingssalen.
- Alternative synsmåtar, tvil og tankar som elles kjem til uttrykk om krigen på Balkan, har påfallande lite gjennomslag i Stortinget, meiner både Langeland og Jon Dale.
Langeland minner om at sjåarbarometeret i Holmgang-programmet han var med i på TV-2 førre veke, som elles brukar å kalla dei ekstremt reaksjonære til telefonen, viste 47-53 i favør av Nato-aksjonen. Ei meiningsmåling i Aftenposten syner at 59 prosent av dei spurde støttar bombinga.
På Stortinget er 97 prosent av representantane for at bombinga av Serbia held fram.
Truskap, ikkje vitskap
Intervjuet i førre Dag og Tid med Jan Petersen, leiar i Høgre og medlem i Utanrikskomiteen, tyder ikkje på at han har sett seg betre inn i saka enn folk flest. Dag Danielsen (Frp), som òg sit i Utanrikskomiteen, vedgår i Klassekampen at heller ikkje han har lese Rambouillet-avtalen.
Folk har sprikjande oppfatningar om krigen mot Serbia av di dei hentar kunnskap frå ulike kjelder. Den som følgjer debatten i nøytrale massemedium, til dømes svenske, forstår raskt at denne saka har fleire sider enn dei som kjem fram i Stortingstidende.
Men den utvida utanrikskomiteen i Stortinget hadde berre ei autorisert kjelde då han den 8. oktober i fjor vedtok, på vegner oss alle, å stola - blindt - på Nato.
Referatet frå møtet er hemmeleg. Komitemedlem og fritenkjar Jon Dale var fråverande. Det me veit er at ein samrøystes, utvida utanrikskomite gav stønad til regjeringa, og til den krigspolitikken som ho sidan har ført. På vegner av Nato.
Overrumpla
Utan debatt, utan å kjenna detaljane i Rambouillet-avtalen som skal legitimera åtaket på Serbia, utan å ha ein konkret plan for kva som skulle følgja bombene, og utan å seriøst vurdera alternative løysingar på konflikten stilte medlemene av Den utvida utanrikskomiteen seg bak Nato-framstellinga av situasjonen på Balkan.
Likeins gjekk det i SV-gruppa. Fleirtalet stelte seg attom Nato-framstellinga, då dei fekk henne repetert og signert av utanrikstalsmann Erik Solheim.
- Me blei overrumpla. Solheim kunne leggja fram ein grundig utarbeidd argumentasjon, medan eg måtte reisa motførestellingane på sparket, seier Hallgeir Langeland, som primært er energi-, miljø- og samferdslepolitikar.
I dei andre partia kom aldri saka så langt som til gruppene på Stortinget. Ei rundspørjing Aftenposten publiserte førre laurdag viser at parlamentarisk leiar for KrF, Einar Steensnæs, ikkje konfererte med stortingsgruppa si. Det gjorde heller ikkje partileiar Jan Petersen i Høgre. Fridtjof Frank Gundersen i Framstegspartiet fortalde at ei gruppehandsaming av spørsmålet ikkje var naudsynt. Venstre-representanten i Utanrikskomiteen presterer å gje denne uttalen til Aftenposten: - Jeg lurer litt på om vi faktisk ikke var tilstede, sier (...) Harald Hove, som ikke husker hvorfor.
Såleis blei det semje mellom dei politiske partia på Stortinget.
I skårfeste
Og bordet fangar: Di tydelegare det blir for alle som vil sjå at det var eit tragisk mistak å gå til krig mot Serbia (om målet er å lindra lidingane på Balkan og leggja grunnlaget for varig fred), di viktigare blir det for dei norske politikarane å vinna denne krigen. Det er sigerherrane som skriv historia. Berre ved å føra krigen til endes, kan dei ansvarlege få vera med på å rydda opp i elendet som dei har vore med på å skapa.
- Dei sivile krigsofra blir fleire, og trauma, redsla, polariseringa, hatet, fortvilinga, flyktningestraumen og spenningane på Balkan blir ikkje mindre, men aukar for kvar dag bombinga held fram. Trur du at dei ansvarlege politiske leiarane på Stortinget kan koma til å snu?
- Det ser eg ikkje bort frå at somme representantar kan gjera. Men at parti-gruppene på Stortinget kjem til å snu, og vedgå at krigen var eit mistak, det ser eg som utenkjeleg. Diverre, legg Hallgeir Langeland til.
Fanga av ord
Nils Petter Gleditsch, redaktør av Journal of Peace Research ved Institutt for fredsforsking, trur meiningseinfaldet på Stortinget kjem av at konflikten fekk ei gradvis opptrapping, og at politikarane på vegen blei fanga av eigne ord alt i oktober.
- At politikarane no er i utakt med folket, er såleis ikkje underleg. Opinionen står fritt til å skifta syn; han kan gå inn for bombing den eine dagen, gå mot bombing den neste, og forlanga bakkestyrkar den tredje. Men politikarane har bunde seg til masta, seier Gleditsch. |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|