Dag og Tid nr. 16, 22. april 1999

Klok på Bok 412:
Klok på svir
“Enda boken er full av handlinger, har den egentlig ingen handling. Den danser hit og dit. Så let ikke efter vel dokumentert spenning, men bli med på en ringdans gjennom et vilt århundre.”
Slik skreiv meldaren i Aftenposten om vekas Klok-oppgåve, og heldt fram: “Et dikterisk og parapsykologisk gjennombrudd for en allerede populær forfatter”.

De skulle finna ut kva forfattar som møtte kva forfattar i ein roman. Ein nolevande forfattar har møtt ei salmediktarinne som var bestseljar på 1600-talet. Torill Thorstad Hauger møtte Dorothea Engelbretsdatter i boka I Dorotheas hus. Thorstad Hauger tok rett og slett med seg skrivemaskina og vitja den restaurerte museumsheimen til Dorothea i Bergen.

Forfattaren møter ikkje berre Dorothea, ho treffer Christian IV og forfattaren Leonora Christina. Boka handlar om barokken, ei tid med mange ulike ansikt. Om forfattaren, altså Thorstad Hauger, kan ein fortelja at ho er fødd i 1943 i Vika i Oslo, har utdanna seg på Statens kunst- og håndverksskole og teke ulike historiske fag på universitetet, ho har gjeve ut ei rekkje barne- og ungdoms-bøker sidan 1976, har motteke fleire prisar og er omsett til mange språk. Handlinga i bøkene hennar er gjerne lagt til vikingtida, utvandringa til Amerika eller gamle Vika i Oslo. Forfattaren Dorothea Engelbretsdatter er fødd noko tidlegare enn Thorstad Hauger. Salmediktaren vart fødd 16. januar 1634.

Tore Aschim i Askim visste kva to kvinner det handla om i oppgåva. Dessutan har han kome fram til at det er eit 350-årsjubileum som fekk den nolevande forfattaren til å skriva om salmediktaren. “Men boka kom på prent i 1986, altså ikkje i jubileums-året, og dermed var eg litt forvirra til eg fekk kloa i boka.”

“Til Dale-Oskar og Barabass! Torill Thorstad Hauger leiter etter Dorothea Engelbretsdatter i boka 'I Dorotheas hus' som kom ut i 1986. T.T.H. bodde i Dorotheas hus, bokstavlig talt, i Gamle Bergen mens hun skreiv romanen. Huset blei flyttet til Gamle Bergen fra Kong Oscarsgate, like ved Domkirken? Er dette nok?”, skriv Torhild N. Nøsted i Odda.

Det er nok. Nøsted går av med sigeren denne veka. Ranveig Lundquist i Orkanger er som vanleg klok. Ho skriv kort og konsist og heilt korrekt. Dessutan slår Nils Aksel Danbolt Mjøs i Bergen til med eit korrekt svar. Det var dei tre riktige svara som har kome inn denne veka. Dessutan har me motteke eit svar som ikkje var rett, men som var eit godt forslag likevel. Framlegget var Liv Køltzows biografi om Den unge Amalie Skram. Men denne gongen var det altså ikkje Skram og Køltzow, men to damer i same hus i Bergen.

Klok 412
“Som en prins i vogga”  sier man jo,  “med usynlige feer og barndommens uskyldige fred over seg!”
Hvilken fe som stod ved Barbro-Nikolais vogge, var ikke godt å si. Der ute hos blikkenslagerens i det lille hus med de sprukne, stoppete ruter i utkanten av byen falt det mange slags innkvarteringer og innrykk, helst utover natten, når folk og følger på landeveien stod i forlegenhet for losji. Der stod mang en svir, og det var ikke bare en gang at vogga veltet under et slagsmål, eller en drukken mann tumlet så lang han var, over den.

Dette er byrjinga på ein roman som vart skriven året før eit viktig årstal i norsk historie. Forfattaren var son av ein prokurator, arbeidde i ein periode som sakførar og dreiv tømmerspekulasjonar. Veit du kven forfattaren er og kva tid romanen kom ut, sender du svaret til Dag og Tid, Pilestredet 8, 0180 Oslo, faksar til 22 41 42 10 eller sender e-post til bladstova@dagogtid.no. Svar innan 28. april. Lukke til!
Dale-Oskar

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |