Dag og Tid nr. 16, 22. april 1999
Bøker:
Lyrikar på eigne vegar
Kjartan Hatløy følgjer sine eigne spor, og han finn fram til sitt eige språk på ein imponerande og sjølvstendig måte.
Kjartan Hatløy:
Svarte lyn
Oktober
Eg sit og berre er/På ein krakk i ei eng/Så salig at eg let svarte maurar nytte meg til landskap/Og eg nektar å la timen forsvinne. Det står å lese i Kjartan Hatløys siste diktsamling, Svarte lyn, og det er flott å finne slike linjer av overgiving til rein eksistens og ein slik protest mot tida og det forgjengelege. Og samtidig er det i essens Kjartan Hatløys poetiske prosjekt; livet, døden og naturen.
Han gir no ut den tredje boka, tynne diktsamlingar med eit svært krese språk og ei utfordring av vedtatte sanningar om norsk lyrikk. Hatløy går sine eigne vegar, han følgjer sine eigne spor, og han finn fram til sitt eige språk på ein imponerande og sjølvstendig måte. Det er ein eigen logikk i det han skriv, og det er denne særprega logikken som fører dikta hans og tankegangen mot det draumeaktige, mot barnets måte å sjå verda på eller mot ein opphavleg måte som er glømt av det moderne mennesket.
Hos Hatløy er tilværet framleis fylt av undring og gåter, han lyftar ikkje mennesket over naturen og dei vilkåra naturen set for liv og eksistens, men integrerer mennesket i naturen og universet. Gud er også ein del av naturen, den usynlege delen av den framkomne timen, han grip ikkje inn, er der berre som del av det heile.
Døden er alltid nærverande i Hatløys dikting, som ikkje-eksistens eller ei anna form for eksistens i eit utilgjengeleg rom: Dei bortfarne sine steg/Til å høyre langs strendene/Alle farnes låge prat.
Hatløy er både himmelvend og jordvend i det han skriv. Han strekker seg mot galaksane og stjernene og kjenner magens galaktiske tromme samtidig som han kan kjenne Hofta mot holmen/Hofta mot fjellet. Under slike formuleringar ligg konflikten mellom det forgjengelege og det varige, kanskje evige. Problemet er uløyseleg, også for Hatløy, men han har eit avslappa forhold til det og nyttar seg av ein lun og underfundig humor og eit skrått blikk på mange sider ved det tilværet han hyllar i diktinga si, og eg siterer til slutt eit dikt om kyr og fastslår enda ein gong at Kjartan Hatløy er verd å bruke tid på. Han er ikkje lett tilgjengeleg, slik kan han minne litt om Erling Kittelsen, men det er kodar og spor inn i tankeverda hans, og har ein først funne eit slikt spor, er det lettare å følgje han vidare på vegen. Altså, eit dikt om kyr:
Så kjem verda fram med kyr
Tunge hovud
Legg dei på skuldrene til selskapspynta folk
Etter istidene; veldig sjølvsikre
Dei berre glor; svingar kjakar
att og fram og att og fram
Eg trur dei tykkjer vi er vakre
Oddmund Hagen |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|