Nr. 15, 15. april 1999

Herbjørn Sørebø:

Brotsmenn på frifot
Krigsforbrytaren Slobodan Milosevic blir nok ikkje stilt for krigsforbrytar-domstolen i Haag. Berre sjå til Bosnia. Etter tragedien der har “generalen” Ratko Mladic og den politiske leiaren for den etniske reinsinga, “legen” og “lyrikaren” Radovan Karadzic, vorte rekna for dei mest ettersøkte forbrytarane i verda. Det er ingen løyndom kvar dei er, men dei er framleis på frifot. I ryggen har dei heile tida hatt Slobodan Milosevic, mannen som har bygd maktstillinga si på den nasjonalistiske facismen han har framelska. Nokre av svina som stod lågare på rangstigen har vorte kalla til ansvar, men verdssamfunnet har ikkje hatt krefter til å ta seg av dei største.

Det har nok undra mange at Nato ikkje har sendt målsøkjande rakettar mot presidentpalasset i Beograd for å ta livet av Slobodan Milosevic, men der har han site trygt. Årsaka til det er, heiter det i pressa, at i presidentpalasset heng det eit målarstykke av Rembrandt. Det skal ikkje øydeleggjast. Det kan vere sant, men slike omsyn har ikkje vore avgjerande i krigar. Slobodan Milosevic tenkte for sin del ikkje på slike verdiar då han let rakettane hagle over Dubrovnik, turistbyen som vart kalla perla ved Adriaterhavet. Når presidentpalasset i Beograd ikkje vart målskive for Nato-flya frå dag ein, bør vi nok sjå etter andre årsaker enn tanken på å berge eit målarstykke av Rembrandt.

Dei grufulle skildringane flyktningar har komme med frå Kosovo gjev all grunn til å tru at det er gjort krigsbrotsverk der som fullt ut kan måle seg med dei verste i Bosnia. USA sende ut ei liste med ti namn på serbiske offiserar  ein general, oberstar og majorar  som blir truga med tiltale ved domstolen i Haag. Namnet til mannen med det øvste ansvaret, Slobodan Milosevic, stod ikkje på lista. Det kan ein undre seg over. Ser vi til den andre verdskrigen, var det aldri tvil om at dei øvste ansvarlege skulle bøte for det dei hadde gjort. Det var dei sjølv  med visse unntak  heller ikkje i tvil om. Somme av dei tok livet av seg og heile familien. Slobodan Milosevic derimot kjem nok til å sleppe å flytte ut av presidentpalasset med det fine målarstykket av Rembrandt på veggen.

I dei vestlege landa har det aldri vore meininga å hærta Jugoslavia. Målet med bombinga har vore å få slutt på den etniske reinsinga og overgrepa mot kosovo-albanarane etter at den allmektige Slobodan Milosevic hadde avvist ein avtale som kunne ha sikra fred. Utan å vise det minste teikn på vilje til nye tingingar nytta han bombinga til nye overgrep som saknar sidestykke etter den andre verdskrigen. Dei som sende ut lista over krigsforbrytarar utan å ta Slobodan Milosevic med, og dei som har arbeidd på alle tenkjelege måtar for å få i stand nye tingingar, må ha spurt seg: Kan dei vestlege landa tinge med ein “folkmordar”? Realpolitikken avgjer det.

Det er historia som kjem til å dømme Slobodan Milosevic, og den dommen blir hard. Dei etniske motsetnadene, som han medvite har forsterka til glødande hat for å sikre si eiga makt, har ført til at folk av ulike nasjonalitetar ikkje kan leve fredeleg i lag lenger i eit Jugoslavia som ein gong hadde høg prestisje i verdssamfunnet. Sjølvsagt er ikkje Slobodan Milosevic den einaste i Serbia som har ansvar for overgrepa mot kosovo-albanarane, diverre er det mange som har ansvar, men han har hovudansvaret. Det kjem heilt sikkert til å ende med at Rest-Jugoslavia må avstå store landområde, i første omgang under internasjonal kontroll. Rest-Jugoslavia blir ein lutfattig, krigsherja og tilbakeståande nasjon med djupe sår i folkesjela. Sjølv har Slobodan Milosevic sikra seg plass i historia i verdsdelen vår som den siste fascistiske diktatoren i eit autoritært statsstyre med folkemord som berande ideologi.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |