Nr. 15, 15. april 1999

Bøker:

Varm kommunist i kald krig
Ingar Knudtsen har noko å fortelje Røkkeyngelen.

Ingar Knudtsen:
I flaggets fold
Bladkompaniet 1998

Og kommunistane gjekk rake over jorda, men ingen ville ha dei. Dei var så utfrosne at dei fraus, så overvaka at dei vaka, så misforståtte at dei forstod, og til slutt var det så få av dei at det ikkje hjelpte å ha rett.

Kunne Ingar Knudtsen ha skrive, men I flaggets fold er ikkje ein slik roman, for Ingar Knudtsen er ikkje ein slik forfattar.

Ideologi i fargar

Knudtsen har i tur og orden skrive romanar om anarkismen, fascismen og kommunismen, og han har gjort det utan å plaga lesaren med at hjartet ligg på venstre side. Nazisten Eirik i Ansiktet mot sola (1997) er ikkje svart, kommunisten Ellen i I flaggets fold er ikkje kvit, og ingen av dei er grå. Dette er eit karaktertrekk ved bøkene.

Ideologiane er ei ramme om menneskeliva. I flaggets fold rommar ei nær og god skildring av forholdet mellom mor og dotter. Ellen er ei god mor. Ei god kommunistisk mor, og det påverkar livet til dottera Sonja og forholdet dei to imellom.

Samtidig er ikkje rammene ubrytelege. Nokon tek steget ut av dei når Friheten sin versjon av verda blir for vanskeleg å tru på. Ellen er heller ikkje framand for tvilen, særleg ikkje når krava til den rette tru blir stadig hardare og venner får li for det.

Kalde glør

Handlinga er lagt til Kristiansund i åra 1949-51. Ei på alle måtar kald tid, der kommunismen frys i hel, og Ellen og Sonja strevar hardt med å halde varmen i ei simpel brakke, slik mange kristiansundarar måtte etter krigen. Den kalde krigen pågår også innan familien: Mannen Kristian tente fedrelandet men sveik kona, og gifta seg på nytt i Storbritannia i 1942 med velsigning frå London-regjeringa Nygaardsvold. Etter krigen er den glødande kommunisten blitt avideologisert sosialdemokrat, utmeld av den verda han delte med Ellen. Ho seier: “Arbeiderpartimann! Lunken, lyserød, kjøpt og betalt”. Og tenkjer: “Viktigere enn nasjonalitet, kjønn, familie. Kjærligheten er ingenting imot klasse og parti. Hadde han sagt det en gang?”

Kald krig kan ikkje sløkkje all varme. Ingar Knudtsen let personane sine fryse, men svært få av dei blir til is, og det er ikkje ein tilstand å trakte etter.

Til ungdommen

Forfattaren har skrive på heimebane; oppvaksen i ein raud familie i Kristiansund, med ei mor som var konfeksjonsarbeidar, slik Ellen er.

Det kunne ha vorte pinleg. Det ser ut som ein styrke. Skildringa av den store konfeksjonsindustrien og arbeidarane i han verkar sjølvopplevd ekte. Her gjev Knudtsen eit tidsbilete som har stor historisk verdi. Det håpar eg kristiansundarane forstår, sjølv om dei aldri vil ta råd frå ein “bone”.

Tidsbiletet er ikkje avgrensa til lokal geografi, men rommar mange inntrykk: om levekåra til arbeidarklassen, frontane i samfunnet, tru og tvil, opprør og oppgjeving. Måtte det finnast lærarar i dette landet som er kloke nok til å legge pensumbøkene i historie og samfunnsfag til sides ei stund, og gje Ingar Knudtsen ordet. I flaggets fold har noko å fortelje, på eit språk som ikkje hindrar nokon i å vera med.
Svein Sæter

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |