Nr 11, 18. mars 1999
Resten av debatten:
Den fleirkulturelle skrekkvisjonen (Roald Helgheim)
Ideologisk avsl¯ring som demografisk tilsl¯ring (Sigurd Skibekk)
Reint og ureint om ideologi (Roald Helgheim)
Sigurd Skirbekk:
Forteiing som problemløysing?
I Dag og Tid for 11. mars freistar Roald Helgheim på ny å utdefinera boka Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre. Sosiologisk kulturteori og funksjonsanalyse som ein politisk pamflett.
Forsking tyder mellom anna i å kunna framstilla eit materiale på ein slik måte at andre kan etterprøva eit resonnement frå problemstilling og til konklusjonar. Roald Helgheim har til no nytta tre heile avissider til å seia si meining om meg og boka mi. Men ikkje i eitt avsnitt har han fortalt lesarane kva som er problemstillinga i boka. Difor bør eg gjere det no:
Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre handlar om den intellektuelle status til dominerande tolkingsmønster i samtidig kultur. Spørsmålet blir stilt om den samfunnsforståinga som har vore dominerande etter 1989, representerer endepunktet for menneska si ideologiske utvikling, slik den amerikanske historikaren Francis Fukuyama har hevda. Eller om det er slik at den nyliberalismen som har dominert både kultur og politikk i seinare år, har den same type av innebygde innskrenkingar som tidlegare ideologiar frå dette hundreåret. Eg argumenterer for at kultursosiologien har kategoriar og teoriar for å kunne analysera ideologiar i et komparativt perspektiv, og eg kjem fram til at den nyliberale ideologien er dysfunksjonell sett i høve til uunngåelege utfordringar i neste hundreåret utfordringar av moralsk, av demografisk og av økologisk natur.
Avsløring og analyse
Helgheim er ikkje oppteken av denne problemstillinga. I staden leitar han opp sitat som, uavhengig av sin samanheng, kan gje bestemte assosiasjonar for folk som tenkjer ut frå ideologisk posisjonering heller enn ut frå argumentasjon.
Eit tema som Helgheim kjem tilbake til også i sitt nye innlegg, er den mykje omdiskuterte boka The Bell Curve, som har undertittelen Intelligence and Class Structure in American Life. Det hjelper ikkje at Helgheim kallar min referanse til debatten om denne boka for ei meiningsytring frå mi side. Det eg gjer, er å fortelja om problemstillingar som nokon diskuterer og som andre vil leggja eit lokk over. Når Helgheim meiner at ein forskar ikkje skal gå inn på problemstillingar i denne boka, fordi grupper som har stødd utgjevinga kan ha hatt visse interesser for det, demonstrerer han berre avstanden mellom ei journalistisk og ei vitskapeleg form for vurdering. (Journalistar er opplærte i å avsløra meiningar ut frå sosial og ideologisk posisjonering av grupper og personar. Forskarar blir opplærte i å vurdera sanningsinnhaldet i det som blir sagt ut frå logikk og empirisk samsvar).
Forteiing
Det einaste substansielt nye i siste artikkelen til Helgheim er at han her argumenterer for at det er best for integreringa av innvandrarar at vi ikkje snakkar for mykje om visse problem som kan følgje av den demografiske utviklinga i verda. Han skriv: At den store folkeauken også vil føre til auka spenningar, er sikkert og visst. Men om det fleirkulturelle samfunnet vil forsterke desse spenningane eller ikkje, er mellom anna avhengig av kor mange som på førehand lar seg skremme av dei ideologiske meiningsberarane som målar dette samfunnet som ein skrekkvisjon.
Dersom denne utsegna skal ha meining, må den føresetja at demografiske og kulturelle spenningar vil løysa seg sjølv, eller i alle fall blir mindre, dersom vi ikkje snakkar om og ikkje tenkjer på dei verste scenaria.
Dette er ein dristig påstand og ein appell til førestellinga om forteiing som problemløysing. Det er dessutan vitskapeleg utilfredsstillande å tolka alle spenningar mellom ulike folkegrupper som berre eit spørsmål om psykologi, når det finst både kulturelle og materielle strukturar bak spenningane.
Amerikanske studiar tyder på at konfliktnivået mellom innvandrarar og innfødde heng saman med kor mange innvandrarar som har kome til ein stad utan å ha vorte integrerte. Studiar av pakistanarar i Oslo syner at fleirtalet av andre generasjon innvandrarar ikkje vil identifisera seg som nordmenn.
Det er når vi ikkje vil tenkja over kva som i verste fall kan hende, at vi har størst grunn til å frykta at ingenting blir gjort i tide, og at det verste vil kunna skje. På den andre sida kan eit medvit om dei verste scenaria gjera det lettare å frigjera seg frå førestellinga om at alle val skal vera mellom det gode og det vonde, og i tide velja det minst uheldige mellom alternativ som alle har tragiske sider knytt til seg.
Reinsinga
Eg må vidare protestera mot Helgheim si utlegging av min analyse av antirasisme. Det er ikkje sant at eg har teke for meg ei brokut forsamling som har kome med antirasistiske fråsegner for så å ta dei elementa som høver inn i hans ideologi-definisjon.
Då eg tok for meg debatten om rasisme som ei kultursosiologisk analyse, var dette mellom anna fordi såpass mange argument i denne debatten har vore tabuiserte. Dette gir ofte eit godt utgangspunkt for ideologianalysar. Då eg skulle analysera grunngjevingar til dominerande fortolkarar i samfunnet, måtte det bli antirasismen og ikkje rasismen som kom i fokus. Eg tok for meg kva type av antirasime som kan tolkast som basert på forsking. Det som ikkje kunne passera som forsking, analyserte eg deretter ut frå kriteria for ideologiar, deretter ut frå kriteria for mytar og endeleg ut frå kriteria for tru. Ulike sider ved antirasismen passa inn i kvar av desse kategoriane.
Helgheim gjer eit nummer av at han har lese Mary Douglas. Det har eg også, og eg ser ingen motsetnad mellom det ho skreiv i Rent og urent og min analyse over eit liknande tema, der eg endar med denne formuleringa: Kampen mot urene rasister kan av antirasister oppleves som en kamp for renheten, på samme måte som motstående grupper kan oppleve sin kamp mot innvandringen fra fremmede land på tilsvarende vis, og liksom tidligere grupper opplevde kampen mot jødene som en form for renselse.
Sigurd Skirbekk
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|