Nr. 10, 11. mars 1999
Resten av debatten:
Den fleirkulturelle skrekkvisjonen (Roald Helgheim)
Ideologisk avsl¯ring som demografisk tilsl¯ring (Sigurd Skribekk)
Forteiing som probleml¯ysing? (Sigurd Skirbekk)
Roald Helgheim:
Reint og ureint om ideologi
Under tittelen Ideologisk avsløring som demografisk tilsløring (4. mars) imøtegår Sigurd Skirbekk kritikken av boka hans her i avisa 28. februar, der eg hevda at forfattarens fleirkulturelle skrekkvisjon er ein tjukk politisk pamflett forkledd som vitskap.
Anten forfattaren trur det eller ei, gjekk eg til boka (Ideologi, myter og tro ved slutten av et århundre, Tano/Aschehoug) med eit ope sinn, men ikkje med blanke ark. Så mykje kjenner eg til Sigurd Skirbekks og ein del meiningsfellers syn på nasjon, kultur og innvandring, at eg venta meg utfordrande synspunkt. Skirbekk har i fotnotane ei rad tilvisingar til eigne publikasjonar og artiklar som tar opp sider ved det han drøftar i den siste boka. Synspunkta er altså ikkje offentleg ukjende. Men det som gjorde meg ekstra nyfiken var at denne boka er gitt ut på eit fagbokforlag med støtte frå den faglitterære forfattarforeininga. Av forlaget blir ho lansert som ei bok for studentar i samfunnsfag som gir dei en bred innføring i kunnskapssosiologiske modeller og analyser. Den vil også interessere andre som er opptatt av hvordan ideologier og myter former og begrenser vår felles forståelse av vår nære
fortid, samtid og framtid.
Sigurd Skirbekk er professor i sosiologi ved universitetet i Oslo. Han har skrive ei fagbok med undertittelen Sosiologisk kulturteori og funksjonsanalyse.
Ideologiog meining
Sett på spissen påstår eg altså at ho er ei ideologisk basert meiningsytring presentert som vitskap. Ikkje fordi eg har som utgangspunkt at all ideologiavsløring sjølv er ideologisk, som Skirbekk i innlegget sitt i Dag og Tid 4. mars påstår at eg har, men fordi Skirbekks meiningar i dette tilfellet skin som ein lysande tråd gjennom boka. Det er inga sjokkerande oppleving. I lys av vitskapsfilosofi drøftar Skirbekk sjølv det problematiske i at vitskap kan nyttast til å legitimere ideologiar, og det umoglege i å finne ei analytisk plattform som ikkje er sosialt eller kulturelt betinga. Ein universell fornuft uavhengig av fordommar er knapt å oppdrive (s. 72/73). Sosiologiske kulturstudiar er ingen eksakt vitskap, og at forskarar med ulik ståstad også kjem til ulike slutningar, trur eg Skirbekks eige, enorme kjeldemateriale viser til fulle.
I innlegget sitt skriv forfattaren at han (Helg-heim) nemner ikkje at eg har over seks hundre fotnotar til forsking som for ein stor del har vore halden skjult for norske mediakonsumentar. Eg har ikkje for vane å melde fotnotar (skulle eg det?), men i dette tilfellet har eg følgt ganske nitid med i notetilvisingane. Her finn eg ein vrimmel av kjende og (for meg) ukjende verk. Den boka som eksplisitt blir framheva (i note 340) som undertrykt i norske media er Innvandring fakta og problemer, der Skirbekk er ein av sju artikkelforfattarar med forskarbakgrunn. Boka kom på AdNotam/Gyldendal i 1993 og ble ikke nevnt eller omtalt av noen dagsavis i landet, tross dobbel utsendelse fra forlagets side. Det er sjølvsagt ille (boka kom aldri meg i hende), men media har aldri vore sprengfylte av kvalifiserte litteraturomtalar på dette feltet. Samstundes har både Unni Wikan, Inger-Lise Lien og andre som eg oppfattar som
meiningsassosierte med Skirbekk, fått hyppig medieeksponering med spesielt beisk kritikk av norsk innvandringsforsking. Samstundes har Ottar Brox og andre levert vektige bidrag til å mildne meiningskonkurransen mellom frontane i spørsmålet. Men alle som stikk hovudet innom NIBR, Sintef, Fafo eller andre forskingsfora kan også konstatere at det blir produsert store mengder verdifulle publikasjonar som sjeldan kjem det offentlege for auget. Det offentlege ordskiftet om kultur og innvandring har alltid rørt seg på det overflatiske påstandsplanet. Mens den som les boka til Skirbekk, får tidleg inntrykk av det finst ein spesiell, nyliberalistisk konspirasjon mot den type forsking og meiningsytring som han driv med.
Reint og ureint
Difor brukte eg mykje plass i omtalen på å få fram Skirbekks analytiske plattform med hans eigne ord, som ikkje er lausrivne sitat, men representative både for analysen hans og av meiningane hans. Skirbekk viser til svært mykje interessant, faktabasert materiale. Men til sjuande og sist er det ikkje volumet på kjeldene som tel, men måten dei blir brukte på. Eitt døme eg nemnde i omtalen min er bruken av Mary Douglas' sosialantropologiske klassikar Rent og urent.
I det kapitlet som også er det mest frenetiske åtaket på antirasismen som Akademia har prestert så langt, skriv Skirbekk:
Likevel er det for enkelt å gå ut fra at vi her bare står overfor folk om søker legitimitet for å få utløp for aggresjon. Bak slagordene om å 'knuse rasistene' kan det ligge noe mer enn et primitivt ønske om å få vise vold. Kampen har også et element av å være en kamp for renhet og mot det urene. Ettersom rasismen er grumsete, blir antirasismen og det fargerike fellesskap som den antas å skape, et uttrykk for det rene.
I den tilhøyrande fotnoten viser han til Rent og urent. Men slik eg les Douglas, går analysen hennar av det reine mot det ureine rett i solar plexus på det eg oppfattar som Skirbekks prosjekt med å setje nasjonal og kulturell reinleik opp mot fleirkulturell forsøpling. Eg siterer på ny frå boka til Skirbekk:
På samme måte som de fleste mutasjoner er skadelige, må vi også forutsette at de fleste former for kulturell fornyelse vil være det. Et sunt samfunn kan derfor forventes å ha ordninger for streng sortering av nye kulturformer og for utstøtelse av det som virker dysfunksjonelt. Mange talsmenn for kulturlivet, som gjerne taler varmt for ikke-diskriminerende kulturstøtte og mot offentlig sensur, vil ha vansker med å ta inn over seg slike tanker; selv om kultur opprinnelig betyr dyrking, og all dyrking innebærer luking.
Anomali og anomi
Mary Douglas skriv: Skitt er som vi kjenner det, i bunn og grunn ikke noe annet enn uorden. Vidare: Kulturen, som et samfunns offentlige og standardiserte verdier, formidler enkeltindividenes erfaringer. Den gir noen grunnkategorier å gå ut ifra, et positivt mønster hvor ideer og verdier er pent og ryddig ordnet i forhold til hverandre. Jeg tror dette er grun-nen til at enhver kul-tur som er verdt å nevnes, har forskjellige tiltak å sette inn overfor tvetydige eller anomale begivenheter.
Anomali er eit avvik frå regelen. Anomi normløyse er ein del av den durkheimske begrepsbruken som Skirbekk svermar for i sluttkapitlet En selvdestruktiv ideologi. Den sjølvdestruktive ideologien er det forfattaren definerer som den for tida herskande nyliberalismen, som er noko nær den rådande vestlege ideologien. For Durkheim var anomi ikkje berre ei beklageleg, men naudsynt omkostning ved utviklinga av eit differensiert samfunn. Durkheim så anomiske tilstander som et eksempel på patologisk tilpasning. Anomi er et krisetegn.
Den godefiende-ideologien
Så langt Skirbekk, Durkheim og bruken av Mary Douglas. Skirbekk skriv i Dag og Tid-innlegget at han ikkje presenterer sine private meiningar, men derimot ein Durkheim-inspirert funksjonsanalyse. Den som les særleg kapitlet om innvandringsdebatten, kan ikkje unngå Skirbekks meiningar. At han også presenterer ein analyse, gjorde eg ganske utførleg greie for i omtalen. Når eg hevdar at Skirbekks ideologi-avsløring i dette tilfellet også er ein ideologi, gjeld det først og fremst analysen av nyliberalismen og antirasismen. Skirbekk opererer med fem kjenneteikn på ein ideologi:systemsammenheng, interesseavhengighet, realitetsfordreining, en skadelidende part og selvimmunisering. Eit vanleg døme på det siste er å framføre situasjonsfortolkninger som får opponenter til å virke suspekte, slik at det kan synes unødvendig å undersøke saklighetsinnholdet i
deres argumenter.
Så vidfemnande lauseleg (og ganske nedlatande) som Skirbekk definerer nyliberalismen som den individsentrerte, menneskerettsfikserte, moteprega rådande humanismen og hjartelagsetikken, og antirasismen som ein stor sekk som rømer ei brokut forsamling av folk som har kome med antirasistiske fråsegner, så er det lett for han både å ta dei elementa som høver inn i ideologi-definisjonen hans, og å avsløre ideologien etterpå på ein tilsynelatande vitskapleg måte. Det er verkeleg ideologiavsløring som ideologi. Dette viste eg døme på i bokomtalen.
Økologi og innvandring
I innlegget sitt i Dag og Tid omtalar Skirbekk meg som ein av dei som vil bevare sine illusjonar om innvandring som ei løysing på befolkingsutviklinga i verda. Slike naive førestellingar har eg sjølvsagt aldri hatt. Nettopp difor er Skirbekks demografiske kalkylar sanne eller ikkje sanne ikkje avgjerande for den antirasistiske haldninga mi, eller for kva eg meiner om innvandringsspørsmålet.
At den store folkeauken også vil føre til auka sosiale spenningar, er sikkert og visst. Men om det fleirkulturelle samfunnet vil forsterke desse spenningane eller ikkje, er mellom anna avhengig av kor mange som på førehand lar seg skremme av dei ideologiske meiningsberarane som målar dette samfunnet som ein skrekkvisjon. At folkeauken også utgjer eit økologisk trugsmål, er det ingen tvil om. Men Skirbekk hevdar i boka at eit fellestrekk ved alle menneska sine åtak på naturressursane er at de er legitimert av ideologier som er basert på menneskelige rettigheter og ikke på naturens forutsetninger. Slik oppsummerer han eit århundre som til evidens har vist at den industrielle raseringa av natur og miljø har vore ganske uavhengig av dei herskande samfunnssystem. For ein som einøygd ser på berre befolkningsutviklinga, er Kina eit føregangsland som også Skirbekk framhevar. Men
som naturøydeleggjar og forureinar er også Kina forlengst i eliteklassen.
Bell-kurva
Til slutt, The Bell Curve. Skirbekk har tre fotnotar som viser til kritiske verk som han hevdar er meir vitskapleg relevante enn den artikkelen eg viste til som stod i The New York Review Of Books. Ut av litteraturtitlane i fotnotane åleine kan ingen slutte seg til kva kritikken går ut på eller kva som er mest relevant. Det er noko av det forførande med fotnotar. Men at debatten tok ei avgjerande vending når det vart avslørt at forskinga bak The Bell Curve vart finansiert av den rasehygieniske stiftelsen bak tidsskriftet Mankind Quarterly, kan det ikkje herske tvil om.
I dette lyset er det interessant når Skirbekk i ein fjerde Bell-fotnote (579) skildrar The Bell Curve som den boka som kanskje har vært mest kritisert på 1900-tallet fordi den tar opp statistiske forskjeller mellom raser. Vidare: Det sier en del om hva som er og ikke er tabubelagt i samtidig ideologi når påviste klasseforskjeller ikke har vakt større oppmerksomhet. Den tanke at arbeiderklassen gjennom lang tid er blitt røvet for gode gener og at en framtidig klassekamp kunne bli genetisk og ikke bare økonomisk, faller tydeligvis utenfor horisonten for hva etablerte kritikere vil diskutere.
Det kallar eg ei klar meiningsytring.
Roald Helgheim
|
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|