Nr 9, 4. mars 1999
Resten av debatten:
Den fleirkulturelle skrekkvisjonen (Roald Helgheim)
Reint og ureint om ideologi (Roald Helgheim)
Forteiing som probleml¯ysing? (Sigurd Skirbekk)
Sigurd Skirbekk:
Ideologisk avsløring som demografisk tilsløring
Vel heimkomen etter eit opphald på sørlege breiddegradar der eg mellom anna har vore invitert som einaste nordmann til bryllaupet mellom Fatima og Abdullah i Casablanca må eg igjen venna meg til omgangstonen i eit land der avstanden til grannar målast i steinkast.
I Dag og Tid for 25. februar har Roald Helgheim eit stort oppslått utfall mot meg fordi eg har gitt ut boka Ideologi, myte og tro ved slutten av et århundre. Sosiologisk kulturteori og funksjonsanalyse på Tano/Aschehoug. Ein lesar skal forstå at denne boka er farleg, og at forfattaren kan mistenkjast for å vera både kvasiforskar, rasist og det som verre er.
Etter reaksjonen å døma må eg ha treft godt med mine diagnosar av dominerande mytar og ideologiar i mediasamfunnet. Det verkar som om den tidlegare journalisten frå Klassekampen kjenner seg personleg utfordra, og han unnslår seg ikkje for å karakterisera boka som ein vitskapleg kamuflert pamflett.
Etter å ha vore tilsett på Blindern i eit par tiår, meiner eg å kjenne reaksjonsmønsteret når folk frå visse miljø skal driva avsløring av forsking som ikkje passar inn i deira eigen ideologi. Ein første strategi går ut på å hevda at all ideologianalyse sjølv er ideologisk. Dermed overser dei skiljet mellom ideologisk og analytisk kritikk. I det eine tilfellet søkjer ein sitat og data som kan underbyggja ein oppsett konklusjon. I andre tilfellet set ein opp eksplisitte kjenneteikn på kva som er ein ideologi, og analyserer så tilgjengeleg stoff i høve til dette. Når ei framstilling er basert på kriterie som er etterprøvbare av andre, blir ho rekna som forsking, i alle fall ved universiteta.
Eg meiner å ha presentert ein konsistent sosiologisk posisjon til å analysera dei tema eg tek opp. Det er ikkje mine privatmeiningar, men derimot ein Durkheim-inspirert funksjonsanalyse som fører til kritiske perspektiv på både menneskerettar og på føresetnadene for integrerte samfunn tilpassa økologiske rammevilkår. Det er tydelegvis ikkje like lett for alle å fatta skilnaden på ein open empirisk funksjonsanalyse og ein teoretisk lukka funksjonalisme, t.d. ein marxistisk funksjonalisme. Dermed blir det òg vanskeleg å skjøna at ein ideologi som har sigra i ein historisk periode, kan framstå som ein survival of the unfittest sett i høve til nye typar av utfordringar.
Helgheim går utanom dette og vel i staden å trekkje sitat ut frå sin samanheng og å karakterisera dei ut frå eiga magekjensle, ikkje å gå inn på resonnement og data i boka eller å spørja om sanningsinnhaldet i det eg skriv. Utleggingane blir så tilordna symbolpersonar for å vekke emosjonelle reaksjonar i eigne miljø. Han nemner ikkje at eg har over seks hundre fotnotar til forsking som for ein stor del har vore halden skjult for norske mediakonsumentar.
Artikkelforfattaren freistar å gjera eit poeng av at eg skulle ha referert til The Bell Curve, utan å opplysa om den mest avgjerande kritikken mot boka. Den som les mi bok vil sjå at eg i fotnote 567, 571 og 572 refererer til ikkje mindre enn tre slike kritiske verk, som kvar for seg er meir vitskapleg relevante enn det som stod i The New York Review of Books. I tillegg viser eg også til Philippe Rushtons motkritikk til kritikaren Stephen J. Gould. Det ville vera for mykje forlangt at eg, i dette avsnittet, også skulle gått inn på den metodiske diskusjonen om multivariate analyser kan oppheva nokre av samanhengane som er funne i bivariate analyser, eller gått meir inn på diskusjonen om i kva grad evnemålingar uttrykker eigenskapar ved arv, ved miljø og ved testane. Dette er elles omtalt tidlegare i boka.
Direkte ureieleg blir Helgheim når han påstår at eg skulle ha sagt at brorskapstanken frå den franske revolusjon skulle vera meint som ei form for familiært slektskap. På sidene 219-220 gjer eg det tvert om klårt at brorskap i politisk samanhang tyder ein form for vi-identifikasjon som er kulturelt konstituert. Problemet er berre at ein sterk vi-identitet føreset grenser til eit ikkje-vi, som må oppfattast annleis enn vi-et. Dette er grunnen til at sterkt brorskap og universell likskap ikkje utan vidare kan sameinast: Eit sosialt brorskap er alltid ekskluderande; eit universelt brorskap er alltid meir utvatna.
Etter å ha utfalda seg over to heile avissider, fortel Helgheim at han ikkje ønskjer å gå "i nærkamp" med mine demografiske data - dei er elles henta frå FNs demografiske kontor (http://www.popin.org/pop1998/1.htm). Ein slik strategi er kanskje også den tryggaste for dei som vil bevara sine illusjonar om innvandring som ei løysing på befolkingsutviklinga i verda. FN-demografane har mellom anna rekna ut at jorda kan få ni-ti milliardar menneske å fø på i midten av neste århundre, dersom menneska ikkje endrar sine førestellingar om eigne rettar. Dei same demografane meiner å kunne hevda at Afrika aleine kan få ei firedobling av sitt folketal fra 1975 til 2050. Asia er venta å auke fra 2,4 milliardar i 1975 til 5,2 milliardar i 2050. I eit land som Pakistan, med 778 720 km2 landområde og der 23 pst er
dyrkbart, er folketalet venta å auka frå rundt 74 millionar i 1975 til 150 millionar i dag og til mellom 340 og 350 millionar i 2050.
Denne folkeauken vil føra til store sosiale spenningar og til mange forfølgde menneskje. I lengda blir det umogeleg å ta imot alle som vil hit, og som med rette eller urette hevdar at dei er forfølgde. Moralen må skifta fokus frå hjartelagsetikk og til ein etikk for å gjera noko med formeringsrettar og livsvilkår på eit strukturelt plan.
På vestleg side er det ikkje "den fleirkulturelle skrekkvisjon" som trugar den langsiktige overlevinga av denne sivilisasjonen. I demografisk samanhang er det heller grunn til å sjå på framskrivingar av ubalansen mellom folkegrupper med sterk familieorientering og med mange barn sett i høve til ein veik vestleg moral for reproduksjon, samstundes som innvandrargrupper berre delvis vil identifisera seg med vår kultur.
I tillegg kjem dei økologiske argumenta. Det kan her skytast inn at Noreg av mange naturvernarar vart erklært som eit overbefolka land alt i 1974. Grunnen til dette var at vi berre hadde 2 da dyrkbar mark pr. individ. Etter den tid har vi likevel fått over ein kvart million innvandrarere. Ifølgje Statistisk Sentralbyrå hadde vi pr. 1.1.1997 teke imot 232 192 innvandrarar med to utanlandske foreldre, av desse var 197.412 første generasjons innvandrarar utan norsk bakgrunn. I Oslo var det på dette tidspunktet registrert 81.192 innvandrarar, av desse hadde 53.914 det som er kalla "fjernkulturell bakgrunn". 24 pst av førsteklassingane i Oslo hadde ein utanlandsk bakgrunn. Utlendingsdirektoratet kan fortelja at 50 pst av folketilveksten i Noreg siste tiåret skuldast innvandringa.
Slike data vil venteleg ikkje gjera inntrykk på ein som vil forsverja seg til den kritikken som Karl Marx retta mot Thomas Malthus for halvtanna hundre år sidan. Men det kan vera andre som er meir opne for argumentasjon.
Sigurd Skirbekk |
© Dag og Tid
Ivar
Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL
HER
| Førstesida av denne utgåva
| Abonnement
| Arkiv
| Lysingar |
| Butikk
| Bladstova
| Nett no |
|