På sitt beste er "Viss du vil" av Ingelin Røssland både spenstig og poetisk.
Ingelin Røssland:
Viss du vil
Samlaget, 1998
I boka Viss du vil av Ingelin Røssland fortel den 18-årige Anneli om livet sitt året etter ho slutta på vidaregåande skule. I staden for å gjere det som mora ventar av henne, dra til Bergen der skuleplass på radiograflinja ventar, tek ho jobb i barnehage i ei utkantbygd i heimekommunen. Ho får leige eit gammalt trehus, huset til Lino, som er død av kreft. Og langsamt gir huset frå seg forteljinga om Lino som viser seg å vere mor til far til Anneli. Anneli er usikker på om ho skal fortelje dette til faren som berre har møtt Lino ein gong i ungdomen då han vølte huset hennar. Men ho vel å fortelje det rett før han døyr av kreft.
På leit
Dette er berre ei av forteljingane i boka. Ved sida av denne såre og mørke, ligg forteljinga om Ragnar som Anneli blir forelska i. Han er far til ein av gutane i barnehagen og forlaten av sambuaren, den vakre Helena. Mellom Ragnar og Anneli utviklar det seg eit usikkert forhold; han er redd for at folk skal få vite om dei, og ho er usikker på om han vil ha henne.
Tittelen på boka viser til førstelinja i eit dikt ho skriv til han, og det peiker og på tematikken: Boka viser ei ung jente som leiter etter eigen vilje og identitet gjennom utforsking av kvinneroller hos kvinner ho ser og møter, i heimen, på butikken og gjennom kvinnebilete hos menn.
Meistrar handverket
Slike forteljingar er velkjende. Det som gjer boka interessant, er sjølve språkføringa og utforminga av teksten. På sitt beste er teksten både spenstig og poetisk. Her er artige kapitteltitlar og originale språklege uttrykk som til dømes: "Pappa tek ein peparkakemann som han knekkjer nakken på med munnen".
Ingelin Røsseland er debutant, men demonstrerer ved denne boka at ho meistrar skrivehandverket. På det beste fortel ho effektivt, legg ut akkurat passe med spor i teksten og klipper av handlingstrådar slik at det blir etablert ei spenning som dreg lesaren vidare.
Truverdet brest
Men ikkje alt er like bra; nokre av personane blir berre påstandar og klisjear. Det gjeld framfor alt mor til Anneli, superhusmora, som blir karakterisert som ein kvit italienar. "Håret som ho har farga raudlilla, det lange skranglete andletet. Kroppen som ser heilt feil samansett ut, tynn og skranglete med vulgært store bryst". Truverde til denne figuren brest også fordi det blir lesst for mykje på i karakteristikken. Rett etter at mannen er død innleier ho eit forhold til ein omreisande emissær som til og med konkret tar jenterommet og dermed heimen frå Anneli. Likevel gjer dette ikkje så mykje for forteljinga som heilskap, mora er berre ein bifigur.
Verre er det at Ragnar som har ei viktigare rolle i handlinga, også ofte verkar som ein påstand - mest gjennom det han får seie, men og gjennom handlingar og karakteristikkar.
Ungdomsbok?
Boka er gitt ut som ei ungdomsbok. For meg er "ungdomsbok" eit problematisk omgrep av mange grunnar. Ei av dei er at ungdom er eit svært diffust omgrep i vår tid. Men ofte kan alderen på hovudpersonen vere ein god indikasjon på kven boka er skriven for. Anneli er 18 år, og teksten gir jenter i denne aldersgruppa mange attkjenningspunkt. Dei vil kjenne seg att i utsnitta frå livet til Anneli. Men spørsmålet er om ikkje for mykje blir alt for velkjent. Den unge lesaren søkjer like lite som andre lesarar berre sitt eige bilete i bøker. Men Viss du vil gir berre spegelbilete. Fasitsvaret på ungjenteutviklinga er for tydeleg. Derfor er det å håpe at Ingelin Røssland vil utnytte den språklege evna ho utvilsamt har, til å skrive om noko som gir meir enn berre attkjenning i neste bok.
Synnøve Skjong
© Dag og Tid