Dag og Tid nr. 42, 15. oktober 1998
Litteratur:
Diktaren frå Ekofisk
Mona Høvring svingar til vanleg vaskekluten på ei oljeplattform i Nordsjøen. I midten av september debuterte ho med diktsamlinga «IIK!! Ein dialog». Alt no er det klart at boka kjem i nytt opplag.
OTTAR FYLLINGSNES
Mona Høvring (36) var debutanten som Dag og Tid ikkje greidde å få med i oversikta over nynorsk-litteraturen. Denne hausten gjev ho ut si første diktsamling på Gyldendal på nynorsk.
Når Mona Høvring har kalla debutsamlinga for IIK!! Ein dialog, er det ikkje utan grunn. Ordet finst i vidt ulike samanhengar. Det kan til dømes vera ein delfinlyd. Eit tørt IIK!! kan brukast ironisk, men mange knyter ordet til teikneseriar, til ei kvinne som står skrikande på eitt bein på ein stol, medan ei mus pilar over golvet.
Men IIK!! kan også vera ein lyd frå ei kvinne som oppdagar at ho har ein seksualitet som ho ikkje veit kva ho skal gjera med; ein seksualitet som er minst like farleg som musa på golvet, seier debutanten.
Omnsoperatør
Opphavleg kjem Mona Høvring frå Karmøy. Bakgrunnen er mangslungen og lite akademisk. Ho har arbeidd både med amalgam og aluminium, først som tannlegeassistent, sidan som omnsoperatør på aluminiumsverket på Karmøy, men der vart ho sjuk og måtte slutta. Sidan vart det vaksengymnas i Oslo, før ho flytta heim til Karmøy for å arbeida i bokhandel. Etter fem år sa ho opp jobben. Heller skriva bok enn selja bok, tenkte ho og flytta til ei hytte for å prøva seg som forfattar.
Eg visste ingenting om kor vanskeleg det var, men eg ville prøva. IIK!! vart ikkje til på hytta. Eg famla i blinde etter stemma mi, og noko fann eg fram til der. Eg byrja å senda inn tekstar til forlaga, og eg fekk bra konsulentutsegner tilbake. Det vart mange tekstar, men eg streva med å samla dei. Eg kom inn på Skrivekunstakademiet i Bergen, men takka nei. Det er eg svært glad for no. Eg veit ikkje om eit så langt kurs hadde vore noko for meg. Det kunne vorte svært frustrerande. I staden melde eg meg på eit vekekurs som Skrivekunstakademiet arrangerte på Ustaoset. Der presenterte Arild Dahl tekstar av den greske lyrikaren Arkhilokhos, og eg vart svært overraska over at tekstane var frå 600-talet. Somme av dei er svært visjonære, og eg likte måten Arkhilokhos skreiv på. Eg fekk låna Arild Dahls bok, det vil seia Svein Jarvolls gjendikting av Fragmenter, og den har Dahl aldri fått tilbake. Lesinga gjorde meg provosert, fortel Mona Høvring.
Ho fortel om Arkhilokhos; ein kranglefant og ein forferdeleg fyr som var trulova med Neobulé. Av ulike grunnar braut faren til Neobulé trulovinga. Etter dette vart Arkhilokhos så forbitra at han skreiv nidvers om Neobulé, systera og faren.
Så godt han kunne, prøvde han å nedverdiga dei med å bruka eit maskulint kjønnspråk. Rykta vil ha det til at dei tre gjekk og hengde seg då versa vart offentleg kjende. I mi bok er mange av dikta lagde i munnen på Neobulé. Det vert som ei slags sjølvhevding. Neobulé prøver å koma i posisjon eller i dialog med Arkhilokos, men det ser ikkje ut til at ho lukkast i særleg grad. I staden treffer ho andre maskuline stemmer som det er langt meir fruktbart for henne å snakka med, til dømes ein delfin, ein ulv og ein grøn mann. Dikta er ikkje eit forsvarsskrift frå ei kvinne mot ein mann, men mot det språket som Arkhilokos brukar. Neobulé prøver å definera seg sjølv i høve til sin eigen eksistens. Det handlar om å vera kvinne og
menneske og vera innestengd i sitt eige skrog. I den samanhengen kjem delfinar inn som symbol. I antikken var dei symbol på ånda og sjela si frigjering frå kroppen. Delfinen var symbol på noko som kommuniserer intelligent. Det vert sagt at den som har sett ein delfin i auget, gløymer det aldri, seier Mona Høvring og minnest sin eigen delfindraum.
Han var fantastisk!
Annan planet
Frå hytta på landet flytta Mona Høvring til Haugesund. I lengda vart det for stussleg for den prøvande poeten å vera utan miljø og utan inspirasjon. Men Mona Høvring trong ein jobb. Ho satsa på Nordsjøen, tok tryggingskurs, og same dagen som ho var ferdig, bar det ut på plattform. Ho kom til Maersk Galante på Ekofiskfeltet som forpleiingsassistent.
For meg er det det same som vaskekjerring. Eg ser ikkje noko nedverdigande i å vaska på plattform, men hadde nokon kalla meg vaskekjerring, hadde eg opplevd det som ufint. «Stewardess» heiter det no.
I to år har Mona Høvring arbeidd i Nordsjøen, og skilnaden frå bokhandelen på Karmøy er stor.
Det er eit annleis liv, nesten som på ein annan planet. Kollegaene er fine, men monotonien gjer det til eit helvete iblant. Variasjonen i arbeidet er liten. Målet mitt er å vaska mindre og skriva meir. Visst har me mykje fritid, men det tek si tid å koma til hektene etter ein periode på plattform. Dei fleste forfattarar trur kanskje at det er ideelt med to veker på jobb og tre veker fri, men det er slett ingen draumejobb.
Du vil ikkje rå andre fattige forfattarar til å ta seg jobb på plattform?
Nei, slett ikkje. I alle fall ikkje forfattarar med meir intellektuell legning enn det eg har. Ute på plattforma kjem det fram ei anna side av deg sjølv. Mange har eit overlevingsinstinkt som er heilt unikt. Det er ikkje sant at fritida for plattformarbeidarar er så fantastisk som ein skulle tru. Heime og ute er to heilt ulike miljø, og det kjennest svært merkeleg å veksla mellom dei. Spranget er stort, men livet mitt er fullt av store sprang. Det er fint å finna ut av eigne reaksjonar og korleis ein oppfører seg på ei plattform, men eg ønskjer ikkje å vera der til eg vert pensjonist.
Sexpress gammaldags
Mannsdominansen er stor?
Det er mest menn, men eg ser ikkje på det som noko problem. Eg likar menn, eg, seier Mona Høvring og ler.
På plattforma får du mykje merksemd på ein positiv måte. For meg er sexpress eit gammaldags ord. Det er mykje kjekkare med ein god flørt enn at ingen snakkar til deg. På plattforma vert du ikkje overfallen i gangane, om du ikkje vil det. Det er ei ueinsarta gruppe som arbeider i Nordsjøen, og det er mange spennande folk, seier Høvring.
Eg håpar at ein eller annan set i gang og lagar dokumentarfilm om livet på ei oljeboringsplattform. Der er det i alle fall mykje interessant som folk ikkje vil snakka om utan vidare.
På plattforma der Mona Høvring arbeider er det 80 personar, og dei er ute i fjorten dagar i slengen.
Det rører seg ulike lengsler i eit menneske ein slik periode, og det hadde vore spennande om folk hadde vore ærlege og stilt opp og sagt noko om det. Spesielt frå kvinnene sin ståstad er det interessant. Visst les menn i Nordsjøen skjønnlitteratur, men også pornoblada er heilt aksepterte. I Nordsjøen har mennene lov til å gje uttrykk for seksuelle lyster. Kvinnene skal vera blyge når slikt kjem på tale, men slik er det ikkje på plattforma, fortel Høvring.
Over vaskebyttene hender det at me kvinnene har samtalar som ville gitt mange menn bakoversveis. Heldigvis kjem ikkje samtalane på trykk. Kva hadde skjedd om det hadde kome utover høgtalaranlegget? Kanskje hadde folk reiste heim, eller skifta rigg. Det er frisk prat, ja, men det er ikkje vulgært. Me avreagerer, og då hender det at kvinner seier meir om underlivet enn det som er vanleg. På plattforma kan ein ikkje gå heim og avreagera. Difor tyr ein til galgenhumor og litt meir kjønnsleg prat innimellom for å overleva.
Inderleg prosess
Når Dag og Tid møter Mona Høvring ein fredag i Oslo, er ho på veg til eit heilt anna miljø. Ho skal lesa opp på Vagants 10-års jubileum. I siste nummeret av tidsskriftet heiter det at med IIK!! når Mona Høvring fram til lesaren med «høylydthet, lek og noe som samtidig er 'uhyggelig stille'».
Debutanten frå Karmøy ønskjer ikkje å røpa eit einaste litterært førebilete. Det får folk finna ut av sjølv.
Om ein annan haugesundar diktaren Kolbein Falkeid seier ho:
Han er ikkje nokon liten skrivar!
Kanskje me har til felles at me er havmenneske båe to, men me skriv ulikt. Eg må finna mi eiga stemme. Eg kan ikkje laga meg til. For meg handlar diktinga om ein svært inderleg prosess. Det er svært krevjande å skriva. Det er som å gå gjennom kverna. Eg har ikkje sansen for å stela eller låna, og helst vil eg ikkje seia kva for forfattarar eg likar best, seier Mona Høvring.
Ho har svært liten sans for folk som snobbar med sine litterære kunnskapar; folk som har lese det og det og det.
For meg er det feil å vera med på slikt. Sånn sett er eg glad for at eg ikkje er akademikar.
Du er truleg den einaste norske plattform-poeten?
Eg skriv ikkje mykje når eg er ute i Nordsjøen. Då er eg for sliten og trøytt til det. Ikkje stort meir enn to-tre tekstar har vorte til der ute, og det var i overgangen mellom svevn og vaken tilstand, seier ho.
Gleder og gruar
Mona Høvring er slett ikkje sikker på at det er forfattar ho skal verta.
Kanskje er IIK!! den første og siste boka, eller kanskje det er berre byrjinga. Eg veit ikkje, seier debutanten.
Då ho signerte boka i ein bokhandel i Haugesund for nokre veker sidan, vart det seld over 30 eksemplar av boka på eit par-tre timar. Det var debutanten svært godt nøgd med.
Måndagen etter Oslo-turen var ho på veg ut att i Nordsjøen.
Du gleder deg til kvar ny økt?
Nei! Eg gruar meg mest, men eg gleder meg til å møta folka på plattforma igjen!
|