Dag og Tid nr. 40, 1. oktober 1998
Økonomi:
Justisslakt av MAI-avtalen
Den norske miljøkonsekvensutgreiinga om MAI-avtalen får så øyra flagrar på høyringsrunden. Blant dei sterkaste kritikarane er Justisdepartementet.
Per Anders Todal
Høyringsfråsegnene til den departementale utgreiinga om investeringsavtalen MAI må vere kraftig kost for dei norske forhandlarane. Både miljø-, menneskeretts- og utviklings-aspektet ved avtalen får massiv kritikk frå fleire av høyringsinstansane, og utgreiinga vert av mange omtala som heilt utilstrekkeleg. Kritikken frå Justisdepartementet er den mest oppsiktsvekkjande. Her vert det mellom anna peikt på dei moglege skadeverknadene for u-landa, på problem knytt til menneskerettsspørsmål og på utilstrekkelege miljøomsyn.
Navlefokus
OECD-landa har forhandla om MAI-avtalen sidan 1995, utan å verte samde om avtaleteksten. Hovudprinsippet i MAI er at alle investorar skal likestillast. Avtalen vil vere ei overføring av makt frå politiske sty-resmakter til investorar. Den norske utgreiinga vart sett i verk av UD etter sterk kritikk av hemmeleghaldet kring avtalen, og skulle kome denne kritikken i møte ved å spreie meir informasjon. I tillegg skal utgreiinga vere med på å danne ein norsk plattform i dei vidare forhandlingane om MAI. Men til å vere ein analyse av ein avtale med verdsomspennande konsekvensar, var målet smålåte: Utgreiinga skulle berre sjå på MAI-avtalen sine konsekvensar for norsk miljøpolitikk. Ikkje overraskande konkluderte utgreiinga med at MAI-avtalen i all hovudsak ikkje ville få negative følgjer på dette feltet.
Strengt frå justis
Høyringsinstansane er derimot langt meir kritiske, både til utgreiinga og til sjølve avtalen. Det var venta at mange av dei ikkje-statlege organisasjonane i høyringa ville kome med krass kritikk. Men Justisdepartementet er heller ikkje nådig i gjennomgangen sin. I fråsegna grip departementet fatt i sjølve utgangspunktet for utgreiinga, og slår fast at den norske forhandlingsposisjonen ikkje kan formast berre med tanke på norske interesser. Det vert teke for lite omsyn til følgjene avtalen kan få for u-landa, dersom dei sluttar seg til avtalen på eit seinare tidspunkt. Justisdepartementet peikar på at MAI kan hindre dei økonomiske prioriteringane til u-landa, og viser til eit tidlegare brev til UD:
«(...) vi har gitt uttrykk for at vi ikke anser det riktig at norske posisjoner av hensyn til det som eventuelt måtte være mest optimalt for norske investeringer, skal begrense utviklingslandenes muligheter til å ivareta blant annet sosial- og miljøpolitikk.»
MAI som menneskerettsproblem
Justisdepartementet har òg fleire merknader til den problemfrie framstillinga av miljøspørsmål i utgreiinga frå UD. MAI-avtalen vil blokkere for at styresmakter stiller konsesjonsvilkår til investorar, og utgreiinga konkluderer med at ein ikkje treng særskilde miljøunntak frå dette forbodet. Men dette er ikkje Justisdepartementet samd i, og meiner føre var-prinsippet kan tilseie at ein tillet slike unntak.
Høyringsfråsegna tek dessutan opp menneskerettar og ålmenta sine rettar i høve til MAI-avtalen. Her vert det peikt på at ålmenta sin rett til miljøinformasjon ikkje bør avgrensast av MAI, at ein skal kunne krevje at investorar legg fram eit «miljørulleblad», og at tvistemekanismane MAI som legg opp til, utelukkar ålmenta frå avgjerdsprosessar.
«Samlet synes det fra et miljøperspektiv såvel som fra et menneskerettighetsperspektiv å være en sentral svakhet ved MAI-utkastet at det overser allmenhetens prosessuelle rettigheter», slår Justisdepartementet fast.
Perspektivlaus utgreiing
Om Justisdepartementet sin kritikk av MAI og utgreiinga er til dels skarp, er mange av dei andre høyringsinstansane langt skarpare og meir fundamental. Natur og Ungdom kritiserer perspektivmangelen i utgreiinga, og meiner MAI-avtalen vil vere skadeleg for både miljø og demokrati i verda. Mellomkirkelig Råd er skuffa over at utgreiinga berre fokuserer på norsk politikk, ikkje den globale situasjonen. Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond meiner utgreiinga ikkje har teke kritikken mot MAI på alvor.
Lite analytisk
Paraplyorganisasjonen Forum for utvikling og miljø, som her inkluderer Naturvernforbundet, meiner sentrale spørsmål om miljø og ressursar verken vert stilt eller svart på av utgreiinga. «Hele notatet er for usikkert, for lite analytisk og for lite spesifisert og i for stor grad basert på løse antakelser og selvmotsigelser til at man kan kalle det en analyse, og basere norske holdninger til en evnt. undertegning av MAI på», heiter det i fråsegna frå Forum for utvikling og miljø. Blant dei positive høyringsinstansane er NHO, som meiner rapporten gjev ei brei og oversiktleg framstilling av MAI, og trur MAI kjem til å gje eit positivt bidrag til miljøutviklinga.
Statssekretær Åslaug Haga i Utanriksdepartementet var dessverre ikkje tilgjengeleg for å kommentere høyringsfråsegnene før Dag og Tid gjekk i trykken.
|