Dag og Tid nr. 38, 17. september 1998
Midt-Austen:
Apartheid i Palestina
I ly av Oslo-avtalen utviklar Israel eit apartheid-regime i Palestina, seier Nils Butenschøn, direktør ved Institutt for menneskerettar i Oslo.
ROALD HELGHEIM
Den israelske busetjingspolitikken, særleg på den okkuperte Vestbreidda, har forsterka utviklinga i retning av bantustans etter klassisk sør-afrikansk mønster, meiner Butenschøn. «Palestina» er endå meir enn før ei samling palestinske enklavar under israelsk overherredøme som leverer billeg arbeidskraft til eit Stor-Israel. Jødane har lovverket på si side både når det gjeld militær trygging og sivil busetnad.
Som også NRKs «Brennpunkt» nyleg viste, er metoden først å leggje beslag på eit område, deretter å drive sivilbefolkninga frå hus og heim for så å etablere israelsk infrastruktur. På denne måten blir dei «palestinske» områda meir og meir innestengde av den israelske infrastrukturen. Busetjing, vegar og militære installasjonar splittar opp det palestinske landskapet og blokkerer for ei eiga palestinsk utvikling. I ein artikkel her i avisa etter Oslo 2-avtalen i 1995 skreiv Butenschøn at Palestina gjekk mot eit «Palestinostan».
Arafats dilemma
Graden av palestinsk frigjering har etter Oslo-avtalen vore avhengig av israelsk godkjenning. Dette visste Arafat då han skreiv under Oslo-avtalen, og han hadde valet mellom det eller ingen avtale i det heile, seier Butenschøn.
Søndag 13. september var det fem år sidan Israel og PLO signerte den historiske fredsavtalen i Bill Clintons regi i Washington, og Dag og Tid-kommentator Butenschøn slo alt då fast at avtalen var eit «Catch 22» for PLO (Dag og Tid 9. september 1993). «Den ordninga som avtalen med Israel skisserer, ligg milevidt frå sjølv dei mest moderate palestinske frigjeringsvisjonane», skreiv Butenschøn, som meinte at det ein kunne håpe på var at «sjølvstyreordninga skaper ein politisk dynamikk i det palestinske samfunnet og dei israelsk-palestinske relasjonane som vil føre fram til ein sjølvstendig palestinsk stat.» Avtalen var den siste sjansen for Arafat-generasjonen til å etablere seg som eit palestinsk leiarskap på palestinsk jord, skreiv Butenschøn.
PLO-leiaren hadde godteke at palestinsk frigjering måtte skje på israelsk nåde.
Oslo 2-avtalen to år etter sementerte dette styrketilhøvet. Året etter vann Netanyahu valet, og sidan då har taktikken med å utnytte «interim»-perioden til å bite seg fast i dei okkuperte områda skote ny fart. Netanyahu-regjeringa tar kvelartak på Palestina gjennom forsert busetjing og vilkårleg øydelegging med gravemaskiner og tanks av palestinske bustader, alt under dekke av å tryggje Israels interesser, slik avtalen etter det israelske synet gir dei rom for, men i strid med internasjonale avtalar om busetjing på okkupert jord.
«Dette er Oslo-avtalen. Han er ikkje for oss, han er for resten av verda», som ein bitter palestinar sa det i Brennpunkt.
Det siste kortet
Eg har respekt for det som skjedde under sjølve tingingane, i den forstand at det for første gong var samtalar mellom partane der samtalesituasjonen var likeverdig. Det gjorde at avtalen vart inngått friviljug. PLO kunne ha bakka ut, men dei gjorde det ikkje. Alternativet var å halde fram den væpna kampen.
Utgangspunktet under tingingane var at ein ikkje skulle dele skuld eller ansvar for fortida eller fastleggje ei endeleg løysing for framtida. Oslo-avtalen vart dermed avgrensa til notida, og det førte til at Arafat gav avkall på PLOs siste kort, garantien for sjølvstende og ein eigen suveren stat, ein rett PLO alt hadde tilkjent Israel. Han godtok israelsk kontroll med dei sjølvstyrte områda i overgangsfasen utan å krevje garantiar for skiping av ein sjølvstendig stat på lengre sikt.
Da høgresida i Israel overtok etter valet i 1996, førte det til at prosessen vart sett i revers. Det som kunne ha vore endestasjonen for Israel sin ekspansjon i Palestina, kan i staden bli ein revansj for dei som meinte avtalen var eit svik som Yitzhak Rabin måtte døy for. Ein eigen stat for jødefolket, sionismen sin grunnidé, er etter deira syn ikkje endeleg sikra før heile det historiske Palestina er lagt under israelsk overherredømme, påpeikar Butenschøn.
Men kan jødane frigjerast under eit slikt system? Dette er det historiske dilemmaet også Göran Rosenberg skriv om i boka Det tapte landet, som nyleg kom på norsk.
I 1984 gav eg ut boka Drømmen om Israel på Universitetsforlaget. Der tek eg opp det same grunnmotivet, seier Butenschøn. Til fredsprisutdelinga i Oslo i 1994 skreiv han Oslo-avtalen. Fred på Israels premissar?, ei bok som skapte eit visst oppstyr i fredsrusen.
Det feige Norge
Men kan Israel ta seg til rette som dei vil?
Det står i avtalen at partane ikkje skal gjere noko som føregrip slutt-tingingane og endrar området sin status. Men Israel har sikra seg vide fullmakter når det gjeld omsynet til eigen tryggleik i området, og med ein statsminister som tydeleg siktar mot varig israelsk hegemoni, blir dette utnytta for alt det er verd. Palestinarane har måtta strekkje seg langt for å godta dei israelsk tryggingskrava. For dei gjeld det å halde liv i prosessen nesten uansett, seier Buten-schøn. Han meiner ei medverkande årsak til utviklinga er at USA, som skulle vere ein politisk garantist for avtalen, ikkje legg nok press på Israel for å få stogga framrykkinga.
Kva med rolla til Norge, Oslo-avtalens «fadder»?
Norge har vore feige i denne perioden, og har difor medverka til at det meir og meir har sklidd Netanyahu sin veg. Norge dekkjer seg under si rolle som «mellommann» mellom partane og som USA sin «medspelar» for å unngå å ta stilling til utviklinga. Men slik gir Norge Israel tid og handlingsrom til å øydeleggje det mest positive med Oslo-prosessen, nemleg tillitsforholdet mellom partane.
Den okkuperte vestbreidda og Gaza er inndelt i A-, B- og C-område. Innanfor A-områda er det palestinsk sjølvstyre med palestinsk administrasjon, politi osb. I B-områda er styret delt, her har Israel det overordna ansvaret militært, mens palestinarane styrer den sivile administrasjonen. Men også i A-områda har Israel rett til å krysse med militære køyrety. Resten (C) er under full israelsk kontroll, og med dette lappeteppet utgjer A pluss B 27 prosent av territoriet. No ligg det føre framlegg om at Israel skal dra seg attende frå endå 13 prosent, slik at det blir delvis palestinsk sjølvstyre over 40 prosent. Men det som skjer i takt med den israelske busetjinga, er at dei palestinske enklavane blir meir og meir omringa av israelsk busetjing med sin eigen infrastruktur. Skal utviklinga i
retning av palestinske bantustans snuast, må det radikale endringar til i israelsk politikk.
Lojaliteten til Arafat
Palestinske talsmenn hevda i Brennpunkt-reportasjen at den israelske trakasseringa i mange område hadde blitt mykje verre enn før Oslo-avtalen.
Alt har blitt verre under Netanyahu. Samstundes er palestinarane sitt nye politiske system bygd opp rundt lojaliteten til Yasser Arafat, som har blitt ein slags klan-leiar, seier Butenschøn. På lang sikt trur han palestinarane får ein eigen stat i namnet, men i gagnet blir det ikkje meir sjølvstendig enn Israel vil godta. I denne samanhengen spelar det mindre rolle om det er høgresida eller venstresida i Israel som sit med regjeringsmakta.
Situasjonen no avspeglar dei reelle makttilhøva. Palestinarane har fått eit betre feste i heimlandet med eigne institusjonar, men under israelsk dominans. Dei risikerer med det å legitimere eit langsiktig israelsk hegemoni. Og dette legg ikkje berre grunnlaget for ein ny palestinsk motstandskamp mot Israel, men kan også slå ut i palestinsk borgarkrig, seier Butenschøn.
I så fall vert Oslo-avtalen ikkje starten på palestinarane si frigjering i vår tid, men innleiinga til eit nytt kapittel i den palestinske tragedien, sluttar han.
|