Dag og Tid nr. 28, 9. juli 1998

Herbjørn Sørebø:
Navlen i fjordane

Eit ordtak seier at midtpunktet i verda er der ein sjølv er, men det viser seg at det er i Førde i Sunnfjord. Midt på Brulandstorget er det ei steinsetjing som har fått namnet Navlesteinen, og i ei faktasspekka og fotoprydd bok om denne tettstaden -- som har vokse til by i ein fart som tek pusten frå både sunnfjordingar og anna folk -- stiller iallfall journalisten og forfattaren Torkjell Djupedal spørsmålet om kvar navlen i verda skulle vere om ikkje der. Det er vel likevel sant som ordtaket seier, for bokskrivaren sjølv bur i Førde, blir det opplyst. Førde -- kulturhistorisk vegvisar er skriven av ein innflyttar som har leita etter patriotismen og sjela i denne utskjelte tettstaden, og i lag med dei mange som har hjelpt han, har han litt etter litt funne det han leita etter. Han ser at mykje har gått tapt, og mykje som ennå ikkje er ferdig forma, har komme til. Kritikarane har peika på Førde som eit skrekkeksempel på "ein stygg norsk bygdeby", og når folk frå nærområda skal dit seier dei ennå ikkje at dei skal til by'n utan å dra på smilen.

Den raske veksten i Førde har hatt sin pris. Berre dei som har budd der før 1960 kan verkeleg forstå kor mykje bygda har endra seg frå bygd til by, skriv Torkjell Djupedal. Det ytre miljøet er nesten ikkje til å kjenne att. I forretningsområda i sentrum står det att berre 15-20 bygningar som er eldre enn 1960, og sentrum er forma etter at bilen sette sine krav. Ingen annan tettstad i landet har hatt ein så sterk vekst som Førde. Så seint som i 1950 hadde Førde tettstad berre 278 innbyggjarar. Den 7. februar 1997 passerte folketalet i Førde kommune 10.000. Tolv dagar seinare tok Førde seg rett til å kalle seg by, og dagen etter vart Ringbussen omdøypt til Bybussen.

Det er klart at i ei så rivande utvikling som Førde har hatt, går mykje både av sjela og patriotismen tapt, men var det så mykje av det før? Det må ein tru når ein les bøkene til dei fire store diktarane Førde har fostra, Kristian Elster d.e., Ole W. Fasting, Kristian Elster d.y. og Hjalmar Christensen. Kor djupe merke dei fekk av Førde, vitnar ei skildring av Kristian Elster d.e. om. "Jeg sidder stundom og stirrer mod Vest, hvor ilden sluknede, og længes derhen, skjønt jeg ved at solen er gaaet ned. Ja, jeg længes stundom efter den fjerne Vestbygd, som om al Livets Herlighed boede der. Jeg længes stundom saa det suger for Brystet, saa mit Blod bliver feberhedt efter disse Egnes fugtige Luft og den deilige sommerlige Duft av vaade Træer og vaadt Græs. Jeg længes efter vilde skummende Elve, efter fint, friskgrønt Græs, efter sorte Furuskove, efter de smaa hvide Huse med Haver og de graa Stier inde i Dalene. Jeg længes efter høje Fjelde med Sne om Toppen, efter Lugten av Sø", skreiv han og la til at "ja, jeg tror endog jeg længes efter Hytternes Røglugt, de Smaa Kirker og den gammeldagse Salmesang". Orsak eit så langt sitat, men ennå finst mykje av det Kristian Elster d.e. lengta etter, det fortel dei fine naturbileta i boka, og ein forstår dei sterke kjenslene hos diktaren når Torkjell Djupedal gjev tørre tal og fakta i Førdeboka bakgrunn. Litt synd er det då at biletkunst frå bygda/byen har fått så liten plass. Vi skulle gjerne ha sett litt meir av det enn altartavler. Det fotografiske materialet er elles godt.

Det har vorte drøfta om lag kvart tiande år sidan 1930 om Førde burde bli fylkessenter, men framleis er det Leikanger som har fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane. Førde er likevel den kommunen som har suverent flest fylkeskommunale arbeidsplassar. Hovudvekta i Førdeboka ligg på det historiske, men vi får vite mykje om denne bygdebyen i dag også, journalistisk og friskt fortalt. Det er ei bok som kjem til å kalle fram mange minne hos eldre og vere med på å gje unge menneske heimstadkjensle.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |