Dag og Tid nr. 11, 12. mars 1998
Bøker:
«Karma, erindring og skjeletter i skapene»
Her er eit driv og ei forteljing som ikkje let seg stoppe, skriv Brita Strand Rangnes om «Jadekatten» av Suzanne Brøgger.
Suzanne Brøgger: Jadekatten
Cappelen
Omsett av Kari og Kjell Risvik
Suzanne Brøggers siste roman er ei over fem hundre sider lang familiekrønike ein komisk tragedie om slekta Løvins ein borgarleg dansk-jødisk familie (som opphavleg bar namnet Levin) reise gjennom heile det tjuande hundreåret (fram til 1995). Romanen tek oss med til USA, Riga, Thailand, India, Afghanistan og Nord-Afrika, men vender heile tida attende til familiebasen i ei leilegheit i København. Løvinane er ein familie som strevar med å frigjere seg frå det jødiske og bli danske, som er overtydde om si eiga makeløyse, og som uavvendeleg er på veg mot forfall og (sjølv) destruksjon.
Matriarken
Løvinane si historie blir i første rekkje skildra gjennom kvinnene. Men sjølv om det er kvinneliva vi får best innblikk i, lever kvinnene for og gjennom menn, og mennenes liv får òg framståande plass. Livet til tre generasjonar kvinner (og menn) blir nådelaust bretta ut med ein imponerande blanding av ironisk distanse og tydeleg ømhet for dei menneska og lagnadene vi møter.
Jadekatten er delt inn i fire deler, eller bøker, med «Katzes bok» som den første. Katze er matriarken. Ho er fødd samstundes med hundreåret, er inngifta i Løvin-familien (til hennar eigen familie sin store sorg), og er ubryteleg bunden til den storslegne og lettliva mannen sin, Tobias. Katze er på mange måtar uttrykk for noko som går igjen i heile romanen: Dei uforeinlege kontrastane som styrer forteljinga og gjer boka til ein engasjerande og utfordrande leseoppleving. Katze er gift med den jødiske Løvin, ungane hennar er halvt jødiske, og samstundes er ho meir og meir uttalt antisemitt. Ho beundrar Hitler på trettitalet, og er samstundes den som held familien saman, som insisterer på løvinane si opphøgde stilling og storslegne originalitet. Men løvinane må seiast å vere ein svært dysfunksjonell familie, der grensene mellom foreldre og born er viska vekk, og der namnet og historia er viktigare enn kvardagen og dei konkrete familiemedlemmene. Både familien og dei einskilde
personane går til grunne som følgje av ulukkelege ekteskap, øydelagde barndommar, alkohol- og/eller narkotikamisbruk, og framfor alt: den fullstendig manglande evna til nokon gong å seie seg nøgd, til å gje blaffen i det umoglege i det å skulle vere ein verdig Løvin.
Forkrøpla familie
Den andre delen, «Maurens bok», er på mange måtar den mest fengslande og fryktelege delen av romanen. Her følgjer vi Katzes eldste dotter Liane, eller Li, og hennar ekteskap og ungar. Li er i psykisk ubalanse, er ute av stand til å framstå som ein vaksenfigur og omsorgsperson, og løyser problem og kriser med sjølvmordsforsøk. Lis andre mann får jobb i FN, og familien dreg til Austen med høge lønningar og alle privilegium. Men livet er like vondt, familien like forkrøpla her som i Danmark. Ingen av dei vaksne løvinane er i stand til å sjå lenger enn seg sjølve og si eiga vesle verd i den grad dei ser andre, er det for å måle seg med dei og dømme dei. Skildringa av ungane til Li; oppveksten og dei uunngåeleg tragiske vaksenliva deira, er
ikkje lett å bli kvitt, samstundes som den ironisk-humoristiske forteljemåten, dei stadige fiksjonsbrota, frampeika og sidekommentarane, gjer at skildringa ikkje fortaper seg i reint elende og medynkvekkjande gru.
Misunning
Den tredje delen, «Orms bok», er ein kort dagboksekvens skriven av Orm, den eldste sonen til Li, som har falle totalt utanfor «samfunnet», nett som Li alltid har visst at han vil gjere: Han er narkoman med store psykiske lidingar. Dagboksnedteikningane sluttar brått i november 1995, og vi kan gå ut frå at Orm er død, for eiga hand eller av rusmisbruket, slik så mange løvinar har late seg forsvinne i, ja, nærast oppsøkt, rusen og forfallet.
Dei løvinane som ikkje går til grunne i rus og galskap, er dei som er i stand til å tvihalde på ein borgarleg fasade og overleve av rein trass fordi dei vil vere annleis og betre enn slektningane sine. Men liva deira er styrde av agg og misunning, og den løvinske arven heng like tungt over dei som over alle dei andre. Den einaste nokolunde harmoniske løvinen vi er blitt kjende med, er Ib, som ikkje berre har tiltuska seg Løvin-namnet, men som òg har gjort noko så uhyrleg som å bli ortodoks jøde, og dermed omfamne alt det løvinane har brukt eit hundreår på å distansere seg frå.
I tillegg viser det seg, i den svært korte siste delen: «Tobias bok», at det finst ukjende løvinar, frukta av gamle sidesprang som har fått namnet overlevert gjennom mødrer i fleire generasjonar, som kan hende kan føre namnet vidare, men utan å måtte bere med seg den tyngjande slekta. Og dette er eit passande ironisk framhald av namnet. Det er kvinnene som har ført forteljinga framover, dei som anten ikkje er opphavlege løvinar, men har gifta seg til namnet, eller er døtrer, og difor ikkje kan føre namnet vidare. Det er difor ikkje meir enn rimeleg at dei «nye» løvinane har fått namnet frå mødrer.
Jadekatten er ei god og mangfaldig bok, sjølv om ho til tider kan virke litt for lang, og persongalleriet kan bli litt for stort. Men på forunderleg vis blir dei ulike historiene, lagnadene og figurane knytta saman, slik at dei utgjer eit heile. Her er eit driv og ei forteljing som ikkje let seg stoppe, og som gjer lesinga til vel nytta tid.
Brita Strand Rangnes
|