Dag og Tid nr. 4, torsdag 22. januar 1998

Bøker:

Intenst-absurd møte «mellom Alex Gobulev og meg»

«mellom Alex Gobulev og meg» er ein roman som fortener å bli lesen meir enn ein gong, og Monica Aasprong ein debutant som det skal bli spennande å følgje vidare, skriv Nora Simonhjell.

Monica Aasprong:
mellom Alex Gobulev og meg
Tiden

Eingong sa Samuel Beckett at det var avmakta han arbeide med. Avmakta han skreiv om. Ei avmakt som gjorde at han korkje kunne kontrollere stoffet, eller det absurde i tilværet. Ei avmakt som gjorde at han mista kontrollen over språket, og som fekk språket til å skape si eiga intense verd.

Debutanten Monica Aasprong har med romanen mellom Alex Gobulev og meg, levert frå seg ein roman som er like kryptisk som tittelen er pirrande. Monica Aasprong er frå Kristiansund og fødd i 1969. Ho har studert litteraturvitskap i Bergen og ved forfattarstudiet i Bø. Aasprong er ein intellektuell forfattar som ikkje berre utfordrar lesarane sine, men som også utfordrar dei tradisjonelle førestellingane våre om kva ein roman er.

Kort roman

Kva er det som skjer, eller har skjedd mellom Alex Gobulev og romanens eg? Dette er det uløyste, men konstituerande spørsmålet romanen vrir seg rundt. Aasprong skriv med ei svært særeigen stemme, i eit intenst og fortetta, leikande språk.

mellom Alex Gobulev og meg er ein kort roman. Ikkje meir enn dryge 80 sider. Den ytre handlinga er lagt til ein studenthybel i Stockholm. Ein av desse mange offentlege, upersonlege og anonyme student-hyblane som er akkurat like kvarandre, uansett kvar i verda dei ligg. Seng, skrivebord, lampe og ein ekstra stol til besøk. Ein plakat som stadig losnar og fell ned. Den ytre avpersonaliserte ramma er ikkje uvesentleg her. Kjøkken i enden av gangen, med det obligatoriske samanrasket av menneske som møtest på slike felleskjøkken. Unge menneske som er framande for kvarandre, men som deler kvardagens gjeremål og rutinar. Det er denne verda Aasprong fører oss inn i.

Romanens forteljande eg, truleg er dette ei kvinne, (men kjønnet er ikkje det viktige i denne samanhengen), kjem attende til den same hybelen som ho har budd på tidlegare. I mellomtida har ein konstig kille, Alex Gobulev, budd der. Ingen veit noko om denne guten, men mest kvar einaste dag kjem det post til han. «Man kan aldri vite. Ikke med Alex Gobulev. Alex Gobulev vet man ingenting om» (s. 11).

Mantra

Alex Gobulev får ikkje private brev, men anonyme konvoluttar og pakker. Upersonlege pakkar utan adressat. Til å byrje med søkjer hovudpersonen å levere frå seg posten, men resignerer etter ei stund og samlar den i bokhylla si. Haugen av pakkar og brev veks i takt med interessa for den mystiske mannen med det vakre namnet. Utetter romanen blir namnet hans mest til eit mantra for det forteljande eget. «Alex Gobulev». Eg-forteljaren og Alex Gobulev sine historier viklar seg inn i kvarandre, og blir vanskelege å skilje. Her spelar den mystiske tredje, Anneli, ei viktig rolle.

Hovudpersonen bestemmer seg for å invitere dei andre på gangen på te. Til ein «offentlig privatsamtale». Ho vil drøfte Alex Gobulevs mysterium med dei andre. Tilsynelatande er dette ei heilt rasjonell og triviell handling, men Alex Gobulev interesserer ikkje dei andre. Den tenkte «offentlege privatsamtalen» går trått, og etter kvart stoppar han heilt opp. Personane har ikkje noko å seie til kvarandre, dei er framande, men samstundes for fysisk nært knytte til kvarandre til å vere ukjende. Aasprong skildrar ikkjekommunikasjonen og samtalens oppløysing med ein ryggmargskriblande intensitet.

Utfordrar og undergrev

Tilsynelatande er det eit mistak, ei gløymd omadressering, eit kvardagens mysterium, eller kanskje opninga på ei kriminalgåte (?) vi møter i byrjinga av denne romanen. Men det er ikkje kriminalhistoria som er det fascinerande ved Monica Aasprongs romandebut. På ein særeigen måte og med ei svært personleg stemme, skriv ho fram den tomheita og den veksande intensiteten i forholdet mellom den mystiske Alex Gobulev og den tenkjande, stadig meir handlingslamma hovudpersonen. Aasprong utfordrar og undergrev individualiteten og avpersonaliserer både karakterar, handlingar og miljø. Ho skriv fram ei verd som er i ferd med å bryte saman, gå i oppløysing. Ei verd der anonymiteten og det irrasjonelle tangerer kvarandre i eit absurd overskridande no.

Romanen er skriven som eit dramatisk tablå. Ein blir ført rett inn i eg-foreljarens intense univers. Teksten har korkje kapittel eller avsnitt, men skrir fram utan opphald. På denne måten blir ei svært fortetta stemning intensivert og etter kvart blir det uvisst kva som går føre seg. Aasprong set store krav til lesaren sin, og leikar med han. Absurde og surrealistiske element, blir skrivne inn i den svært kalde og realistiske hybelramma som blir skissert opp i byrjinga av romanen.

Det er uvisst om handlingane utspelar seg, eller om dei berre går føre seg i eg-forteljarens hovud. Det er også uvisst om samtalen er sam-tale, eller førestellingar; tankar. Handlingane, eller den tenkte handlinga, blir stadig meir uforståeleg: Menneske som ikkje snakkar saman, men som var samla for den umoglege offentlege privatsamtalen. Dei snakkar ikkje, har ikkje ord for kvarandre, men forlet kvarandre heller ikkje. Det er såleis det usagte, eller meiningslause, det absurde som blir spela ut i denne romanen. Det er ei kald og absurd verd, der det meiningslause intensiverer. Samtalen, kommunikasjonen, som kjærleiken, har ikkje samanbindande eller forandrande kraft, men spelar fallitt. Samstundes blir kjærleiken framboren som nødvendig, men irrasjonell og meiningslaus. Avmakta er berande, og ein fortettar av det tomme og meiningslause; den absurde ikkjekommunikasjonen.

Navet for handlinga

Forteljaren spelar eit spel med seg sjølv, med omverda og ikkje minst; med lesaren. Kva er det som skjer med desse menneska, tilfeldig samanførte på denne anonyme hybelen? Og kva er det dei gjer med kvarandre? For, som hos Beckett i Waiting for Godot, er ikkje Godot den vesentlege. Alex Gobulev er ikkje den vesentlege i denne romanen. Det vesentlege er og skjer mellom; i møtet mellom det som ikkje er eit møte, men som i staden intensiverer avstanden mellom dei personane som er førte saman. Der Godot berre er ein samanhaldande faktor som knyter Vladimir og Estragon, til kvarandre, og gir «meining» til det absurde tilværet, og som Beckett lar karakterane sine vente på, lar Monica Aasprong Alex Gobulev vere eit nav, eller den karakteren som romanhandlinga dreier seg rundt. Eit mantra. Det er gjennom fråværet, og den anonyme posten som aldri sluttar å kome, at Alex Gobulev blir ein viktig storleik i den absurde verda Monica Aasprong rissar opp med sine sylskarpe observasjonar og burlesk leikande penn.

Romanen er den sjangeren som framleis er i si verting, sa den russiske litteraturforskaren M. M. Bakhtin. Monica Aasprong overskrir dei tradisjonelle forventingane våre til romanen, og utfordrar lesaren. Ho leikar med lesaren sin og førestellingsevna hans. Romanen har fleire intertekstuelle referansar og desse er svært viktige. Til dømes spelar August Strindbergs Spøksonaten og den amerikanske fotografen Robert Mappelthorpe sine seksuelle og erotisk provoserande bilete, vesentlege roller i teksten. Aasprong krev at lesaren har kjennskap til desse. Kanskje er dette arrogant, men nødvendig. Dette er nemleg ein roman der det uvisse er samanhaldande og det fråverande, nærast. Teksten er uavslutta, som byrjinga er utan forhistorie. Dette er eit avmektig roman-univers. I mellom Alex Gobulev og meg blir den kronologiske tida nedbroten og utfordra av ein stadig meir fortetta tilstand av det absurd undergravande, men overskridande.

mellom Alex Gobulev og meg er ein roman som fortener å bli lesen meir enn ein gong, og Monica Aasprong ein debutant som det skal bli spennande å følgje vidare.

Nora Simonhjell

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |