Dag og Tid nr. 50, 11. desember 1997
På tomannshand:
- Nja
Teikneserieteiknar Christopher Nielsen kunne tenkja seg å teikna for skrivebordsskuffa og verta ein helgen når han døyr. Men han gjer det ikkje. Han er "litt forfengeleg" og ynskjer seg lesarar, men DDE-massane vil han ikkje ha noko med å gjera.
CECILIE N. SEINESS
Christopher Nielsen har kikka på spørsmålsarket medan eg har kjøpt ei flaske farris og ein kopp te på den trendy kafeen Zoo Lounge i Oslo - staden der herr Nielsen tykte intervjuet burde gå føre seg.
- På fyrste spørsmålet er svaret nei.
- Så teikneseriar er ikkje kunst?
- Jo. Spørsmålet er meiningstomt, flirer 34 år gamle Christopher Nielsen som debuterte som teiknar i Gateavisa i 1980. Etter den tid har han teikna og teikna, i ein stil som i pressa har vorte kalla "skjødesløs" og "primitiv strek" , primitiv replikkveksling og beksvart humor" . Kjende er mellom anna teikneseriealbuma En fettsugers bekjennelser om ein feittsugar som vier livet sitt til å hjelpa folk til å verta kvitt overflødige kilo. Han kjem i skade for å feittsuga ein millionærarving til døde og flyktar til Latin-Amerika. Jazzbasillen handlar om eit norsk jazzmiljø på 50-talet og den talentlause saksofonisten Christian Block. No før jul har Nielsen gjeve ut To trøtte typer - Julespessial om Geir og Odd, byvankarar og blandingsmisbrukarar som jaktar på dop og feirar jula i fengsel, karakterar han har teikna sidan 80-talet. Det sjette heftet av Weltschmerz, eit hefte der
alle dei sære ideane til herr Nielsen får plass, har òg kome ut no før jul. Ein kan få inntrykk av at det er ei blømingstid for teikneseriar no. Stemmer det?
- Det må vera eit inntrykk, men det kjem ut fleire seriar no enn på 80-talet. Medieomtalen av teikneseriar er ikkje mykje å skryta av. Det er mest ingen som melder teikneseriar. Gjer du det?
- Nei, eg trur ikkje eg er kompetent.
- Det seier dei alle. Er ein i stand til å inter-vjua teikneserieteiknarar, kan ein vel melda teikne-seriar. Ein treng berre å kunne lesa. At det kjem ein eller annan bort til meg på gata og seier "jævlig bra" er ikkje det same som ei melding. Eg vil heller ha ei melding enn eit intervju.
- Skal me avslutta intervjuet?
- Nja, nei.
- Tyder dette på at du ikkje kjenner deg teken på alvor som teikneserieteiknar?
- Eg er ikkje så vørd som eg burde vera. Eg er underkjent, undervurdert og forbigått.
- Meiner du det?
- Nja, men den som "kun tar spøg for spøg og..." , held Nielsen fram. Slik Nielsen ser det burde teikneseriane behandlast på same vis i pressa som romanar, lyrikk, film eller teater. Nielsen sit tilbakelent. Han er ikkje akkurat ordrik, og kva som er spøk og kva som er alvor, er ikkje godt å seia. Dessutan snakkar han så lågt at mest alt må gjentakast. Eg lurer ei stund på om eg har fått akutt nedsett høyrsel. Eg ler litt nervøst av tanken på korleis dette intervjuet skal utvikla seg, og lener meg over det vesle kafebordet for å sleppa å be han ta opp att alt han seier. Mens bordet held på å velta, kjem det ein stille kommentar frå Nielsen.
- No tek det heilt av.
Ikkje minst er det "Narverne" som har gjort Nielsen kjend - ungdomar frå austlege delar av Oslo som heldt seg kring Narvesenkioskar kledde i boblejakke og seglarstøvlar, og som var ein trussel for alle "ikkje-narvere" . Limsniffing, dop og aleineheimefestar var viktige ingrediensar i liva til desse ungdomane på 70-talet. Nielsen har ikkje berre teikna seriar om "narverne" , men òg laga filmen Narverfredag som vart vist på Oslo-kinoane i fjor. Nielsen, som sjølv er frå austlege delar av Oslo, men aldri har vore nokon "narver" , har òg teikna for mellom anna Morgenbladet, Arbeiderbladet, Universitetsavisa i Oslo og Puls. Dessutan har han illustrert telekort, teikna plateomslag til gruppa Jokke og Valentinerne, der bror hans Joachim Nielsen er med, og vunne to gonger Norsk Teikneserieforums pris. Mange av karakterane i Nielsen-seriane, eller ein kan kanskje kalla dei slabbedaskane, kan ein trygt seia er
henta frå skuggesida av tilværet. Og Nielsen tykkjer det er den einaste sida av tilværet som er interessant. Spying, drikking, dop og puling er ikkje uvanleg i Nielsen sine seriar.
- Ein kan teikna Stomperud, men det jo jævlig keisamt. Han forsvarar seg med at ingen spyr i den siste serien og spør om eg ikkje har lese teikneseriane hans som heiter "Weltschmerz" , og det har eg sjølvsagt, men han innrømmer at det har vore litt spying.
- Spy er meir morosamt enn bæsj. Pyton-bæsj-humor er ikkje morosamt. Spying er for vidarekomne kan ein seia. To trøytte typer er blandingsmisbrukarar. Difor er spying ein tematikk som gjev seg av seg sjølv. Nielsen freistar å seia noko om den menneskelege situasjonen, men han ser ikkje på teikneseriane sine som innlegg i nokon debatt. Teikningane har inga klar adresse. Det vert for snevert. Christopher Nielsen meiner folk flest har lite greie på teikneseriar og "les drit" . Teikneseriane med store opplag er med få unntak dårlege, meiner han. Tommy og Tigeren er eit av få unntak, "ålreit, uinteressant, men ikkje drit" er karakteristikken til Nielsen.
- Dette gjeld all kunst. Aldri før har det vorte konsumert så mykje drit som i dag. Ein bra film vert produsert ein gong i tiåret og ei bra plate like sjeldan. Nye bøker les eg ikkje, seier Nielsen. Han meiner at årsaka til at folk har lite kunnskap om teikneseriar har samanheng med at dei vert lite omtalte.
- Hadde teikneseriane vorte melde, ville folk fått produktinformasjon. Eit intervju med ein fjern teikneserieteiknar gjev ikkje informasjon. Forklaringa hans på at berre eit fåtal les dei smalare teikneseriane, er at dei store bladkompania har gjeve ut det han kallar "drit" dei siste 20 åra.
- Folk flest har ei svært bestemt oppfatning av kva teikneseriar skal vera. Dei har ein idé om at teikneseriar skal ha fancy teikningar og strokne fargar og sjå akkurat "slik" ut. Folk veit ikkje betre, seier Nielsen som har ein trufast lesarskare på mellom 1000 og 2000 og tykkjer det er "jævlig irriterande" at til dømes fem stykke les eitt og same teikneseriehefte.
- Eg vil oppfordra alle til å kjøpa teikneseriar sjølve, slik at ikkje fleire enn ein les kvar teikneserie, flirer Nielsen.
- Eg har sett dei har teikneseriane dine på biblioteka. Kva tykkjer du om det?
- Seier du det. Det tykkjer eg er bra. Eg er ein tilhengjar av bibliotek, seier Christopher Nielsen, som eg tykkjer kler betre namnet Nielsen enn Christopher med c og h og p og h. Samanlikna med andre delar av norsk kulturliv meiner Nielsen nivået på norske teikneseriar er himmelfallande bra.
- Men det seier mest om andre delar av norsk kulturliv.
- Kva er problemet med norsk kulturliv då?
- Eg følgjer ikkje med. Neste spørsmål! seier Nielsen med det glattbarberte hovudet. Og Nielsen følgjer ikkje med. Han les ikkje aviser, ser ikkje fjernsyn, høyrer ikkje radio, les ikkje samtidslitteratur og høyrer ikkje på nye plater. Han har telefon, men har vurdert å berre ha faks. Då kunne han skilja ut kven han vil snakka med og ikkje. Og han seier han "kanskje" hadde skilt ut dette intervjuet viss han ikkje hadde hatt telefon. Han teiknar seriar og høyrer gamle plater, og meiner det er viktig å ikkje følgja med.
- Eg prisar tida mi høgt. Har du fjernsyn?
- Ja.
- Ser du på det, og tykkjer du det er bra?
- Det hender, men akkurat bra er det kanskje ikkje, seier eg.
- Nettopp. Du kastar bort tida di, seier Nielsen bestemt.
- Og dette internett og surfegreiene. Snakk om bortkasta tid. Eg og ein kamerat leita i to timar, og det einaste me fann, var fem pin-ups av nokre japanske "berter" . Snakk om bortkasta tid, gjentek Nielsen.
- Men du er på eit vis ein del av mediesamfunnet. Du gjev jo ut seriane dine og håpar at folk skal lesa dei?
- Ja, men eg kan ikkje opphøyra å eksistera. Eg har tenkt på å berre skriva for skrivebordsskuffa, og bli ein helgen når eg døyr. Men det er litt teit kanskje. Dessutan er eg litt forfengeleg. Eg vil gjerne at folk skal lesa det eg skriv, men 5000-6000 lesarar er nok. Teikneserieteiknarane ein høyrer om, er for det aller meste menn, men alle Nielsen sine teikneseriefavorittar er kvinner.
- Dei har ein annan innfallsvinkel. Dei har menstruasjonshumor i staden for spy-humor. Ein av favorittane mine, ein kanadisk teikneserieteiknar, har mellom anna teikna ei 100 meter høg kvinne som har mensen, men som ikkje finn tampongane. Ein by druknar i blod. Veldig morosamt, tykkjer eg. Nielsen trekkjer fram Mette Hellenes, kvinne og teikneserieteiknar her i Noreg.
- Ho har vorte ein del motarbeidd på grunn av at miljøet er mannsdominert. Teikningane hennar er uttrykksfulle, men røffe. Teikneseriane lesarar møter dagleg er stripene i avisene, men stripetida er forbi, trur narvepappa Nielsen. Fire teikningar og eit poeng er ikkje lenger nok.
- Striper er jævlig keisamt. Det er ein oppbrukt sjanger. Kva kan ein få fortald på fire ruter, spør Nielsen. Han er ikkje begeistra for historier med punch-line.
- Er ikkje poenget bra, kan heile serien falle i fisk. Eg tykkjer det som er imellom er meir morosamt enn ein dum vits på slutten, seier Nielsen, som heller vil fortelja historier om figurane sine som han karakteriserer som "berre strekar på papir" . Dei lever ikkje noko eige liv.
- Det kjem jo an på korleis ein definerer liv, men det er ingen hjarte som bankar, seier Nielsen og avviser at han er ein humorist. Og han siterer filmen Mafiabrødre frå 80-talet, som visst skal vera den einaste gode filmen det tiåret; "Seier du at eg er ein klovn?" . Han ser på meg med det urbane steinansiktet som somme tider sprekk i eit guteaktig smil.
- Hovudsaka er ikkje å vera morosam. Det er berre ein konsekvens av at historia er bra. Folk er utruleg opphengde i sjanger når det gjeld teikneseriar. Dei trur det må vera morosamt for at det skal vera vits i å lesa.
- Du har sagt ein gong at teikneseriar er "det fremste den vestlege kulturen har frembrakt" . Meiner du det?
- Ja. Til dømes er romanen død, men teikneseriar har berre så vidt byrja. Nielsen tykkjer han teiknar glattare med åra. Når han ser tilbake på det han gjorde på 80-talet, tykkjer han teikningane er røffare enn kva dei er i dag. Framtida meiner han er abstrakte teikneseriar, og vert plutseleg ivrig etter å sitje tilbakelent og svara kort på alle spørsmål. Han syner ein abstrakt teikneserie, peikar og forklarar.
- Denne teikneserien er som ein jazzlåt. Han byrjar med eit tema og improviserer over det. Abstrakte teikneseriar er framtida. Problemet er berre korleis ein skal bruka teksten i slike teikneseriar. Sjølv abstrakte teikneseriar må ha ei handling.
- Med abstrakte teikneseriar vil du vel få endå færre lesarar?
- Slike teikneseriar vil berre nå ut til ein liten promille av folket. DDE-massane bryr eg meg heller ikkje om. Deira smak er for lengst fordverga.
- Fordverga?
- Ja det er eit uttrykk eg har omsett frå engelsk. Nielsen er langt frå snakkesalig, han svarar med nja og tja og lagar underlege grimasar.
- Du er ein mann av få ord?
- Ja, men no synest eg me har skravla fælt, seier Nielsen og legg til:
- Som ein ropar i skogen får ein svar.
- Tykkjer du dette var meiningslaust?
- Eg er ikkje som mange forfattarar som synest det er herleg å snakka om seg sjølv. Eg tykkjer det er tungvint og uinteressant. |