Dag og Tid nr. 50, 11. desember 1997
Leiar:
Kontantstøtta markeringstrong
Det er ikkje store ting sentrumsregjeringa kan skrive på skrytelista si etter eit par månader i regjeringskvartalet. Og det dei skryter av, er det diverre ikkje så stor grunn til å skryte av: Kjell Magne Bondeviks regjering har stått for ei av dei mest overflødige og reaksjonære familiepolitiske reformene på mange, mange år.
Det er sjølvsagt forståeleg at barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland veivar med sigersflagget etter at kontantstøtta har passert stortingsfleirtalet, og ei av hjartesakene til Kristeleg Folkeparti er blitt røyndom. Men eigentleg er det snakk om hjarterå omfordeling av velferdsmillionar.
760 millionar kroner skal ho nemleg koste neste år, den nye kontantstøtta 760 millionar kroner som kunne ha vore brukte på betre, viktigare og meir presserande tiltak i eit skrantande velferdssamfunn.
Barne- og familieminister Valgerd Svarstad Haugland har prøvd å innbille veljarane sine at kontantstøtta handlar om større valfridom for småbarnsforeldre. Ho forsvarer kontantstøtta med at ordninga opnar for at ein av foreldra lettare kan velja å vera heime. Men det er eit skralt reknestykke Svarstad Haugland set opp. Det er ikkje mogeleg å få det til å gå opp.
Men den aller største bløffen i retorikken hennar, er den usagte, men underliggjande, påstanden om at små ungar ikkje har godt av å vera i barnehage eller vekke frå foreldra noko som verkeleg provar den bakstreverske tanken attom kontantstøtta. Sannsynlegvis er ungar flest lykkelegare i barnehage enn om dei skulle vera overlatne til einsemda med ein av foreldra i heimen.
Kontantstøtta fører ikkje på noko vis til meir rettvis fordeling av offentlege midlar. Snarare fører det til skeivare fordeling av verdiane i samfunnet. Dei som har råd til å ta imot kontantstøtta, er også dei som har råd til å la vera. Samstundes veit vi at 760 millionar kroner kunne ha gjort underverk i eit kriseråka Helse-Noreg.
Det er i det heile lite ved kontantstøtteordninga som får oss til å tru at Kristeleg Folkeparti vil hjelpe dei svake, og dei som verkeleg treng hjelp. Snarare får ein inntrykk av at det handlar om markeringstrong i eit parti som har vakse seg mykje større enn det velferdssamfunnet toler.
Audun Skjervøy
|