Dag og Tid nr. 50, 11. desember 1997
Herbjørn Sørebø:
Alltid feilfri
Dei som les det første bandet av livsminna til Gro Harlem Brundtland og det blir visst ein stor del av det norske folket må undrast når dei kjem til siste side: Har ikkje denne framgangsrike kvinna gjort ein einaste feil i livet? I alt ho hugsar frå ho var barn til ho stod på toppen av karrieren som statsminister og vart omtala som landsmoder, har ho alltid gjort rett, hatt rett og sett rett i smått som i stort. Ho fillerlistar lærarar på alle skolesteg. Det same gjeld politikarar både i eige og andre parti. Andre meiningar enn hennar eigne i det politiske arbeidet blir framstilte som forsøk på å skade henne personleg. Ho forgudar sin eigen familie i fleire generasjonar. Mangelen på sjølvironi forsterkar inntrykket av sjølvdyrking inntil det pinlege. Det er nok så at dette ofte pregar sjølvbiografiar, men sjeldan i ein så ekstrem grad.
Med det retthaveriet og den sjølvdyrkinga som kjem til uttrykk i dette første bandet av livsminna, har Gro Harlem Brundtland skadd ettermælet sitt. Utan å sjå det framhevar ho den personlege eigenskapen som kanskje var den største mangelen ved henne som politikar. Dette burde gode medarbeidarar i bokskrivinga ha fortalt henne, men dei har kanskje vorte avviste. Ho burde ha hatt råd til å vera litt meir raus og romsleg, vel vitande om at ho med rette får eit stort namn i norsk politisk historie. Som den første kvinnelege statsministeren i dei nordiske landa førte ho likestillinga eit langt steg vidare. Som leiar for miljøkommisjonen i FN skaffa ho seg fullt fortent eit stort namn internasjonalt. Ho styrkte seg på kvinnekonferansen. EØS-avtalen var hennar verk, og med den berga ho landet frå dei verste skadeverknadene av å stå utanfor EU. Lista kan gjerast lengre.
Eit administrativt talent av dei sjeldne, det vil dei fleste seie seg samde i å kalle Gro Harlem Brundtland. Dei fleste vil også vere samde i at ho har vist ei beint fram skremmande stor arbeidskraft. Energien hennar kan ta pusten frå nokon kvar. Minneboka gjev inntrykk av at Gro Harlem Brundtland har glede av å administrere og halde høgt tempo i arbeidet. Men å drive politikk er noko meir enn effektiv administrasjon og stor arbeidsinnsats. Under lesinga av denne minneboka spør ein seg om kva ho ville med partiet. Ein saknar visjonane, og så spør ein seg: Hende det ingenting anna i verda som kalla på kjenslene hos minnebokskrivaren enn det som hadde noko å seie for eigen karriere?
Påstand kjem til å bli ståande mot påstand om kva som vart sagt på eit frukostmøte mellom Kåre Willoch Rolf Presthus og Gro Harlem Brundtland Gunnar Berge på Saga hotell i Reykjavik under samlinga i Nordisk Råd i 1985. Det som står fast, er at Gro Harlem Brundtland etter det ho skriv i minneboka si, meinte at det var gjort munnleg avtale om å la vere å låse fast visse skattepolitiske standpunkt i valkampen. «Vi la dette til grunn, også i forslaget til de konkrete formuleringene i partiprogrammet, og i arbeidet fram mot valgkampen», heiter det i boka. Veljarane må knipe seg i armen og spørje om det verkeleg kan vere slik at hovudfiendane var samde om å halde skatt utanfor valkampen det er då for fantastisk!
Både med og utan vilje hugsar sjølvbiografar selektivt. Gro Harlem Brundtland skriv og administrerer seg bort frå ansvar for utbygginga av Alta på nokre få sider. Veljargarantien, blant anna om sysselsetjinga, som Arbeidarpartiet kom med i 1985, er det partikontoret som frå ansvaret for med «en løpeseddel». Dette er berre nemnt som karakteristiske døme som gjev grunn til å minne om at ein god leiar skal ta ansvar for feil som blir gjorde, men la medarbeidarane få ære for det som går godt. Denne elementære kunnskapen burde Gro Harlem Brundtland ha teke med seg til skrivebordet. Og tenk om ho hadde oppdaga ein aldri så liten feil eller eit mistak ho har gjort seg skuld i det hadde gjort ein politikarkarriere blant dei største endå større. Herregud, ho kunne ha skrive eit verk om eigen epoke i norsk politikk, men valde å skrive for bokklubb. |