Dag og Tid nr. 50, 11. desember 1997

Bøker:

Fortetta

Med «Heller» har Tormod Haugland igjen vist at han er ein meister i fortetta stemningar og den klaustrofobiske rundgangen i stengte sinn.

Tormod Haugland:
Heller
Oktober

Tormod Haugland bruker berre eitt ord som tittel på romanane sine. I år er det Heller, debutromanen var Under (1994), oppfølgjinga Varmare (1995). Kryptiske titlar som heller ikkje blir så mykje tydelegare etter at bøkene er lesne. Men bøkene i seg sjølv er tydelege nok. Dei handlar om landsens liv, trivialitetar, det å reise bort eller komme tilbake, og den uroa som ligg under ei tilsynelatande banal overflate.

Det er gode romanar, heilt på grensa til lange noveller, realistiske, finslipte i det språklege uttrykket og skrivne med psykologisk innsikt og sikker miljøskildring.

Vakkert og sjukt

I årets roman er ikkje landsbygda til stades anna enn som ein draum om å vende tilbake til foreldrehuset på Osterøy. Likevel er romanen skriven i kontrast til denne draumen hos eg-forteljaren Robert og søstera hans, Bjørg. Dei er knytte tett saman, så tett at ein meir enn anar eit incestuelt forhold, dei klamrar seg til kvarandre mens Bjørg lever, og etterpå klamrar forteljaren seg til draumen dei hadde saman om å reise tilbake.

Det er litt vakkert, og det er sjukt. Romanen handlar slik om forteljarens sjuke sinn og hans forhold til familien og omverda i to korte glimt med 10-12 års mellomrom.

I del ein møter vi forteljaren i Bergen. Vi følgjer han ein kveld og ei natt. Han har nettopp vendt tilbake etter eit langt fråvær. Det går ikkje så bra med han, men han prøver heile tida overfor broren og ei søster å gi inntrykk av at han greier seg, at det er like før alt ordnar seg, at han må få låne litt pengar av broren, at han må få overta huset på Osterøy, at han er i ferd med å reise seg etter å ha vore langt nede. Heile tida drikk han vatn, han et tablettar, han røyker, kjører drosje og stressar rundt i sitt eige tvangsmønster av kontrollerte rørsler, rituelle handlingar, vanemessig snakk, tomgang og stillstand, mangel på initiativ og framdrift. Stemninga er tett, konsentrert, sveitt. Alt kvernar rundt og rundt i eitt rom, i ein by, i eitt sinn.

Det er den samme uroa ein finn i dei tidlegare romanane til Haugland, men her uttrykt gjennom eit sjukt sinn som berre indirekte avslører seg gjennom samtaleemne, blikk, rørsler, minneglimt. Romanen gir eit overbevisande bilde av ein mann som prøver å halde avstand til seg sjølv og sin eigen drift mot undergang.

Kammerspel

I del to møter vi den samme forteljaren 10-12 år tidlegare. Igjen er tidsrommet avgrensa. Det er ettermiddag, det er gravferda til den tre år gamle ungen til søstera Bjørg. Kven som er faren får vi aldri vite, og det blir heller aldri stilt spørsmål rundt det, men det kan like gjerne vere forteljaren (broren) som ektemannen. Det usagte er ein del av denne familiens samværsform. I staden forskansar dei seg i ein omgangstone av trivielt snakk og oppbrotsstemning. Alle leitar etter ein sjanse til å reise seg og gå. Igjen gir Haugland ei oppvisning i sveitte familieforhold, og han viser kor vanskeleg det er å posere naturleg.

Romanen har inga løysing, ingen utgang. Han liknar eit kammerspel der ulike stemmer blir brote mot kvarandre i ein spiral som går nedover mot botnen av ei stor og djup einsemd, eit stort og djupt sakn hos forteljaren: saknet av hans eige liv. Med Heller har Tormod Haugland igjen vist at han er ein meister i fortetta stemningar og den klaustrofobiske rundgangen i stengte sinn.

Oddmund Hagen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |