Dag og Tid nr. 50, 11. desember 1997

Bøker:

Nasjonal Samling kring tru og tvil

Ingar Knudtsen har skrive roman om ein nazist, utan å seie noko om nazismen.

Ingar Knudtsen:
Ansiktet mot sola
Bladkompaniet

Her kjem ein roman frå NS-miljøet i heimbygda mi, Stangvika, og det var ikkje så lite som stader flest. Frå kontorglaset ser eg ned på Bondehuset, der Vidkun Quisling heldt tale medan tredveåra enno var harde. Pengane til Bondehuset kom frå Fredrik Bruseth, som hadde vorte mangemillionær under gullrushet i Klondike. «Gullkongen» gjekk inn i Nasjonal Samling, og tok fleire med seg. Han var ein ufarleg Bjørnson-nasjonalist som bikka over, seier somme i bygda. Men han måtte no ut med 375.000 kroner til statskassa da han vart dømt for landssvik i 1946.

Syn og segn

Sanninga om dette kjenner eg ikkje. Eg får ikkje veta ho i Ansiktet mot sola heller, men forfattaren Ingar Knudtsen brukar «Skarrakongen» (som han heiter i boka) til å føre lesaren inn i ei verd av nasjonal tru og tvil. Hovudpersonen er unge, polio-ramma Eirik Svarthammer. Han både trur og tvilar sterkare enn andre.

Spørsmålet blir kor tvilen og trua tek vegen. Trua tek han til aktiv innsats for NS og til Vinterkrigen. Tvilen reiser seg mot jødehatet, mot partikameratar og til sist mot sjølve «føraren» Quisling.

Eirik Svarthammer lever i ei ideologisert verd, der visjon og røyndom vasar seg inn i kvarandre. Forvirringa når klimaks på siste side, der Eirik vaknar den 9. april 1940, får høre nyheitene og straks vil ut i krigen mot den engelske okkupasjonsmakta.

Einbølte karar

Ansiktet mot sola er ei lettlesen bok. Det er både positivt og negativt. Du blir med på ferda, men du blir ikkje mykje klokare på Eirik Svarthammer, trass i – eller på grunn av – at forfattaren har ein hang til det overtydelege. Ingar Knudtsen er ein grundig og rutinert forfattar, som ikkje slurvar med den historiske ramma. Men av og til blir ramma så tydeleg at ho tek merksemda bort frå biletet. Alle desse tankane i kursiv verkar likeins.

Ansiktet mot sola er ei maskulin bok. Ikkje fordi mennene tenkjer tankar som menn alltid har tenkt, men fordi kvinnene er så snille og gode. Berre ei har dobbelt botn; ei framståande NS-kvinne. Så får Eirik prøvd tvil og tru også på henne. Og særleg på Helga, flyktningen frå Hitler-Tyskland som han håplaust politisk ukorrekt forelskar seg i.

Skikkeleg nazist

Eirik Svarthammer startar som tapar. Poliomyelitt har gjeve han ein øydelagd fot. Farsgarden blir selt på tvangsauksjon. «Skarrakongen» tek han til seg og blir ideologisk læremeister. Men også denne meisteren tapar glans; det blir ei frigjering å komma bort frå han, akkurat som det blir ei frigjering å amputere den lamme foten.

Den første delen av boka er best. Ungdommen Eirik er godt synleg. Sia blir han borte for meg, til guten frå Svart-hammaren dukkar fram att mot slutten av boka – utan læremeister, utan krykker.

Kor går han? Kva er sterkast av tvil og tru? Eg trur forfattaren planlegg fleire bøker for å gje oss svaret. Eg tippar at Eirik, etter eit moralsk oppgjer med «Skarrakongen» og seg sjølv, går inn i motstandsrørsla. Og eg fryktar at han møter Helga igjen etter krigen.

Eg veit ikkje om det blir fleire bøker, men denne boka får meg til å tenkje slik. Og slik er det eg tenkjer om denne boka: Ho er god underhaldning, men utforskar ikkje nasjonalismen. Ho gjev meg ikkje noko skikkeleg svar på korfor ein ungdom frå bygda blir nazist. Ingar Knudtsen hadde kanskje tronge ein skikkelegare nazist enn Eirik Svarthammer?

Svein Sæter

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |