Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997
Merethe Lindstrøm:
Historia som måtte forteljast
Bastøy 1915: Ubåtar, flyvåpen og motortorpedobåtar kjempa mot desperate smågutar væpna med lommeknivar, krokketkøller og gardsreiskapar. Merethe Lindstrøm har skrive "Stedfortrederen" , ein roman med utgangspunkt i historiske hendingar i barnevernet.
CECILIE N. SEINESS
13 år gamle Kai Christian likar ikkje stefaren sin. Han skulkar skulen, drikk seg full, stel pengar, og endar på Stenøy skolehjem, ein stad som minner om ein konsentrasjonsleir. På Stenøy skal løgna drivast ut av smågutar. Straffarbeid, lite mat, kulde, forbod mot å snakka saman og forbod mot å nytta eige namn er nokre av metodane som skal få "De sjelsfordervede" til å skjerpa seg.
Stenøy skolehjem er ei lett forkledd utgåve av Bastøy. Romanen byggjer delvis på verkelege hendingar på øya i ytre Oslofjord, der det frå 1898 låg et "skolehjem for forsømte gutter" . Handlinga i romanen er lagt til 1920-talet.
Kai Christian endar på Stenøy etter nokre uskuldige rampestrekar. Slik skal det òg ha vore på Bastøy. Det skulle ikkje alltid så mykje til før ulydige gutar vart staten sitt ansvar.
-- Gutar som kunne ha smitteeffekt eller dårleg innverknad på andre vart sende til Bastøy, seier Merete Lindstrøm.
Absurde straffemetodar
Romanen Stedfortrederen har to forteljarstemmer, Kai Christian og læraren Johannes Vidnes, som etter ei tid på Stenøy ser staden med nye auge og forstår at han må koma seg bort. Erkjenninga får han etter at gutane på skulen gjer opprør og rømmer frå den fengselliknande institusjonen, eit desperat rop om hjelp. Og flukta frå det umenneskelege tilværet botnar i ei verkeleg historie. Merethe Lindstrøm fekk ideen til romanen etter ein artikkel i Dagbladet som fortalde om eit "mytteri" på Bastøy. Til og med flyvåpenet vart tilkalla for å få gutane på plass.
-- Di meir eg las om Bastøy, di meir følte eg at eg måtte skriva noko. Det er interessant og skremmande korleis menneske i ein viss situasjon får sjanse til å utøva makt og gjer det, seier Lindstrøm.
Ho har nytta bladet "Norges barn og ungdom" og "Norsk skoleblad" frå 1920-åra for å finna ut meir om tilhøva og tenkjemåten i barnevernet på denne tida. Dessutan hadde ho god hjelp av ei augevitneskildring frå Bastøy, skriven av Haande -- eit pseudonym for ein av dei tidlegare bastøygutane.
-- Det sjokkerte meg at personalet på Bastøy gjekk inn for å forvirra gutane og gjera aktivitetane gutane vart sette til meiningslause. Opplæringa var langt frå oppbyggjeleg, seier Lindstrøm, og karakteriserer straffemetodane på Bastøy som "absurde" .
Gutane på Bastøy fekk dagskarakterar. Dersom dei hadde fått ein dårleg karakter ein dag, måtte dei forsvara det. Kunne dei ikkje forklara kvifor dei fekk dårleg karakter, fekk dei juling.
-- Eg ser med gru føre meg korleis gutane har stotra og stamma, seier Lindstrøm.
Boka skildrar tilhøve tidleg i dette hundreåret, men det gjer ikkje boka uaktuell, meiner ho.
-- Me har demokrati og trur at alt skjer på rett vis. Overgrep og avstraffingar skjer no òg, berre på andre måtar. Etter boka kom ut har eg fått fleire tilbakemeldingar frå folk som arbeider med barnevern. Dei seier at det skjer liknande overgrep i dag, men sjølvsagt i mykje mindre omfang.
Ein roman med grunnlag i historiske hendingar er ikkje så vanleg i litteraturen no for tida. Lindstrøm interesserer seg òg for å eksperimentera, finna grenser i språket og gå på oppdagingsferder i kva litteratur kan vera, men historia om Bastøy vart så påtrengjande at ho valde ein tradisjonell måte å skriva på.
-- Eg følte at dersom eg eksperimenterte meir med forma enn kva eg har gjort, så forsvann historia. For historia trur eg det er bra at eg har nytta ei tradisjonell form. I ettertid kunne eg kanskje ynskt at romanen var litt meir kompleks.
Tettpakka angst
Lindstrøm debuterte i 1983, berre 20 år gammal, med novellesamlinga Sexorcisten og andre fortellinger" . "280 sider tettpakket angst" skreiv Yngve E. Hansen i VG om debutsamlinga. 14 år seinare har ho eit ambivalent forhold til den litterære starten.
-- Eg tenkjer at slik var eg den gongen. Boka gav i alle fall sjølvtillit til å skriva meir.
Lindstrøm har vore påverka av nyare amerikansk litteratur, "dirty realism" , ei retning der forfattarane har vore mest opptekne av livets skuggesider, noko debutsamlinga ber tydeleg preg av.
-- Eg har kome litt over det no. Dei amerikanske forfattarane var ein måte å koma bort frå alle dei gode norske forfattarane på, seier Lindstrøm, som lenge hadde Torborg Nedreaas som førebilete.
-- Av novellistane har eg særskilt vore oppteken av Askildsen og Lønn. Dessutan Bjørg Vik, som eg tykkjer altfor ofte vert gløymt.
Etter den fyrste amerikansk-inspirerte novellesamlinga har Lindstrøm gjeve ut tre novellesamlingar til, og romanane Regnbarnas rike og Steinsamlere. Novellesamlingar og romanar som har hausta svært gode kritikkar. Oddmund Hagen skreiv i Dag og Tid at han tykte Lindstrøm fortente "eit gjennombrot" med romanen Steinsamlere.
Fortente ei stemme
Mange meldarar har peika på at stoffet hennar ikkje akkurat er lystig. "Er det noe som heter lykke i Merethe Lindstrøms verden, så sitter den langt inne" , skreiv Jo Ørjasæter i Nationen etter novellesamlinga "Kannibal-leken" .
Menneska ho skriv om er ofte einsame, lengtar etter noko eller nokon, har behov dei aldri har fått tilfredsstilt, avmaktskjensle, framandkjensle eller eit ynskje om å verta sett.
-- Meldarane skriv at bøkene mine er deprimerande. I byrjinga vart eg overraska over det, for eg skriv om det som interesserer meg. Men eg må innrømma at no kunne eg tenkja meg å skriva noko eg vert i godt humør av. Det tek på å arbeida med stoff som Bastøy-historia, men historia fortente ei stemme. Eg måtte berre skriva om det.
På spørsmål om ho tykkjer lengt etter tilhøyrsle, sakn og mangel på varme, som ho ofte skriv om, er uttrykk for hennar generasjon, må ho tenkja seg lenge om.
-- Eg trur alltid forfattarar har skrive om den mørke sida av samfunnet og menneskesinnet. Dessutan finst det mykje godt i vår tid, seier Lindstrøm.
Ho undrar seg over kva som skapar behovet for å uttrykkja seg.
-- Det kan vera så mange motiv for å skriva. Ein kan vera forelska i eigne tekstar eller i eigne vendingar. Å gå gjennom den kreative prosessen kan vera forlokkande. Men det er ikkje nok. Eg ynskjer det skal vera ei meining i det eg skriv som andre kan gripa fatt i. Lesaren treng ikkje følgja meg frå a til å, men eg ynskjer at lesaren skal gripa mi meining, seier Lindstrøm.
Vendepunkta
Det er dei augneblinkane då alt skiftar, når ein ser alt på eit anna vis, og mykje klårare, dei augneblinkane livet tek ein annan veg, Lindstrøm vil skildra.
-- Eg strevar etter å få lesaren til å sjå kor viktige slike augneblinkar er. Slike situasjonar i menneskelivet vert meir synlege når folk ikkje er heilt på topp. Skildrar ein eit tilvære der det skjer lite, kan detaljar vippa ein av pinnen, seier ho.
For Lindstrøm har tru på at ørsmå detaljar, gjerne etter lang tid, kan få eit menneske til å sjå at noko har endra seg. Mennesket har erkjent noko og utvikla seg. Og det er akkurat eit slikt vendepunkt ho meiner skjer med læraren Johannes i Stedfortrederen den dagen han forstår at han må koma seg vekk frå staden han tykkjer det kviler ei slik underleg stille over.
Gniten på tid
34 år gamle Merethe Lindstrøm er fødd i Bergen, men bur no i Oslo. I tillegg til å skriva har ho i ti år spelt gitar og sunge i ulike band, og vore meir oppteken av musikk enn av utdanning.
-- Dei gongene eg har byrja på Blindern for å studera, har eg med det same fått idear til nye bøker. Så har det ikkje vorte noko av studeringa.
Ho har følgt førelesingar i filosofi utan å ta eksamen, og etter kvart vert ho meir og meir gniten på tida. Bøkene og forfattarskapen er prioritert, ei rolle som endrar seg over tid. I byrjinga var det enkelt, tykte ho, då var det få som las henne og ho var lite kjend.
-- Etter kvart vert det forventa at eg som forfattar tek del i kulturdebatten og forklarer og gjev det eg har skrive ei meining. Eg var ikkje budd på det. Når fleire les det eg skriv, må eg tenkja over motiva for å skriva. Eg har alltid skrive for meg sjølv, fordi det har vore tilfredsstillande. Etter kvart trengjer det seg på at folk faktisk les det eg skriv, og eg må på nytt tenkja over motiva mine. Eg trur det til dømes kan vera farleg å skriva med ynske om gode mottakingar, seier Lindstrøm.
Lindstrøm tykkjer ikkje det er lett å snakka om bøkene sine. Det er ofte uforståeleg for henne korleis dei vert til. Og får ho eit altfor medvite forhold til kva det ho skriv tyder, er ho redd det kan øydeleggja noko.
-- Eg leitar i bøkene mine etter forklaringar på kvifor eg har skrive som eg har gjort. Ofte er det slik at eg først lenge etterpå forstår kvifor ei bok vart som ho vart.
Vekselbruk
Lindstrøm har tidlegare skrive noveller og romanar. Denne hausten har ho òg prøvd seg i ein ny sjanger, nemleg litteratur for barn. "Milli og den magiske kringlen" illustrert av Gro Hege Bergan.
-- Jon Fosse skreiv i ein artikkel at han ynskte å oppheva skiljet mellom barnebøker og andre bøker. Eg er samd i det. For meg var det ei utfordring å prøva å skriva for barn. Det er fint å driva vekselbruk mellom ulike typar bøker. Samstundes må eg innrømma at det er eit økonomisk spørsmål, seier Lindstrøm.
Men det er novellene som har vore mest tilfredsstillande for henne som forfattar. Å skriva noveller karakteriserer ho som å "drøyma at ein flyg" . Ein strevar med å ta av, og når ein flyg har teknikken alt å seie. Anten flyg ein ikkje, eller så landar ein ikkje i det heile.
-- Kjell Askildsen karakteriserte å skriva noveller som å fiska og prøva å halda fisken på kroken. Eg tykkjer det seier mykje om kva det vil seia å skriva noveller. Ei novelle kan plutseleg bli til når ein skriv, det er noko magisk ved det.
|