Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997

Leiar:
Smaksdom

Så vart Jack Erik Kjuus dømd. For den som har følgt ytringsfridomsdebatten og ordskiftet kring paragraf 135 a i straffelova dei siste åra, er dommen overraskande, men også lett å forklare.

Paragrafen har sove heller tungt dei 27 åra han har funnest i Straffelova, og Høgsterett har i dommar tidlegare sett han til sides til fordel for paragraf 100 i Grunnlova – paragrafen som grunnfestar ytringsfridommen.

Dette har naturleg nok ført til eit veksande krav om at rettsvesenet skal dra grensene for rasistiske ytringar. Mellom anna har dei organiserte antirasistane vore pådrivarar for å riste svevnen av paragraf 135 a. No har dei iallfall fått ein dom, men paragrafen blir heilt sikkert ikkje lettare å handtere etter dette, og det endelause maset frå antirasistar mot påtalemakt og domstolar kjem til å halde fram med same styrke etter Kjuus-dommen.

Kanskje er Kjuus-dommen – i svært snever og juridisk forstand – korrekt. Utsegnene i partiprogrammet til Hvit Valgallianse er grove, og kan naturlegvis oppfattast krenkjande av dei som ønskjer å ta mannen alvorleg. Men dommen viser også at vi har eit uklart lovverk – eit lovverk prega av manglande prinsippdebatt før lovvedtaka vart gjorde. Paragraf 135 a er uklar. Han opnar for synsing, for politisk korrekte, men prinsipielt galne dommar; han opnar for å undergrave det grunnleggjande prinsippet om ytringsfridom.

Ein av dei kvinnelege høgsterettsdommarane, Karenanne Gussgard, brukte jamvel moteomgrepet «etnisk reinsing» om partiprogrammet til Hvit Valgallianse. Det dempar ikkje inntrykket av at Kjuus-dommen er ein smaksdom, der fleirtalet i Høgsterett har valt å sjå vekk frå at paragraf 100 er til for å verne nettopp upopulære og «smaklause» politiske ytringar.

Kjuus-dommen er ikkje noko trugsmål mot presse og etermedia i Noreg. Ikkje trugar han vanleg politisk aktivitet, heller, og folk flest kan leva godt utan dei fordomsfulle gammalmannstankane hans Kjuus.

Kjuus-dommen trugar først og fremst prinsippet om ytringsfridom, og det er mykje, mykje alvorlegare. Dei einaste som eigentleg har vunne noko på høgsterettsdommen, er dei som ønskjer at den gode smak og det som til kvar tid er politisk korrekt, skal setja grenser for ytringsfridommen i Noreg. Det har definitivt ikkje vore siktemålet med paragraf 100 i Grunnlova.

Audun Skjervøy

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |