Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997
Bransjeavtale:
Bokleg terrorbalanse
Bokbransjen speler for tida høgt med framtida til bransjeavtalen. Erfaringar frå andre land gjev til dels dystre utsikter, dersom avtalen skulle bli fjerna.
Per Anders Todal
Tidleg i november sette bokhandlarar og forleggjarar seg til forhandlingsbordet for å prøve å få til ein ny bransjeavtale. Den gamle avtalen vart sagt opp av Forleggerforeningen i april, mellom anna fordi dei ønskjer seg auka konkurranse i distribusjonen av skulebøker. Forhandlingane skal i første omgang gå fram til jul. Om partane ikkje kjem fram til semje om skulebøkene, kan heile bransjeavtalen ryke, inkludert fastprisordninga på bøker.
Store konsekvensar
Den uvisse situasjonen i bokbransjen uroar mellom andre Trond Andreassen, formannen i Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening.
Frå andre land kjenner vi til kva konsekvensar det vil få dersom bransjeavtalen fell. Store forlag og bokhandlarkjeder vil styrke posisjonen sin, og distriktsbokhandlane vil falle bort. Vi vil få høgare prisar på dei fleste bøker, mindre satsing på smal litteratur, og fleire bestseljarar på tilbod, seier Trond Andreassen.
Han meiner det har skjedd ei dramatisk haldningsendring i bokbransjen på kort tid, særleg hos forleggjarane.
Da Konkurransetilsynet for eit par år sidan meinte at skule- og lærebøker burde takast ut av bransjeavtalen, åtvara Forleggerforeningen sterkt mot dette. Den gongen meinte dei at eit slikt steg ville vere øydeleggjande for avtaleverket, og føre til uheldige kulturpolitiske verknader. Ein kan jo lure på korleis det går an å snu så fort, seier Andreassen. Sjølv meiner han forklaringa ligg i kravet om større lønsemd.
Forleggjarane har argumentert med at bransjeavtalen ikkje lenger er god nok, fordi det har skjedd så mykje i bransjen dei siste åra. Det har kome ny teknologi, konkurranse frå utanlandske forlag og så vidare. Men dette er ting ein har hatt høve til å førebu seg på i fleire år. Da trur eg heller det er det dårlege boksalet i fjor som er årsaka.
Under ein konferanse i Oslo i oktober hevda Andreassen at økonomane sin tallogikk er i ferd med å fange inn bokbransjen. Men bøker er ikkje heilt som andre varer, meiner han.
Dersom forlaga ønskjer å oppretthalde statusen sin som kulturinstitusjonar, med dei stønadsordningane som omgjev litteraturen i dag, vil det undre meg dersom dei tek sjansen på å droppe bransjeavtalen.
Ikkje endra syn
Sindre Guldvog, formannen i Forleggerforeningen, er ikkje samd med Andreassen i at forleggjarane har endra syn på skulebokdistribusjonen.
Det vi påpeikte til Konkurransetilsynet for to år sidan, var at bransjeavtalen ville falle utan skulebøkene i den situasjonen vi var i. Men dette var ei situasjonsbestemt oppfatning frå vår side, seier Guldvog.
Den førre bransjeavtalen vart arbeidd fram under tidspress, og vi meinte alt da at avtalen trong ei større revurdering. Sidan da har dessutan situasjonen endra seg ved at vi har fått nye bokhandlarkjeder og fleire uorganiserte forlag inn på marknaden.
Er innteningskrava veksande i bokbransjen?
Det har eg ikkje noko særskilt syn på. Men det er ein bransje som er kjenneteikna av relativt låg lønsemd. Og lønsemda i dei tradisjonelle, breie forlaga er fallande.
Boksalet har gått betre i år enn i fjor. Gjer dette det lettare for forleggjarar og bokhandlarar å forhandle?
Slike tal vil vere prega av kortsiktige svingingar. Men båe partar gler seg sjølvsagt over eit auka boksal, seier Guldvog. Han ønskjer ikkje å seie noko om resultata av forhandlingane til no. Det vil heller ikkje Einar Einarsson, formannen i Bokhandlerforeningen. Men Einarsson stør Trond Andreassen si framstilling av situasjonen utan ein bransjeavtale.
Dersom vi endar opp utan ein avtale, får vi ein fullstendig liberalisert marknad og fri pris på bøker. Dette vil etter alt å dømme få alvorlege konsekvensar for distriktsbokhandlane. Vi vil få ei innsnevring av talet på titlar, og det vil verte store prisforskjellar på bestseljarar og smalare bøker.
Let bokhandlarane bransjeavtalen falle, dersom forleggjarane ikkje gjev etter på punktet om skulebøkene?
Det er det for tidleg å seie noko om, seier Einar Einarsson.
Europeiske erfaringar
Rundt i Europa vert bokmarknaden regulert i ulik grad og på ulike vis. I England braut bransjeavtalen «Net Book Agreement» saman for to år sidan. Økonomiprofessoren Francis Fishwick presenterte den engelske situasjonen på den norske bokbransjehøyringa i haust. Utviklinga i England hadde til no ikkje vore dramatisk, men Fishwick hadde registrert visse tendensar: Ein auke i gjennomsnittspris, færre titlar, og ei sterkare satsing på bestseljarane. I tillegg har store, amerikanske aktørar rykka inn på den engelske bokmarknaden. Dette skriv bokhandlarbladet Bok og Samfunn i referatet sitt frå bransjekonferansen.
Skrint i Sverige
Sverige gav opp bransjeavtalen sin alt tidleg på 70-talet, og spørsmålet om frie eller faste bokprisar er der lite aktuelt i dag. Kvar fjerde svenske kommune er i dag utan ein bokhandel. I det siste har situasjonen blitt forverra ved at fleire svenske kommunar kjøper skulebøker direkte frå forlaga, skriv Bok og Samfunn.
I Sverige førte frisleppet på bokmarknaden til den varsla utraderinga av distriktsbokhandlane, seier Trond Andreassen.
Bokhandlarnettet i Sverige er langt skrinnare enn her. Stort sett finn du ikkje bokhandlar i svenske byar med mindre enn 20.000 innbyggjarar. I bokhandelen i ein by som Karlstad finn du stort sett omsette, amerikanske eller engelske bestseljarar.
Trur på avtale
Andreassen har framleis tru på at forleggjarar og bokhandlarar vil kome fram til ein ny bransjeavtale.
Sjølv i EU, som er noko av ei liberalismens høgborg, vert boka sett på som ei spesiell vare. Det ville vore merkeleg om bokbransjen i Noreg skulle gje seg ut på ei fullstendig liberalisering, meiner Andreassen.
Sjølv om bransjeavtalen er ein overeinskomst mellom to partar og ikkje noko politisk pålegg, heng han òg saman med dei statlege stønadsordningane for bøker. Eg kan ikkje heilt tru at forleggjarane vil take sjansen på å tukle med dette. Det vil i så fall vere vanskeleg å kome attende for å verte redda, dersom det skulle gå gale.
1. mai neste år går den eksisterande avtalen ut. Innan den tid må bokhandlarar og forleggjarar kome fram til ein ny avtale, eller sleppe marknaden laus.
|