Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997
Bøker:
Lite nytt, tjue år etter
Eg synest ikkje boka har det vesle ekstra som gjer ho interessant å lesa uansett familiesituasjon, skriv Marte Mona om «Mille og den magiske kringlen».
Merethe Lindstrøm
Gro Hege Bergan:
Mille og den magiske kringlen
Aschehoug
I 1976 fekk eg ei bok i Bokklubbens barn som heiter «Akkurat passe stor», ei biletbok med tekst av svenske Kerstin Thorvall. Vi ser eit bilete av Sara på første side, og første kapittel har overskrifta «Sara fem år». Det byrjar slik: «Sara og Saras mor bor i en to-roms leilighet. Den er akkurat passe stor, for da har Sara og mor et rom hver, og så spiser de på kjøkkenet som er ganske stort.» På neste side er det eit bilete av mor og Sara som sit på eit koseleg kjøkken med blå gardiner, mor på høgre side, Sara på venstre. Dei et frukost, og begge har koppen opp til munnen.
I 1997 kjem det ut ei bok av Merethe Lindstrøm (tekst) og Gro Hege Bergan (illustrasjon) som heiter «Mille og den magiske kringlen». Den boka byrjar med eit bilete av Mille som huskar i ein hage/bakgard og teksten er slik: «Mille er fem år, snart seks. Hun bor sammen med mamma i et hus med flere etasjer.» Så blar vi om og finn bilete av Mille og mamma ved eit koseleg frukostbord med blårutete gardiner. Mille sit på venstre sida, mor på høgre sida av bordet. Begge har koppen/glaset opp til munnen. Tekst: «Og det er bare de to. Mille og mamma. I hvert fall har det vært sånn bestandig før.»
I begge bøkene opptrer far som ein litt fjern, men absolutt positiv figur som held kontakt med barnet sitt. Pappaen til Sara er bussjåfør. Pappaen til Mille er «løvetemmar» i ein dyrehage og bur i ein annan by.
Og så er det altså slik at i begge bøkene har mor ein kjærast, ein koseleg, klok og litt progressiv kar med ullgenser og strikkelue. Syttitalsutgåva har skjegg og plukkar sopp, mens kjærasten til mora til Mille er student og har vore ute i verda, heilt på andre sida av jordkloten og har lært seg å strikke av nokre damer som budde i telt. Kalotten er derfor sjølvstrikka.
I begge bøkene ser vi bilete av høvesvis Sara og Mille som tilskodarar til at mor og kjærasten omfamnar kvarandre, og i begge tilfelle er det svarte stikk av sjalusi før det heile løyser seg opp i noko positivt: Sara finn kantarellar som ho kan plukke saman med mor og kjærasten. Kjærasten til mora til Mille går og kjøper kinobillettar, slik at mor og Mille kan få aprikose seg, og alle tre kan gå på kino etterpå.
Eg skriv ikkje dette for å skulde Lindstrøm/Bergan for plagiat, men for å vise at vi her er inne i ein sjanger av barnebøker der det tydelegvis er lett å gå i opptrakka spor. Her handlar det om ein situasjon som svært mange barn opplever: Mor eller far får seg ny kjærast og barnet blir sjalu. Det pedagogisk rette er at barnet får spele ut sjalusien sin på ein eller annan måte (Sara spring og gøymer seg, Mille gir kjærasten ei kringle med hårspray på), og at dei fornuftige vaksne ser barnet og passar på å gje henne det ho treng (ei stund åleine med mor) og passar på at alle tre gjer noko saman (sopptur/kino).
Etter at Mille har fått kjærasten til å dåne av hårspraykringle, ser ho skrifta på veggen, lyfter seg opp frå den barnslege sjalusien og finn innsiktsfull ut at mamma er glad i kjærasten. «Kjæresten kommer visst til å bli en stund, og det er ikke mye Mille kan gjøre med det.» Ho har berre eit ørlite håp om at han kanskje går seg vill i byen og ikkje finn vegen tilbake.
Illustrasjonane til Gro Hege Bergan er varme og fargerike, Mille har nokre morosame, kanskje litt veslevaksne replikkar, som denne til kjærasten ein søndags morgon: «Har du ikke en egen seng og en egen mamma å sove hos?». Men kva så?
Eg greier ikkje å tolke boka «Mille og den magiske kringlen» på anna vis enn at det er ei bok som skal hjelpe vaksne og barn til å handtere ein situasjon som kan vera vanskeleg og konfliktfylt. Eg veit ikkje om det er noka hjelp for eit barn som er sjalu på nykjærasten til mor å lesa ei slik bok, det må kvar enkelt lesar avgjere, men for meg er tanken litt klam. Eg synest heller ikkje boka har det vesle ekstra som gjer ho interessant å lesa uansett familiesituasjon, for å seie det slik.
Marte Mona
|