Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997

Bøker:

Det sjølvtilfredse universet «Ikkje»

Dette er ei fin bok for dei som enda ein gong vil høyre om kor dumme dei slemme er, og kor slemme dei vonde er, skriv Atle Christiansen om «Ikkje» av Steffen Kverneland og Jan Erik Vold.

Jan Erik Vold og Steffen Kverneland:
IKKJE
Samlaget

Det Norske Samlaget har nå gitt ut ei skikkeleg medievennleg bok. Dei har gitt ut ei ordentleg krass bok, altså, ei slik ei med raljerande, usakleg og ufarleg kritikk av det norske samfunnet. Eg kallar det ei medievennleg bok, og eg går ut frå at alle kulturredaktørar har vore ute, eller kjem til å gå ut, for å intervjue folka som står bak boka. For dette er saftige varer, må vite. Boka er laga av Jan Erik Vold og Steffen Kverneland. Vold står for dikta; Kverneland for teikningane. Dikta er stort sett gamle, men her er også noen nye. Dei gamle er henta frå tidlegare diktbøker av Jan Erik Vold, og omsette til nynorsk av forfattaren sjølv. Boka har eit svart omslag. Namna til opphavsmennene står med kvite bokstavar øvst på framsida av boka. Under namna deira står det «IKKJE» i raudt, innramma i ein raud firkant, som om det er eit stempel. Under der igjen er det ei teikning av den norske riskløva. Frå øksa renn det raudt blod. Over hovudet har løva ei raud nisselue. Vi ser ikkje gullkrona som finst på den eigentlege riksløva. Er det ikkje anarkistisk? Er det ikkje kraftig vare? Er det ikkje opprørsk og samfunnskritisk?

Barnsleg

Denne boka er ei salig blanding av gode og dårlege dikt og råe og brutale teikningar, og eg synest det er ei heilt latterleg sjølvtilfreds, indignert og barnsleg bok. Og det er i grunnen synd at det er blitt slik. For Kverneland kan teikne, og Jan Erik Vold kan skrive dikt. Mange av dei dårlege leilighetstekstane til Vold har fått plass i boka. Og når sant skal seiast: Dikta blir ikkje betre av Kvernelands teikningar, dei blir heller verre. Teikningane til Kverneland har heller ikkje godt av dikta til Vold. Teikningane blir både brutale og absurdlatterlege, og det absurdlatterlege har noen gonger ein tendens til å verke meir ironiserande overfor dei «offera» Vold & Kverneland skal snakke godt for enn «fiendane» dei vil harselere over. Og så er det så tydeleg at teiknaren er ein nasegrus beundrar av poeten. Dermed blir teikningane lydige illustrasjonar til dikta.

Tolkingar av Norge

Kven er diktareget i dikta til Jan Erik Vold? I Kvernelands strek er det Jan Erik Vold sjølv, og det er like greitt. I «Møte med Gerhardsen» er det Jan Erik Vold som er den foruretta og moralsk anstendige som utspør Gerhardsen. Både tekst og teikningar er overdrivingar, og det er greitt nok. Dette er ikkje Norge. Dette er tolkinga Kverneland og Vold gjer av Norge. Overdrivingane deira er like mye ein karikatur av sjelslivet til Kverneland og Vold som det er ein karikatur av Norge og den elendige moralen vi finn der. Kverneland og Vold veltar seg i moralsk indignasjon, til dømes på side 19, der Kverneland har teikna det berømte bildet frå Vietnam der barna spring bort frå kuler og soldatar, mens Volds gamle dikt «Framlegg til USAs president» går slik: «Hei Johnsen/ eg har eit framlegg// om vi sluttar å skrive/ om Vietnam// vil du då halda opp å bomba i Vietnam». Som lesaren skjønner: Det er ikkje så nøye med aktualiteten i denne boka, berre den moralske indignasjonen er passeleg temperert, og berre lesaren aldri blir i tvil om kven som sit med den rette moralen og kven som er dei rike, vonde og slemme.

Vold & Kverneland representerer sjølvsagt dei fattige, gode og snille. Dei som skal arve jorda. Dei slemme i denne boka har ein tendens til å ha auge, nase og munn som liknar på Carl I Hagen. Så enkelt er det nemleg i dette indignasjonsuniverset.

Aggresjon

Dette er ei aggressiv bok, både i tekst og teikningar. Det finst ikkje humor og satire i denne boka, berre kald og uforsonleg aggresjon. Eg kunne kanskje ha kalla boka ei kult- eller undergrunnsbok, like mye som ei mediebok. Dette er ei fin bok for ungdommar og blitzarar, folk som ser verda i svart-kvitt, og som ikkje ønskjer å diskutere. Dette er ei fin bok for dei som enda ein gong vil høyre om kor dumme dei slemme er, og kor slemme dei vonde er, og kor rike dei er, eigentleg – sett frå Kverneland & Volds aggressive, men sjølvtilfredse synsstad.

Til slutt: Er eg moralsk indignert over denne aggressive boka? Kanskje det? Men eg seier det slik eg opplever det: Dette er eit sumpland av ei bok, ho er aggressiv og uforsonleg. Desse karane har stige ned i gjørma for å velte seg og glede seg i henne. Dei er ikkje ute etter å reinske og rydde opp. Dette er konfrontasjon. Det er gjørmebad. Ibsen sa det visstnok om Zola: Når han går ned i kloakken, er det ikkje for å reinske opp, men for å ta seg eit bad.

Atle Christiansen

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |