Dag og Tid nr. 49, 4. desember 1997

Haakon Dahlen:
Baudelaire på nynorsk

Det handlar om den mest lesne og mest fordømde diktsamlinga i verda, «Les Fleurs du Mal», av Charles Baudelaire.

OTTAR FYLLINGSNES

Den 21. juni kom samlinga ut i Paris, men det viste seg at fleire av dikta var for dristige for samtida. Avisa «Le Figaro» kalla boka «eit mareritt». Andre meinte det var rennesteinslyrikk. Baudelaire hadde krenkt alle moralske normer. Forfattaren vart stemna for retten. Boka vart kverrsett, og seks av dikta vart dømde for å vera utuktige. Baudelaire, som hadde fått 575 franc for diktsamlinga, vart dømd til å betale 300 franc i bot. Seinare gjorde keisarinne Eugénie om bota til 50 franc.

På norsk

Tidlegare har Sigmund Skard gjendikta nokre av dei seks «utuktige» dikta. No er alle omsette og samla mellom to permar, visstnok for første gong på norsk.

Det er den pensjonerte læraren Haakon Dahlen (84) frå Ski som har stått for omsetjinga. Medan andre har valt å setja om «Les Fleurs du Mal» med «Syndens blomster», omtalar Dahlen samlinga som «Det vondes blomar».

Den første delen, «Pariserbilete», med i alt 18 dikt, kom i fjor. Denne hausten kjem «Reisa og andre dikt» med 29 dikt. Vona er at den første delen av «Les Fleurs du Mal», «Spleen et Idéal», skal koma i gjendikting seinare.

Tabu-diktar

Mykje er endra på 140 år, men kanskje var det ikkje så rart at samtida reagerte på Baudelaires dikt. Dei handla både om lesbisk kjærleik, fetisjisme og masochisme. Eitt dikt om eit elskande par, er lagt til Lethe, som er det same som Hades.

– Men uansett er Baudelaire ein storslegen poet, meiner Dahlen.

– Han spenner over eit stort register. Ofte byrjar han i klassisk stil, men han er ein kunstnar og kombinerer det med det daglegdagse språket. På dette viset får poesien hans ein eigen valør. Dessutan byggjer han på kontrastar; det høgtidelege mot det trivielle, det stabile mot det flyktige, det immaterielle mot det materielle. Det er ein fast og klar poesi som er gjennomstrøymt av musikk, meiner omsetjaren.

Vondt og vakkert

Charles Baudelaires liv var tragisk. Han kom i konflikt med stefaren, og det enda med at dandyen vart umyndiggjort. Baudelaire kjempa både mot sjukdom og sjelelege kriser. I periodar var han narkotikamisbrukar, og den siste tida levde han på asyl.

– Baudelaire hadde fått katolsk oppseding, og denne tankegangen prega diktinga hans. Han trudde at arvesynda er nedlagd i menneska; at me er fødde vonde. Sjølv om verda og livet er i det vonde si makt, kan poeten visa at sjølv med det vonde er det noko vakkert, meinte Baudelaire.

Byrja med Rimbaud

Det var ein annonse frå Norsk Oversetterforening som medverka til at den pensjonerte læraren i Ski vart omsetjar. I 1989 utlyste foreininga ein konkurranse, og Dahlen vann med Arthur Rimbauds tekst «Ma Bohéme».

I 1994 gav han ut ei samling Rimbaud-tekstar på Aschehoug, og for dei fekk han strålande kritikkar. Etter dette bad forlaget «Bokvennen» han prøva seg på Baudelaire. Det gjorde Dahlen, men bokmålsbrukaren valde å bruka nynorsk.

– Eg hadde ikkje greidd å få det til på bokmål. Både norsk og fransk er rike på korte einstavingsord. I bokmål er det altfor mange tostavingsord. Dessutan har nynorsk både klangen og den store vokalrikdommen. Fransk og nynorsk er typisk verbale språk, meiner Haakon Dahlen.

Han fekk fleire positive meldingar av Baudelaire-boka som kom i fjor, men kritikaren i Klassekampen reagerte på at dikta var omsette til nynorsk.

«Når 'eg' og ikkje 'jeg' tar ordet midt i Paris, da tvinges vi til å tenke at 'eg' ikke er urban, at jeget i Baudelaires tekster er innflytter, jordbruker, profet, omreisende», heitte det i meldinga.

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |