Dag og Tid nr. 44, 30. oktober 1997
Språk:
Mediespråket meir demokratisk enn før
(NPK) Mediespråket i Noreg er betre enn ryktet sitt, meiner førsteamanuensis Thore Roksvold ved avdeling for journalistikk ved Høgskulen i Oslo.
Hegelin Waldal
Meir bruk av dialektar i etermedia har òg ført til at det offentlege rommet har vorte meir ope, og dette har styrkt demokratiet. Roksvold etterlyser eit ordskifte om mediespråk som dreier seg om meir enn berre skrivefeil.
Pressespråket her i landet er godt. Det har blitt enklare, klarare og meir variert, og inntrykket mitt er at det ikkje er så fullt av feil som ein vil ha det til, seier Roksvold.
Han meiner at den språklege kreativiteten i pressa er tydelegare i dag enn på 80-talet, og kommunikasjonen tydelegare enn på 70-talet. Ei årsak til dette er at det er blitt vanleg med dialektar i norske etermedium. Roksvold kallar det ei demokratisk nyvinning for Noreg.
Meir demokratisk
Dette har opna det offentlege rommet for fleire. Det viktigaste er at demokratiseringa har fjerna autoritetsangsten blant folk og i pressa. Demokratiseringa i pressa har gjeve folk større mot til å uttale seg, noko som formar pressespråket i positiv lei. Stilen er blitt meir utvungen, og pressa har fått eit breiare kjeldetilfang. Eg vil seie at fleire, og ikkje færre, deltek i det offentlege ordskiftet i dag, seier Roksvold.
Dette har også ført til at språket elles i pressa er mjuka opp. Stilen er blitt enklare, klarare og meir engasjerande på grunn av at den munnlege syntaksen har slege gjennom, seier han.
Også kravet til ein enkel og formidlande presentasjon har stimulert journalistar til å skrive så enkelt og forståeleg som mogleg.
Men har dette ført til at folk flest har fått eit betre språk?
Ja, det er heilt klart. Det har ført til at fleire tør å seie noko med språket sitt.
Roksvold meiner det er feil når ordskiftet om språket i media berre dreier seg om det ortografiske; rettskrivingsfeil, kommafeil, grammatikk og feil ordbruk.
Situasjonen i dag er at pressespråket er ortografisk feilfritt, men semantisk gale; ordtyding og assosiasjonar vert misbrukte. Mange har kopiert pressestilen til VG og Dagbladet, med fleire bilete og artiklar for å få merksemd. Ord vert brukte i andre samanhengar, og banalitetar vert verdsnyhende, seier han.
Språkrådet er oppteke av at nordmenn av og til nyttar engelske ord, og det er viktig å vere på vakt mot språkfeil, engelsk påverknad og utanlandske lånord. Men det er andre problem i pressespråket som er viktigare, seier han.
Språkrådet må vere med og diskutere om språket vert brukt rett. Det skal i dag ikkje mykje rot til før det er «KAOS», og folk skal heller ikkje vere så veldig usamde før det er «FULL KRIG». Det er semantisk feil. Vi er i ein situasjon med språkforsøpling då kan vi ikkje berre pirke på ortografien, seier han.
Desse markskrikerske verkemidla i avisoverskriftene øydelegg språket vårt. Det vert forflata, orda mistar kraft og opphavleg tyding.
Lær mediespråket
Då Roksvold held innlegg på Språkrådseminaret måndag, kom tidlegare styreleiar i Språkrådet, Else Marie Lønn, med eit hjartesukk om at det er for lita tid i skulen til å lære ungane godt språk og å lære dei korleis dei skal lese og forstå mediespråket.
Det er ingen tradisjon for slike praktiske språkøvingar innan norskfaget. Men vi bør spørje oss korleis vi kan øve oss til å bli meir kritiske overfor språkbruken vi møter, seier Roksvold.
Kanskje bør ein få meir tid i skulen til å arbeide med medietekstar, slik at vi lærer oss å vere kritiske til kjensleretorikken.
|