Dag og Tid nr. 44, 30. oktober 1997
Herbjørn Sørebø:
Dei dyre verdiane
Bondevikingane har bygd den koalisjonsregjeringa landet vårt nå blir styrt av på grunnlag av eit dokument der det blir lova at det skal setjast ned ein kommisjon «som skal drøfte hvordan det kan skapes en bred verdimessig og samfunnsmessig mobilisering». Både i måten å presentere seg på, og med lovnaden om dette konkrete tiltaket som ligg så godt til rette for politisk svada og tungetale både i mandat og resultat, men også for å halde kløftene av intoleranse opne er det gjort forsøk på å framstille Arbeidarparti-regjeringa som materialistisk innstilt i motsetnad til sentrumsregjeringa, som vil leggje større vekt på andre verdiar. Dette burde vel ha prega det dokumentet dei tre partia sette opp som grunnlag for koalisjonen, men det dei har tinga seg fram til, er større løyvingar til mange gode føremål, men utan å fortelje kvar dei vil skjere
ned. Med dette dokumentet står dei tre partia fram som meir materialistiske enn den regjeringa som har gått i opposisjon. Til dette kjem at det største av dei tre partia, Kristeleg Folkeparti, hadde kontantstøtte til foreldre med små barn som flaggsak i valkampen. Statsminister Kjell Magne Bondevik er teolog, så vi trong vel ikkje minne han om bibelordet om splinten og bjelken.
Dei tre partia rører nok ved ein streng som er i samklang med ei stemning i folket når dei skriv at «mange av de største utfordringene gjelder dekning av ikke-materialistiske behov». Folk er så trøytte og leie av å høyre om budsjettbalanse og faren for inflasjon, og folk flest oppdagar neppe mangelen på samsvar mellom retorikk og praktisk politikk når dei tre partia kritiserer Arbeidarpartiet for ei materialistisk innstilling, men bruker meir pengar sjølv for å kunne halde dei mange og dyre materialistiske lovnadene i valkampen. Dobbelmoralen møter ingen motstand i eit dobbelmoralsk folk.
Den beiske sanninga er at det i høg grad set materialistiske krav å imøtekomme ikkje-materialistiske behov. Får sentrumsregjeringa levedagar til å utarbeide eit framlegg til statsbudsjett frå grunnen av, skal nok utgiftskåte statsrådar få merke det. For dei som har parlamentarisk røynsle, kan ikkje det komme uventa. Lars Sponheim kan endå ein gong få oppleve å kjenne håra reise seg på hovudet når han ser korleis milliardane rullar. Thorbjørn Jagland fekk mykje kjeft for å setje utgiftene til ein operabygning opp mot einerom for dei gamle på institusjon, og den kjeften fortente han, men på denne måten fekk han fortalt at ei regjering ikkje kjem unna vanskelege prioriteringar. I alle regjeringar knivar statsrådane om pengar, og i ein koalisjon vil alle partia markere seg kvar for seg med påplussingar til sine hjartesaker. Det kan bli harde tak for finansminister Gudmund
Restad. I regjeringa kan han minne om at i valkampen lova Kjell Magne Bondevik å passe godt på pengane. Det var i ordskiftet etter at Lars Sponheim hadde fortalt om håra som reiste seg på hovudet hans under budsjettarbeidet.
Nå kan det godt hende at regjeringa kan bruke meir pengar enn økonomane trur utan at det fører til inflasjon. Økonomane kan ta feil. Likevel er det klart at det må haldast att, og at det blir vanskeleg å innfri dei feite lovnadene. Skal det lykkast å halde milliardkarusellen under kontroll, må finansministeren iallfall ha ein støttespelar. Det er statsministeren. Kjell Magne Bondevik veit nok det.
Det er ikkje alle politikarar som finn seg særleg godt til rette i regjeringsposisjon. Av natur er dei alltid i opposisjon. Det er mange døme på at politikarar som har vore både kvasse og pågåande i opposisjon, har vorte atterhaldne og milde når dei kom i den situasjonen at dei skulle forsvare regjeringa og kritisere opposisjonen. Slike folk trengst, men maktskifte og rolleskifte har ei god side: Det er politisk oppsedande både for politikarar og veljarar.
|