Dag og Tid nr. 44, 30. oktober 1997
Barnebøker:
Lovande barneboksal
Det kan gå mot ein kraftig auke i salet av barne- og ungdomsbøker dette året. Held tendensen seg, kan auken verta på 50 millionar kroner.
OTTAR FYLLINGSNES
Ved utgangen av september registrerte Den norske Forleggerforening eit sal av barne- og ungdomsbøker som var 17 prosent høgare enn på same tid i fjor. Både forlagsfolk og forfattarar undrar seg på kva som ligg bak denne auken.
Direktør Paul Røthe i Den norske Forleggerforeing forsikrar at tala byggjer på det same som dei har gjort før; dei innrapporterte salstala frå forlaga som er med i forleggjarforeininga.
Aschehoug-suksess
Aschehoug har hatt ein omsetningsauke på 30 prosent i salet av barne- og ungdomsbøker så langt i år.
Kva er årsaka til denne kraftige auken?
Eg veit ikkje, seier redaksjonssjef Irja Thorenfeldt.
Ho viser til at den største delen av boksalet skjer i siste delen av året, og at det enno er relativt små salstal. Salstala kan berre i liten grad knytast til nye utgjevingar.
Thorenfeldt vedgår at Aschehoug har gjort det svært godt på barnebøkene dei siste åra. Jostein Gaarders «Sofies verden» har ført til «voldsomme år» for Aschehoug, men Thorenfeldt avviser at omsetningsauken på 30 prosent i år har særleg med salet av denne boka å gjera.
Sakprosa
Tala frå forleggjarforeininga viser at sakprosa for barn har hatt den største salsauken med 38 prosent.
Thorenfeldt fortel at Aschehoug har satsa lite på denne sjangeren. På lista har forlaget 25 nye titlar for barn og ungdom denne hausten, og det er om lag som normalt. I Aschehoug er det voner om at fleire barne- og ungdomsbokforfattarar skal koma i store opplag. Klaus Hagerups førre bok om Markus selde om lag 28.000 eksemplar, og forventningane er store til «Markus og jentene». Thorenfeldt reknar med at fleire bøker kjem til å selja i meir enn 5000 eksemplar; som til dømes den store boka med Asbjørnsen og Moes eventyr. Arne Berggren kan også nå slike tal, og kanskje også den Brage-nominerte Harald Rosenløw Eeg.
Reknar du med at Aschehoug har 30 prosent auke i salet av barne- og ungdomsbøker når året er omme også?
Me har budsjettert svært optimistisk fram til jul. Så langt ser det svært godt ut!
Sel betre
Heller ikkje Randi Aarvik, som er direktør for barne- og ungdomsbøker i Cappelen, kan forklara kva som ligg bak omsetnadsauken på 17 prosent.
I Cappelen er me godt nøgde med salet så langt. På generelt grunnlag verkar det som om alle titlar sel betre enn dei gjorde i fjor, men me kan ikkje visa til ein auke på 20 prosent. Enno veit me ikkje korleis Reform 97 og innkjøpet av tilleggslitteratur til skulane har påverka innkjøpsmønsteret gjennom året. Me merkar ein auke i salet av faktabøker, dette gjeld både tilleggslitteratur til skular og det som vert kjøpt inn til skulebibliotek. Innkjøpsordninga for faktabøker har ført til at me har investert i fleire slike bøker enn tidlegare, og det har gjeve bra utteljing.
I fjor vart Cappelen slått saman med barnebokforlaget Bonnier Carlsen, og kjem i år med 85 nye titlar. Om lag halvparten av desse er norske. Talet på faktabøker har lege på tre-fire, men er i år meir enn dobla.
Randi Aarvik reknar med at fleire barne- og ungdomsbøker kjem til å selja meir enn 5000. Blant desse nemner ho Minken Fosheims «Eventyret om Beethoven», Tove Nilsens «Hvordan en gris kan bli til mer enn en mus» og Siv Grøstads «Vikinger». Denne boka baserer seg på «turistmarknaden», men ho har vorte svært godt motteken i skulen.
Skepsis
Per Olav Kaldestad er leiar i NBU, foreininga for norske barne- og ungdomsbokforfattarar, men han har ikkje noko forklaring på kva som løyner seg bak auken i salstala. Førebels har han ikkje fått tilbakemeldingar frå forfattarar som har merka særleg auke i boksalet.
Mitt inntrykk er ikkje at det er særleg betring i salet. Det hadde vore gledeleg om det var slik, men eg trur ikkje at den nye norsk samtidslitteraturen for barn og unge viser ein særleg auke i salet. Hadde samtidslitteraturen selt vesentleg betre, ville nok forfattarane våre ha merka at Bokklubbens Barn hadde vore meir interessert i samtidslitteratur enn dei er. Frå bokklubben har me til dømes fått i klartekst at dei er heilt uinteresserte i å gje ut nynorske barnebøker som hovudbøker. Dei vil ikkje skuffa foreldra, seier dei.
Ein vekkjar?
Direktør Paul Røthe i forleggjarforeininga vel å sjå nøkternt på auken på 17 prosent. Meir enn halvparten av boksalet skjer i dei tre siste månadene av året. Med dette vesle atterhaldet i mente, synest han det er svært gledeleg at norske barne- og ungdomsbøker sel så bra. Han viser til ei lesarundersøking frå tidlegare i år som viste ein nedgang i leseinteressa.
Kanskje var undersøkinga ein vekkjar for foreldre og skulefolk. Me har i alle fall sett at politikarane har vorte interesserte i denne problemstillinga. Noko av det siste Turid Birkeland gjorde før ho forlet statsrådstolen var å lansera 1999 som «lesingas år». Dessutan har Åse Kleveland gått i brodden i eit krafttak for lesinga. Mange har retta blikket mot at barn og unge sluttar å lesa. I Danmark har dei registrert den same tendensen i fleire år, før det no i år er registrert 11 prosent stigning i boksalet. Danmark var tidleg ute med fleire fjernsynskanalar, internett og pc-dekning. Kanskje viser den nye undersøkinga at boka har kome meir i fokus att, seier Røthe.
Salet
Vert auken på 17 prosent når året er omme?
Det er vel optimistisk, men me vonar på eit lyft i høve til i fjor, seier Røthe. Han reknar med at forlaga som er knytte til forleggjarforeininga, sel barne- og ungdomsbøker for om lag 150 millionar kroner netto i året. Det svarar til om lag 250 millionar i forbrukarkroner. I tillegg kjem salet frå bokklubbar og forlag som ikkje er medlemmer. Til saman vert det kjøpt barne og ungdomsbøker for om lag 300 millionar kroner. Ein vekst på 17 prosent inneber dermed ein auke i salet på vel 50 millionar kroner.
|