Dag og Tid nr. 44, 30. oktober 1997

Bøker:
Gledesspreiar frå Hagerup

«Markus og jentene» er stor litteratur i lommeformat, meiner Asger Albjerg.

Klaus Hagerup:
Markus og jentene
Aschehoug


Dette er ei bok ein ler seg gjennom og vert glad for å lesa. Det er første galdt eintydig også forgjengaren Markus og Diana, med undertittelen Lyset fra Sirius.

Men ikkje uvilkårleg det siste, for Markus og Diana slutta med eit alvorleg problem for Markus, den feigaste guten i verda, som var redd for alt, men aller mest redd for å vera Markus. For ganske visst – i dei siste linene i boka vedkjende han seg identiteten sin: «Det er eg som er Markus», men han gjorde det under eit oppdikta namn i eit brev, som neppe ville verta sendt.

Smertefull tilstand

Markus var autografjeger. Like sikker som han var i rolla til autografjegeren, like usikker var han i høve til sin eigen. Visst var han i somme samanhengar Markus Simonsen, til dagleg Marken, men i andre samanhengar, og spesielt saman med jenter, var han heilt ved sida av seg sjølv. Det vil seia ein annan, som fanst i ei rolle han dikta og dikta seg inn i, til dømes millionæren og fjellvandraren Markus Simonsen.

For mytomanen Markus på 13 vart livet såleis som ei teaterframsyning med han sjølv i hovudrolla, og ofte med bestevenen Sigmund som instruktør.

Denne distansen mellom eg-et, forstått som borgarleg identitet med namn og adresse i folkeregisteret, og eg-et i ulike fantasifulle roller, er karakteristisk for pubertetsungdom.

Men ulikt dei fantasiar og rolleleikar, som høyrer barndommen til, er denne tilstanden ved overgangen frå reint barn til ungdom smertefull. Han vert møtt med mistru, hån og fordømming frå omverda, som ventar seg at den veksande alt er nådd fram til eit vakse, det vil seia eit eintydig haldbart, verkeleg sjølv.

Men tenk om det haldbare og røyndommen ikkje finst, dersom det me ser, registrerer vitskapleg og opplever med kjenslene våre ikkje er verkeleg, berre eit gjenskin frå røyndommen. Som i tilfellet Sirius, der det som me ser klart som Sirius, er lys som har vore undervegs i åtte år og no berre viser seg å vera eit gjenskin av ein røyndom som ein gong var!

Her veit ein ikkje kva ein skal tru, så her vert det plass til fiksjon, leik, teater. I desse formene finst ein tryggleik mot det store kaoset. Her kan ulike røyndomar utprøvast i form av rollespel. Dei kan framstillast til bruk i augneblinken, eller vera kjøpt ferdige i rollespelbutikkar. Eller dei kan finnast i bøker som teatermanuskript, der notidas menneske kan finna modellar og ord for kjenslene sine.

I «Markus og Diana» var Sigmund astrofysikar in spe, som i denne samanhengen er nesten det same som å vona på at ein får driva med kimærar. I «Markus og jentene» er han komen nærare røyndommen. Han vil vera skodespelar, og som skodespelar vil han koma til å spelar roller som er ein del av røyndommen, så sant litteraturen er det.

Også Markus er på ein måte kome både Markus og røyndommen nærare: I «Markus og Diana» var han mytoman, og dermed var han som oftast ute av seg sjølv, av di han var inne i ein annan. I «Markus og jentene» har han gått frå draumejenta i Hollywood til alle jentene i sin eigen skuleklasse, sømeleg nok etter kvarandre. Dermed fryktar han å ha vorte «nymfoman», ei frykt som ikkje byggjer på djupare kroppsleg erfaring.

Tvert om, er ein freista til å seia. For samstundes med at han er svært tiltrekt av jenter, vert han gripen av ein namnlaus skrekk for kvart steg som kan bringa han nærare den attrådde. Den no 14-årige Markus er, som sin svenske bror Bert, på kanten av grensa til dei første seksuelle røynslene. Men medan Bert sjølv styrer dit og når lengre enn Markus, skal sistnemnde nærast skubbast.

Dei eineståande populære, svenske bøkene om Bert, av paret Anders Jacobsson og Sören Olsson, har med rette vorte framheva for å setja fokus på kjenslelivet til gutar. Markus-bøkene gjer det same, men i ei meir gjennomkomponert form, som også gjev plass til kjenslene til den kvinnelege motparten.

Dessutan set Klaus Hagerup det rasande omskiftelege kjenslelivet til dei unge hovudpersonane i relasjon til ein psykologisk truverdig parallelhistorie om dei vaksne si søking etter kjærleik. Det gjev også eit langt historisk perspektiv gjennom bruken av blant anna Goethe og Shakespeare. Med dette fortel han indirekte dei unge at dei slett ikkje er dei første og einaste i verda med desse underlege driftene mot ei forløysing som dei berre anar seg til.

Vegen til kysset

Så langt når Markus ikkje, men han får no lært seg å kyssa. Bokstavleg talt: Lært det!

Og etter denne lærdommen får han endeleg kyst den han brenn etter å kyssa, men det er slett ikkje ho, som med edle tankar, underviste han i kyssekunsten.

Når «Drømmen var blitt virkelighet. Kysset var kysset», er romanen slutt etter ei handling som beint fram er ei utgreiing om den lange vegen fram til kysset.

Men enkel var den vegen ikkje! Blant anna har Markus måtta spela denne rolla, Romeo i Shakespeares tragedie, som har kunna gjera han synleg for den elska og meir enn noko anna vist han vegen til seg sjølv.

Samstundes er der lagt opp til eit framhald, som – dersom det vert fortald – nødvendigvis må verta ei heilt anna historie.

Markus og jentene er i si form svært lite episk. Det meste vert uttrykt i replikkskifte. Ofte tangerer dei det absurde som fjernar det svulstige og sentimentale frå det høgspente innhaldet i dramaet. I staden vert patos og komikk blanda i skildringa av kjærleikskarusellen, der det heile ikkje berre virvlar rundt, men går som i ei «ustoppelig berg- og dalbane. Opp og ned, fra sorg til glede og hat til kjærlighet».

«Ja, sa Markus. – Er det ikke typisk. Jeg var forelska i Ellen Christine, og så blei hun foreska i deg (dvs. i Sigmund), og så slo du opp, men da var jeg ikke forelska i henne lenger, fordi jeg er forska i Mona, som er forelska i deg, men som ikke du er forelska i.»

Omdreiingspunktet for intrigane i siste halvdelen av boka, er Markus' uvilkårlege talent for å leva seg inn i andre personar, om det no er klokkaren frå Notre Dame, eller Brad Pitt i rolla som Tristan i filmen «Lidenskapens pris». Mona og Ellen Christine er hjelparane, og inspirasjonen kjem frå Sigmund. Som Olsen i filmane om Olsenbanden, har han alltid ein plan.

For vaksne og barn

I valet av form har den teaterkyndige Klaus Hagerup sikkert hatt eit skeivt blikk til Holberg og klassisismen og jakta på klarleik og orden i samsvar med dei klassiske mønstra. Men på innhaldssida brukar han ein av slagerane i den romantiske kjærleiken, Shakespeares Romeo og Julie, som han gjer til reiskap for intrigemakarane. Dei stiftar ein teaterklubb med det eine føremålet å setja opp stykket med Markus som Romeo og Alexandra som Julie.

På fleire plan resulterer det i ei romantisk førestelling om det umogelege i kjærleiken. Ikkje berre den sedvanlege, som viser seg når ein tek tragedien på ordet, men også sett i høve til det faktum at den attrådde Alexandra får halsbetennelse. Ho misser stemma og dermed evna til å spela Julie nettopp i den augneblinken Markus har manna seg opp til å verta den personen som er føremålet med heile seansen; ein kysselysten Romeo.

Forteljinga om dei fire venene sine freistnader hamnar verken i farse eller sentimentalitet, sjølv om tårene ofte haglar, og det er mykje plass til parodi og det morosame. I den fine balansegangen mellom klassiske mønster og romantiske førestellingar skaper Klaus Hagerup ein roman for vaksne og barn om den vanskelege kjærleiken med den humoren, alvoret, fiendskapen, vennskapen, lidenskapen og kalkulasjon som er i den. Men aldri likesæle.

Kva som er bak lyset frå Sirius, veit me ingenting om. Kanskje er det beint fram det me ser. Det fullkomne finst som ei ideell førestelling. Det er berre å realisera den. No! For det er no me lever!
Asger Albjerg

© Dag og Tid

 

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER


| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |