Dag og Tid nr. 32, 7. august 1997

Leiar:
Draumen og dritlukta

I helga opptredde dei på heilt ulike arenaer. Den eine via seg til dritlukta, den andre til draumen. Kjell Inge Røkke på Oslofjorden. Anne Enger Lahnstein på Rjukan.

Sp-leiaren vedgår at ho kjempar tungt for tida, men under valkampopninga stod partileiaren fram med fine ord både frå Gandhi, Martin Luther King og Elie Wiesel, alt medan ho drøymde om ei rørsle som skal reisa seg og visa veg inn i eit nytt årtusen.

Eg har ein draum, sa Senterparti-leiaren. Kanskje kunne ho like godt sagt eit mareritt. For på Oslofjorden gjekk Ola Dunk mann av huse for å sola seg i røyken og dritlukta frå milliardærane.

Alt tyder på at Senterpartiet kjem til å gjera eit sørgjeleg stortingsval. Ein tredel av stortingsgruppa kan gå tapt. Berre eit under kan endra særleg mykje på dette.

På Rjukan vende Lahnstein tilbake til draumen om "annleislandet" , slik ho gjorde under og etter EU-kampen. Den gongen vart Sp-leiaren tvinga til å parkera nettopp dette ordet. Ho greidde rett og slett ikkje å gje det innhald. Difor er det overraskande at Lahnstein hentar det fram på nytt. På Rjukan torna Lahnstein mot marknadsliberalismen, nedlegginga av postkontor og grådigheitskulturen.

Frå Oslofjorden torna ein heilt annan bodskap utover både fjord og folk. Der vart den nye jappetida demonstrert for alt folket. Frå Oslofjorden synleggjorde Røkke & co at "annleislandet" er søkt i havet for lang tid framover.

Tidlegare Høgre-ordførar, Albert Nordengen, var vonbroten over Røkkes låge støynivå, men signaleffekten var tydeleg over heile landet. Det var symptomatisk at ein måtte sjå langt etter demonstrantane. Verken på Aker Brygge eller på fjorden var det meir enn ei handfull av dei. På tafatt vis sa dei nei til brød, sirkus og misbruk av den rotfesta retten til ferdsel på sjøen.

Den kolossale interessa for båtracet i Oslofjorden er etter alt å døma eit sterkt uttrykk for både tidsånda og den komande valvinden i hovudstaden. Det kan synast som om signala frå Kjell Inge Røkke har vorte viktigare for store delar av det norske folk enn det som kjem frå Anne Inger Lahnstein. Når nesten halve hovudstaden hyllar ein mann som driv eit kynisk rovfiske på verdshava og som har profittjakta som si sterkaste drivkraft, burde det vera gode grunnar til å ta eit tak for alt det politiske daudkjøtet som meiner noko anna.
Ottar Fyllingsnes

© Dag og Tid

Ivar Aasen-almanakken -- Forfattaraviser
BESTILL HER

| Førstesida av denne utgåva | Abonnement | Arkiv | Lysingar |
| Butikk | Bladstova | Nett no |