Dag og Tid nr. 15, 10. april 1997
Musikk:
Tøft nok
To sterke plater frå kvar si grein av det norske rocketreet.
Locomotives
Spin
RCA
Ym:stammen
Guden i steinen
Grappa
Locomotives har levert ein knalldebut med plata Spin. Dette hardtslåande oslobandet har varma opp med to sterke single-slepp før denne utgjevinga, og har for lengst fått publikum og kritikarar på si side. No beviser desse tog-frelste karane at dei har fleire godsaker på lur i si ambulerande musikalske trillevogn.
Tett kraftrock
Spin er ei plate full av tett kraftrock, kontant avlevert. Plata rasar vidare til neste stasjon før lyttaren rekk å gå av. Særleg nyskapande er ikkje plata, men tøff, tøff, tøff.
Med sin velprøvde og tilbakeskodande stil, er Locomotives like fullt uhyre trendy. Alle veit at gamle riff skrudd saman på nye måtar og servert av unge, friske krefter sjeldan kan gå heilt gale. Akkurat no er denne sanninga meir gyldig enn nokon gong. Trendbarometra peiker rett i Locomotives lei. Grønsjy rock med klister-refreng er så desidert tidas melodi.
I tetgruppa
Og Locomotives har det som skal til for å kome heilt opp i tetgruppa i denne sjangeren. Barske låter har dei nok av. Mind, Flintstone og det jagande tittelkuttet er best, med dei andre låtene på plata ikkje så langt etter. Once I loved og Rose viser at bandet også har grep om dei obligatoriske kvilepuls-låtene.
Locomotives spelar tett og drivande, og leverer sakene i eit lydbilde som vanskeleg kan få anna enn merkelappen feitt. Gitar og trommer fyller opp rommet, med den feitaste basslyden som er å oppdrive i Nord-Europa som bindeledd. På toppen snerrar og syng vokalist Hans Jørgen (ingen på plata står fram med etternamn) med passe arrogant mine, bles litt i munnspelet innimellom, og reddar seg fint i land med avgrensa stemme-ressursar.
Spin er eit løft for Locomotives, og ein knallstart på karrieren. Her er det bare å kaste seg på bakarste vogn.
Norrøn & roll
Ym:stammen er langt frå debutantar. Dei har halde på med sin sære norrøn & roll i 13 år allereie, men har først med den nye plata Guden i steinen levert noko som bør ha sjansar utover den frelste heidningekrinsen rundt gruppa.
Guden i steinen er ei god og variert plate. Når ein blandar norrøne kvad og messande refreng med soul, funk og reggea, og instrumenterer låtene med det ein kan finne av snåle instrument, blir sjølvsagt resultatet sært. Men det blir sært på ein sjarmerande måte.
Der Ym:stammen tidlegare har verka strenge og humørlause, er dei på denne plata leikande og i godt pop-lune. Vokalist Trygve Mathi kan aldri bli nokon stor crooner, men hans særprega, stakkato stemmebruk passar forbløffande godt til dei tidvis svært catchy låtane.
Produksjonen er varm og luftig, og gir rom for rare innfall og snikande melodilinjer. Ei låt som Store Aleksander har klart hit-potensiale, og refrenget på tittelsporet har høg allsongfaktor i blot for eit kvart høve.
Odin
Tekstane til Ym:stammen er like sære som musikken. Her kjem høgstemt livsvisdom arm i arm med pussige formuleringar og steingamle sanningar. Det er ikkje overflod av norske tekstar som tar parti for Odin, Tor og dei karane der, og ingen har vondt av ein dose heidenskap i ei tid med mykje tvil og tru.
Tekstane er i alle høve langt frå lettbeinte. Det er ikkje kvardagskost å få servert sanningar som at sannheten er subjektiv/ og påstår den er objektiv/ er det faktisk subjektivt det og over eit coolt bossa nova-komp. Slike latinamerikanske utskeiingar var nok ikkje kvardagskost i heiden tid, heller, vil eg tru.
Ym:stammen er ein tidsmaskin i norsk rock. No har dei omsider fått smørt motoren slik at dei kan ta ut det beste frå to tidsepokar.
Jan Swensson
|